Vi har nett presentert dei 10 beste vaksen-turane for 2013, men vi har også plukka ut dei 10 beste turopplevingane med borna våre i 2013. Også her er det mange flotte turmål, men sjølvsagt ikkje like lange turmål. Den samla turopplevinga knytt til vær, stemning, kva vi gjorde osb. har vore avgjerande for kva turar vi har plukka ut. Klikk deg inn på dei einskilde turane for å lese meir om dei.
2) Mefjellstien - Sognefjellet
Vi var framleis på ferietur, og hadde bevegd oss opp på Sognefjellet. Med lita skrift i ei brosjyre las vi tilfeldigvis om Mefjellstien. Søkte etter informasjon på nettet, men der var lite å finne. Vi fann likevel startspunktet for turen, og der var det også sett opp informative tavler. Vandring frå varde til varde med utsikt mot Smørstabbreen og Smørstabbtindane i Jotunheimen - kan det bli vakrare? Ein ypparleg tur for små føter og mykje å oppdage undervegs for nysgjerrige små.
3) Kjerringhalsen fyr - Bremanger
Bubilhelga vår i Bremanger med mange flotte turar - deriblant ut til Kjerringhalsen fyr. Ein rusletur på Bremanger si utside - med havet rett på!
Slett ingen fjelltur, men tvert om ein rusletur på vegar med liten ferdsel. Ein og annan bil køyrer ein sjeldan gong forbi, men her får du stort sett gå i fred - forbi små bygdesamfunn og langs spegelblanke vatn. Med Osen og Osøyra som endepunkt for turen - ei "hemmeleg" perle - naturskjønn og fredeleg. Nistekos, leik og latter, vandring i fjøra, plukking av blomster, vasking av blåskjell... Tida sto stille. For ei stund.
Vi er tilbake til sommarferieturen og dei flotte sommardagane vi hadde då. DNT-hytter er alltid kjekke å besøke, og vi er alltid på leit etter passande dagsturmål til slike hytter saman med våre to små. Navarsete er ei slik hytte. Etter eit par kilometers gange er du framme, på idyllisk stølsvoll med flotte stølshus. Ei stor fin hytte, der vi gjerne kjem tilbake for overnatting. Høgdepunktet på turen var bading i kulpen nedanfor fossen - minuset var alle kleggbitta...
Nokre annonser i lokalavisa minte oss på at helleristningane i Ausevika kunne vere ein flott turaktivitet med ungane. Tanke vart til handling ein søndag i juli. Feltet er nyleg oppdatert med plattformer for publikum, parkeringsplass, flott sanitæranlegg og tilrettelagde gangvegar. For dei to små var det spanande å sjå på teikningane i berga - kva skal dette forestille skal tru?
Sjeldan føler vi oss så små som når vi går mellom høge og ville fjell! Nettopp dette gjer du når du går innover Langedalen inst i Stardalen i Jølster. Derfor er denne turen også spesiell. Det er kjekt å kunne gå OPP på toppane, men like kjekt kan det vere å gå nede og sjå opp på dei i staden. Fin og roleg familietur utan særleg stigning, men omgjeven av det beste norsk natur kan by på!
Oktobersøndag, sol, blå himmel og familietur - "Sunday shines for you". DNT-hytta som så altfor sjeldan får overnattingsgjestar - overraskande nok, der den ligg vakkert til mellom lett tilgjengelege, nære fjelltoppar som har utsikt over vakre Dalsfjorden. Kort veg frå parkering til hytte - om lag 1 km - er lik perfekt for barnefamiliar! Dagstur denne gongen, men ungane har plukka ut kva seng dei skal liggje i - neste gong!
10) Fyrlykta på Fureneset - Fjaler
Vi har ein fascinasjon for å besøke fyrlykter, og derfor vart det to slike turar med på denne topp-lista. Denne gongen skulle vi til fyrlykta på Fureneset, ytterst i Dalsfjorden. Terrenget er ypparleg for å ta med små ungar på utforskartur: Dyrka flater, små berg og lyngheier pregar landskapet. Utsikta er fenomenal i alle retningar, trass i at vi går mest i flomålet. Ikkje minst er utsikta vestover mot Alden og Bulandet fenomenal!
Og vil du mimre tilbake til 2012 - så finn du topp 10 - turane med borna frå dette året, her.
Dette var ei kjempefin oppsummering av turåret med barna! Alle desse plassane er eit stykke frå der vi bur, men kanskje vi skal legge ferieplanane i desse områda ein gong? Takk for at du inspirerer! :)
SvarSlettJa, her er mange gode tips frå ulike stader. Luster har jo mykje flott å by på - og er jo ikkje heilt ulikt Hardanger med fjord og fjell ;).
Slett