onsdag 19. februar 2014

Mot Flatanipa via Hovlandstølen og Nipevatnet


For ein dag - for eit vær! 
Sol frå skyfri himmel som speglar seg i kvit vintersnø!
Dette har vi vel knapt opplevd før i vinter, 
så sjølvsagt måtte vi ut på tur!
Spesielt sidan værvarselet for dei neste dagane viser alt anna enn sol....
Og turen starta i Eikefjorden i Flora kommune. 

Nøgd vandrar: Fjelltur, sol, snø
- og sjølvsagt med OL-hua på :)

Vi hadde planlagt dagens turområde før det siste snøfallet, og hadde tenkt å gå til fots relativt høgt til fjells. Det hadde nemleg gått an for nokre dagar sidan - men så kom det snø.... Ja, ja, det får bli som det blir tenkte vi - det blir fottur på oss uansett, og så kjem vi så langt som vi kjem. Og fottur blei det: Vi kom kanskje ikkje fullt så høgt som vi hadde tenkt, men vi kom oss definitivt opp i høgda, og over 1 mil til fots i snøen, er tungt nok det :) 



Startstaden var Eikefjord i Flora kommune - første mål var Hovlandstølen. Der er det skogsveg og stor utfart, så der gjekk det veldig greitt å gå. Vi traff på 6-7 damer som kunne fortelje at dei hadde gått opp veg til Nipevatnet, og det var vi veldig glade for! (Tusen takk!) Vi blei spart for ein del krefter ved at dei hadde bana veg for oss. Etter ein kort rast ved Nipevatnet, fann vi ut at vi skulle prøve til vidare i retning Flatanipa. Då måtte vi gå opp vegen sjølv, og det var atskilleg tyngre. Men det skugga ikkje over for gleda over å vere på tur - i strålande sol og vintersnø - finnast det noko vakrare?

Vi bana veg mot Flatanipa

Vi har gått ulike ruter i området tidlegare, og den mest spesielle opplevinga var Nipenatt som vi deltok på sommaren 2011. I dette innlegget finn du også link til turskildringar for dei ulike turane i området (www.eikefjord.net). Her er mange turmogelegheiter og stiar som er godt merka, så det er berre å dra på tur!

Her er nokre (mange...) glimt frå dagens turoppleving: 

Hovlandstølen speglar seg i tidleg ettermiddagssol

På brua etter Hovlandstølen med kurs for Nipevatnet



Vi skimtar Blånipa (1061 moh) i bakgrunnen - der skulle vi gjerne vore i dag, men "to much snow"

Ein liten pause ved Nipevatnet på 702 moh.

På veg mot Flatanipa får vi flott utsikt mot fjella i nordvest - vi ser m.a. Terdalskeipen og Haukånipa

Dei 3 flotte fjella i Ålfoten på rekkje og rad frå venstre: Keipen, Plogen og Saga

Utsikt nordvestover med del av Nordalsfjorden midt i biletet
Vi ser Blånipa på returen frå Flatanipa - Nipevatnet i forgrunnen. 







Framleis sol på Hovlandstølen då vi var på returen. 


Og på veg ned att fekk vi gleda av å nyte ein vakker solnedgang! 

13 kommentarer:

  1. Svar
    1. Takk! Kjekt at stakk innom bloggen og la igjen ein kommentar :)

      Slett
  2. Har sagt det før men du tar utrolig flotte bilder!!! :))

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for det, Jill! På denne turen var det litt arbeidsdeling, men Steffen - skal nok ein gong - ha æra for dei fleste :)

      Slett
  3. Fantastisk vakre bilete som inspirerer til både turgåing og fotografering! :)

    SvarSlett
  4. Flotte bilde! Snøgåing er kjempetungt så dette var ein imponerande tur! :)

    SvarSlett
  5. Ser ut som ein herleg tur. Bilda er som vanleg nydelege :-)

    SvarSlett
  6. Kjempe fine bilder fra en flott tur. Så kjekt å ha muligheten å komme seg ut på tur når det er strålende sol og vintersnø - helt enig, det finnes ikke mye som er vakrere ;-) Og fin lue!

    SvarSlett
  7. Takk for hyggjelege kommentarar alle saman! Gjev inspirasjon til nye innlegg :)

    SvarSlett
  8. Nydelige bilder fra en flott tur!! :)) Det var mer snø der enn jeg trodde, men det stopper ikke sprekinger fra Førde ^_^ Fantastisk vær den dagen :D

    SvarSlett
  9. Så inderlig herlige bilder med super vinterfølelse! Blir rett snøsjuk av dette innlegget. Synd at alt no blæs og regner vekk i denne stund. Virker som en flott tur dokke hadde den dagen, noke å sjå tilbake på i desse triste værdager ;)

    SvarSlett
  10. Per Endestad, Eikefjord.5. mars 2014 kl. 06:52

    Hei.
    Dette var flotte bilder og beskrivelse av mitt favoritt tur område.

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for det! Eikefjorden har mange flotte turar som ein kan gjere korte eller lange alt etter kva ein vil og har tid til. Dessutan er det jo godt merka for oss som ikkje er direkte lokalkjende :)

      Slett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!