torsdag 6. februar 2014

Mot Steinkorsen i den blå timen!


Mobilfoto: Flott lys og vakre skyformasjonar over Kringlevatnet i den blå timen - framleis skimtar vi så vidt Sælastølane

Den blå timen,
skumringstimen
- og vi er på veg mot Steinkorsen (765 moh) i Naustdal.

Vakkert lys,
fred og ro,
berre to sjeler på veg,
oppover og oppover,
på lettgått føre,
til fots i februar,
mot eit kjent og kjært turmål. 

Takk, Steinkorsen, for nok ei god turoppleving,
på veg opp til deg!

Første støl - Kringlestølen 520 moh - er nådd. Det byrjar å skumrast.
Berre 10 minutt seinare - på Mallasvikstølen - har det allereie blitt mykje mørkare.

Og vel framme på Steinkorsen var det blitt mørkt.
I fjor på denne tida gjekk vi fleire turar på Steinkorsen,
men då var det atskilleg meir snø, 
og vi gjekk på truger i strålande vintersol.
Nokre av desse kan du lese om her og her.

1 kommentar:

  1. Hva skulle vi gjort uten hodelykt, tenker jeg. Dere er jammen ivrige på å komme dere ut. Det er noe med å gripe dagen. Her går vi på ski, foreløpig bare i lysløypa. Det har vært så grått og så mye vind på fjellet. Men sola må da vise seg igjen?

    God helg!

    Klem fra Ingunn

    SvarSlett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!