lørdag 15. februar 2014

Erdalsdalen - Førdsnipa - Skyttarkvia

I dag var dagen komen til å prøve ei heilt ny rute til Førdenipa; frå aust i Erdalsdalen. Tidlegare ein gong gjekk vi opp midt i Erdalsdalen, og følgde linja som går over fjellet og ned vest for Skeistølen, og frå ranen austover til Nipa.

I dag parkerte vi bilen inst i Erdalsdalen og følgde traktorvegen austover i retning Erdalsstølane. Vèl oppe på høgda, der traktorvegen flatar ut, tok vi så av frå traktorvegen og gjekk aust for ranen som ligg i retning mot deg der du går, og gjekk så austanfor denne oppover i retning ryggen godt vest for sjølve varden på Førdsnipa.
Frå ranen vest for varden på Førdsnipa var det  fint lys å kvile auga på i retning  Lisje- og Storehesten.
Vi gjekk lenge i berr frosen myr, men kom etter kvart opp i snø. Det siste snøfallet hadde fòkka opp ein del snø som låg i fjellsida opp mot ryggen vest for varden - og det var nok tyngre å nå Nipa i dag, enn dei førre turane vi har hatt hit på etterjulsvinteren. Men, men - vi er trass alt i medio februar i snaue 900 meters høgde. Vinden jobba ufortrødent også i dag, så det var å skrive seg i boka på varden (ei veke sidan her var folk sist, folkens!), knipse nokre raske bilete, og så følgje same vegen vestover ryggen. 

For å variere ruta, og for å komme meir i ly av vinden, fann vi å ville gå ned på sørsida av Nipa, i retning Førde. Først ned til Flatastølen, der vi vart bedt inn i hytta til Bjørn Høyvik, som nyss var komen opp på dagstur. 
Foto i retning aust, mot Førdenipa. Erdalsdalen, der vi kom opp frå,
 ned i venstre biletkant
Så vidare ned mot Lægestølen; og her var det glatt i marka, du! Stien var fylt av vatn som hadde frose, frå kring 550 moh til 400 moh, så her måtte vi trø nennsamt. På Lægjestølen kunne vi konstatere at det hadde vore folksamt sidan nyttår - heile 160 personar har skrive seg i boka på stølen sidan nyttår; vitnar om lite snø!

Vel attende i Skyttarkvia på barndoms tomter ordna vi oss med skyss attende til Erdalsdalen og så heim for laurdagskos! Ali i alt ein fin-fin tur; knappe 8 km å gå! Kan anbefalst å gå - særleg i sommarhalvåret.



Vårkledd Fossen-gard og Kleiva i Erdalsdalen. 

Varden på Førdsnipa, med opptakt til  vinterprakt!
På Flatastølen var det folk i dag - Høyviken var i arbeid!
Natur møter kultur!
Førde rådhus i helgestasen sin!

6 kommentarer:

  1. Herleg turrapport, og svært flotte bilete! No fekk eg lyst til å gå på topptur. Vi har mange flotte fjell å gå i her i Odda.

    SvarSlett
    Svar
    1. Topptur til fots er jo uvanleg på denne tida av året, men no har det kome ein del snø siste døgnet, så no spørs det om skia må takast i bruk. Ja, Odda - og Hardanger - har mange flotte fjell å by på. Vi har mange turmål der vi kunne tenkt oss, og Trolltunga står jo sjølvsagt på den lista :)

      Slett
  2. Litt uvant med fottur i februar, men det er manges slags føre i dette landet vårt. Flotte bilder som alltid hos deg! Her har vi mengder med snø, men nå er den kram, og jeg har smøreproblemer som ekspertene i Sotsji. I dag ble det tur på beina etter gangveien.

    Ha en fortsatt fin søndag!

    Klem fra Ingunn

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, fottur i februar er ikkje vanleg. Har kome litt snø her også no, men det spørs jo om den blir liggande. Har vore ein rar (men fin) vinter her på Vestlandet.

      Slett
  3. Så fin tur! :) Og veldig fine bilder også! Toppturer i så lite snø er veldig uvant ja, men vinteren kjem nok snart med full styrke, og skal vel ligge ut til mai som hevn :-S

    SvarSlett
    Svar
    1. Reknar med de har fått litt vinter også no, slik som oss ;)

      Slett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!