torsdag 27. februar 2014

Førde - sett frå ein "ny" vinkel!


Litt av Førde sett frå Skålefjellet. Vi ser deler av Slåttebakkane, Kvernberget og Hogane. Hafstadfjellet i bakgrunnen.
Endeleg vart det min tur - 
til å gå på to fjelltoppar eg har sett på, og tenkt på, lenge! 
Skålefjellet (732 moh) og Espenipa (751 moh), 
med start frå Erdalsdalen.
Artig å sjå Førde frå ein uvant vinkel! 

Steffen har vore der nokre gonger, 
og førte an oppover bakkane
(som han alltid gjer!). 

Ettermiddagstur - 
ut å lufte "vetet" etter kontordagens slutt. 
Definitivt noko vi bør gjere oftare!
Og vi rakk det før det vart mørkt, 
endå vi ikkje var nede ved bilen før klokka nesten var 18.30. 
Det går mot VÅR

Steffen har skrive eit flott innlegg om dagens turmål tidlegare,
det finn du her
Der ligg også ruteskildring. 
Så i dag nøyer vi oss med nokre få bilete: 

Du stig raskt og bratt oppover i starten, og får fin utsikt ned att i Erdalen



På vegen oppover passerer vi Klopstadstølen. Det er ikkje så mykje som minner om vinter, akkurat!



Belønninga på toppen av Skålefjellet er flott utsikt utover Førdefjorden.

Ved varden på Espenipa (751 moh) ser du rett ned i Åsedalen i Naustdal

4 kommentarer:

  1. Artig å lese om denne turen, har nettopp snakka om at denne skulle vore prøvd til helga:)
    Elles mange gode turtips og gode turbeskrivelsar med bilete på bloggen:) Frida

    SvarSlett
  2. Takk for hyggjeleg kommentar! Det gjekk veldig fint å gå denne turen no, så den kan absolutt prøvast i helga :) Vindfullt på toppen, men slik er det vel alle stader for tida.

    SvarSlett
  3. Hei! Har tenkt å gå denne turen i morgon. Veldig bra beskrivelse. Super blogg. Jorunn

    SvarSlett
  4. Kjempe fin beskrivelse og flotte bilder, fikk lyst å gå denne turen :)

    SvarSlett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!