onsdag 5. februar 2014

Tur-selfie med ny vri!

Tur-Selfie frå Erdalstølen

Selfies-bilete er in i tida! 
Alle legg ut Selfies av seg sjølv,
til og med statsministeren og Obama! 

Tur-selfies er også blitt ein hit. 
Ja, det er nesten sånn at turen ikkje har skjedd om den ikkje er delt i sosiale media, 
står det i artikkelen "Lei av tur-selfies"? som har vore publisert i ei rekkje aviser. 

Eg skal ærleg innrømme at eg ikkje er særleg fan av slike Selfies!
Ikkje fordi eg er lei av at folk dokumenterer bilete av seg sjølv og det dei gjer, 
(for det må dei gjerne gjere!)
men har du nokon gong sett eit Selfie-bilete som er FINT?

Sjå føre deg at du står på ein flott fjelltopp og skal ta bilete av deg sjølv,
du strekkjer armen så langt fram som du overhodet klarar 
for å få kameraet lengst mogeleg vekk frå fjeset ditt,
så du ikkje skal vere klistra til skjermen,
og for at alle 5 i reisefølget skal kome inn på same biletet....
Blir det særleg fint???? 
Neeeeeiiii, svært sjeldan. 

Men eit artig bilete blir det jo gjerne :)
Og så får det heller våge seg at alle små og store skavankar viser ekstra godt på slike bilete:
"Oisann - der hadde eg visst litt restar frå sjokoladen i munnviken!"
"Åhhh, den lille kvisa på nasa var veldig lekker!"

Og ein kjem heller ikkje vekk frå det faktum at slike bilete får mange "likes" på sosiale media! 

Om du ser etter i bloggen vår, 
så finn du mange bilete frå turane våre, 
men få (eller ingen?) skikkelege Selfies-bilete. 
Nokre bilete tatt med sjølvutløysar på kameraet vårt har vi jo, 
men få "Selfies".
Og grunnen til dette har eg kanskje fått formidla i teksten over......

Men ein må jo henge med i tida, 
sjølvsagt må vi produsere Selfies-bilete....
Eg funderte litt på korleis eg skulle få til eit Selfie-bilete eg kunne vere komfortabel med,
(for sååååå glad i meg sjølv og eigen utsjånad er eg ikkje....)
og no har eg funne den perfekte løysinga: 

Her er min tur-selfies med ny vri - 
 som viser meg sjølv utan at alle skavankar vert for tydelege! 
Sjeldan har eg fått så mykje merksemd for eit bilete som nettopp dette: 

Tur-Selfie med ny vri - tatt på Skudalstølen laurdag
Dette biletet vart det mange "likes" av!
Og som naboen skreiv til meg: 
"Tøft bilete, Liv Janne - og ferdig innramma!"

Så slik blir mine Selfies-bilete heretter! 
Like it or not!



2 kommentarer:

  1. He he he! Må no smile litt også. Selfie blir d litt av, også fra mi side... :-S følte meg litt truffet. På tur med lillemann har eg kun mobil, og kamera og stativ har eg aldri plass til. Så selfie av meg med lillemann på ryggen, har det nok dessverre blitt noken av. Og da er eg ikkje spesielt glad i mitt eget utseende heller, tvert i mot, men har blitt så gammel at eg har slått meg til ro med at det er slik eg ser ut: fregner, rynker, rød i toppen av sliten, lua på snei, lillemann på ryggen, men vi er som regel i meeeeget godt humør ;))

    SvarSlett
  2. Flott vri på selfiesen det der! :) Elles veldig einig i synspunkta, FINE er det sjeldan dei vert.

    SvarSlett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!