mandag 31. mars 2014

Mikroeventyr i laurdagsrushet: Kunstnarmønstring, elveidyll og klatrepark

Steffen bloggar:

Mikroeventyr på mikroføter på mikronivå!
Du kan like godt merkje deg ordet med ein gong, eller kanskje du alt har høyrt det brukt? - MIKROEVENTYR

Det er briten og eventyraren Alastair Humphreys som smidde til uttrykket i 2011. For han inneber Microadventures småturar med ei varigheit på frå  under 1 døgn til nokre få dagar; gjerne med grensesprengjande og heilt nye opplevingar innbakt.

For nokon kan dette dreie seg om å liggje i telt for fyrste gong. For andre kan det vere å tore å gå ut på kanten på eit stup og sjå rett ned i avgrunnen.

For andre - som for meg som far og grasenkjemann med ungane  våre i 4 dagar fram til søndagen - dreidde det seg om å gjere turlivet enkelt for oss tre desse dagane: For ut ville vi alle tre, det var vi samde om - vêret var aldeles strålande - og ingrediensane barna introduserte for ein vellukka aktivitet, var overkomlege: God is, inspeksjon av Torsheim-hunden som dei så langt berre hadde sett frå bilvindauget dei mange gongane vi har passert Kunstnarsenteret i Førde - og så få leike i tauverket i klatreparken på utstillingsplassen. Og elles ta det heile som det kom.  Korkje meir eller mindre denne laurdagen!

Vårens første IS er eit faktum! Mikro-eventyret er i gong!
Slik vart nokre timars byvandring i Førde og bruk av dei fine, grøne lungene langs elva Jølstra, vårt lokale Mikroeventyr...  Kortreist gåtur på asfalt og grasslette - spontane opplevingar (så som ender som landa rett framfor auga til Bendik Matias og Sanna Oliva ved elvebreidda, og ein fotball som vart spent på "pøyla" og måtte reddast på land av oss for ein tåresprengd gut som hadde vore uheldig med høgrefoten på ballen) - viste seg snart å vere fullt på høgde med godt planlagde turar, trøyttande langt borte frå eigen bustad...

Turruta for mikroeventyret: Turen gjekk frå benkane ut for Førde torg - vidare strake vegen austover Naustdalsvegen og forbi hunden til Torsheimen med den iaugefallande Gordiske knuten på ryggen - over gangbrua ved elva sør for Sparebankbygget - kunstpause på steinbenken like ned for brukaret - og like ved i parken fekk vi helse på Torsheimen i eigenperson; statuen av han stod freidig og naturtru og gav dei små både spørsmål og svar - for så å ende ferda i klatreparken ved utstillingsplassen.  Dette var turen, tur-retur! Ingen spesielle tureffektar er påkravd! God tid og godt humør heldt i massevis! 

Nokre glimt frå det kortreiste, men storslagne, MIKROEVENTYRET vårt:

Gatelangs Naustdalsvegen gav høve til inspeksjon av og imitering av hunden til Torsheimen,
på veggen på Kunstnarsenteret.

Elvelangs på fint lagt stein

Gakk-gakk  på nært hald, på benken sør for Sparebanken. Det nye rådhuset vakkert til midt imot!

Det bur ein kunstnarspire i oss alle.
 Kunstnarleg mot, er nærliggjande å seie!


Bendik Matias - fri som fuglen, godt  med omrøme i parken, livet framfor seg!





 Ta deg eit mikroeventyr du og - 
det er betre med 10 mikroeventyr enn
 0 ikkje-realiserte storeventyr!   

mandag 24. mars 2014

Appelsinvêr, ja - men vintersleg på Hornnesstølen og Klumpen

Steffen Ben bloggar:

Reine påskestemninga openberra seg over Sunnfjord i løpet av dagen i dag; etter dagar med vinter og regn - om kvarandre. Og godveret skal vare vèd, skal vi tru meteorologane. Men er dei til å stole på...?  


To bjørker  på Hornnesstølen i solskin og vårlengt i dag
Og har vêret kondis til å stå løpet ut?; eg meiner, det er trass alt tre veker att til påske... Og med dei kjempemeldingane vi har for den komande veka, så kan det nok røyne på tal godversdagar avsett til påske, enn seie for sommarferien!!! 

På jobben er det dessutan ein kollega som stadig minner oss på at summen av godversdagar gjennom året er konstant. Underforstått, kvar godversdag vi har no, kan - og skal - trekkjast frå talet godversdagar ein då har att resten av året. Kva då med haustferien...?

Moralen for mitt vedkomande kokte i dag ned til eit ord eg har for meg sjølve; ikkje vent til i morgon med å nyte det du kan nyte i dag

Det enkle valet fall på Hornnesstølen, opp frå huset der vi bur, og kanskje like til nyevarden på Klumpen, om det ikkje var kome for mykje djup nysnø då.... Og valet om å dra medan det enno var høglys og sola stod høgt på himmelen, gav sanneleg uttelling.

For, i dag ville eg strekkje meg etter sola, ja, etter sjølvaste livet... 

