fredag 3. januar 2014

Topp 2013-turar på Instagram

På menyen på høgre sida på bloggen, har eg lagt ut bilete frå Instagram-kontoen min. Den vert primært nytta når vi er på tur/ute i naturen, så der kan du også følgje med på turaktivitetar som vi ikkje rekk å blogge om.

Eg fekk tilsendt ein video over dei 5 mest likte Instagram-øyeblikka i 2013, og tenkte å dele den med dykk:


Og vart du nysgjerring på kva turar dette faktisk var, så har eg blogginnlegg frå alle desse:  
4 stølar i eitt jafs (Grimsetstølen)
Haustdans ved Huldefossen
Mor og dotter på tur med hodelykt
Å få auga opp for Storehesten
Små menneske blant store fjell - Langedalen i Stardalen (Jølster)

Følg meg gjerne på Instragram du også: @livjbell

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!