Vêrvarsel for dagen i dag, 24. mars - og 8 dagar frametter.
"Jaudå, ser  gjenne ikkje så utoleleg ut, ditta..."













Eitt einsleg spor på stølsvollen, attgrodd av nysnø, og som misste motet i bakken like ovanfor selet. Der stoppa det!
Vedkomande kom seg ikkje på Klumpen, men det gjorde eg, trass i knehøgt med snø. Og vel så det.

Hafstadfjellet (705 moh) midt imot.
 Blå himmel så langt auga rekk. Og nykverna salt i framgrunnen.



Kong vinter rår, også austover mot Førdenipa
Kaffikos både her og der på turen min i dag

Ser kort og greit ut, siste stykket opp mot Klumpen.
 Men mengda av nykomen snø bedreg både auge og vårkondis....


Einsleg  vandrar vel oppe på Klumpen. 
Krokut her og i vàter der!


søndag 23. mars 2014

"Gje den guten ein stav!" - Elvelangs i klassisk stil!


"Gje den guten ein stav!" - og han legg av gårde i skikkeleg Oddvar Brå - stil!
På forrige søndags skitur på Mostien, fann vi ut at stavar er noko som tydelegvis set fart på beina til 3-åringen vår - både med og utan ski! På laurdagens turutflukt tok vi derfor med skistavane - sjølv om snøen for lengst har regna vekk.

Det vart stor suksess: Sjeldan har Bendik Matias lagt av gårde i ein slik fart - sjølv Oddvar Brå ville hatt problem med å følgje han her.....! Og ikkje ein einaste gong høyrde vi sutring over at han var sliten!

Turmålet var elvelangs ved elvane Anga og Jølstra i Førde - her har vi gått nokre gonger, og turskildring finn du blant anna i innlegget "Då bobla sprakk..." frå våren 2013. Farmor og farfar var også med på tur. Lettskya og opplett, med ei sol som nesten trengte seg gjennom skylaget - var det ein tur som vitna om at våren er på veg - trass i noko snøfall siste veka!


Vi starta turen ved bygget til Høgskulen i Sogn og Fjordane. Fin gangveg nedover langs elva.

Ein merkestein for elveforebygging - og til nysgjerrig utforsking for små sjeler!


Hindringar er til for å forserast! Med litt hjelp kjem alle seg over. 


Bendik Matias leiar an - i god klassisk stil!

Bendik Matias har funne noko spennande i elva - peikar og fortel.
Førde sentralsjukehus i bakgrunnen. 


Lunsjen vart som vanleg inntatt i ei av fiskehyttene. 

To gode vener - storesøster og lillebror!




"Kven er det som tramper på mi bru?"
Spanande å gå under nye brua på Vie.
Buss-skuret ved sentralsjukehuset gjev mogelegheit for å ta ferdig innramma bilete!
Vi har ikkje meir moro enn vi lagar sjølv :)


søndag 16. mars 2014

Hæ........Snø??????

Klar for skitur - blide og glade barn - og foreldre!

To par barneauge stirra overraska ut vindauget søndag morgon:
"Det er jo komt snø, jo!" utbryt Sanna Oliva
Bendik Matias på 3 år står lenge og kikkar,
nærast som han ikkje heilt skjønar kva han ser. 
"Snø - kva er det liksom?" ser det ut som han tenkjer.
Ikkje så lett å hugse forrige vinter når ein er så liten, 
og i år har det jo vore knapt vore snø. 

Sjølv om vi no er veeeeldig klar for at det blir vår og etterkvart sommar, så fann vi ut at vi nesten måtte la dei små få nytte sjansen til å teste skia litt. Dei har berre vore prøvd ein gong før i vinter. Snøbyene var allereie i ferd med å gå over til regn, og YR.no lova meir regn utover dagen, så her var det berre å hive i seg frukosten, smøre nista, pakke sekken, finne fram skia og akebretta og dra på tur. 

Som sagt, så gjort! Turen gjekk til velkjende Mostien og Museumstølen. Her kunne ungane gå på ski bortover skogsvegen, ake litt i bakkane på Museumstølen og vi kunne i tillegg leite etter geocachen som vi endå ikkje har funne på stølen. Det vil seie: 1/2 av familien har funne den - den mannlege halvparten - men vi jentene hadde endå til gode å kunne loggføre funn av geocachen "Mostien".


To små barn på skitur langs småstien. 


Litt knall og fall høyrer med!


Framme med stølen - det sluddar stadig meir

Dei små har allereie skjønt at skia skal setjast opp til veggen når vi tar pause!
Før vi sette oss ned for å ete, gjekk vi på leiting etter geocach'en. Mennene fekk ikkje lov til å seie noko - vi jentene skulle finne ut av det på eiga hand! Vi har tidlegare leitt på måfå, utan kart, men med app'en på mobilen vart det atskilleg lettare. Ein cache med ein artig og overraskande vri - say no more....
Bendik Matias feiar for eiga dør!

Det vart våtare og våtare i været - då var det godt å ete nista si under tak!



Klar for retur - alle er framleis blide og nøgde!


Takk for i år, kjære Kong Vinter! 
Den vart stutt, men flott :)

No helsar vi våren velkomen!