torsdag 30. januar 2014

Topp 10: Fjellturar 2013 - vaksne

Turåret 2014 er godt i gong, og vi er allereie snart ferdige med januar månad. Dei fleste har for lengst slutta å seie "Godt nyttår" og har gjort sine oppsummeringar og kavalkadar for året 2013. Og akkurat når du trudde du var ferdig med nettopp det - ja, då kjem vi med vår oppsummering av turåret 2013! Men det er aldri for seint å mimre over gode turar, sjå på bilete og drøyme seg attende.... og framover - mot nye turar! Kanskje vert nokon tatt opp att? Kanskje har vi lyst til å ta med nokon andre nettopp for at dei skal få høve til å oppleve det same? Uansett: Vi tar dykk med tilbake i vår minnebok for 2013, og har laga ei liste over Topp 10 - turar for vaksne. 

Det artige i dette arbeidet, var at eg og Steffen sette oss ned - kvar for oss - for å plukke ut våre 10 favoritt-turar i 2013, og lage ei prioritert liste (avgrensinga var at det skulle vere turar vi hadde gått i lag). Då vi presenterte listene for kvarandre, viste det seg at dei var meir eller mindre identiske - ikkje berre på kva turar som var plukka ut, men også rekkefølga. To sjeler og ein tanke?

Nedanfor får du sjansen til å glede deg over tilbakeblikket vårt - og nyte den samla biletserien over! Klikk på turmåla for å lese blogginnlegga våre for dei ulike turane. Kanskje kryssar DU av nokre av desse på ynskjelista di for 2014? Gje oss gjerne ei tilbakemelding om dette ga DEG turinspirasjon!


Dette måtte berre bli topp 1 i 2013! ALT var heilt perfekt: På Liv Janne sin 38-års dag, inviterte Steffen til hyllevandring i Ålfotenmassivet - saman med Midtre Nordfjord Turlag. Været var perfekt, turfølgjet likeså! Eit fantastisk og særprega landskap - vi vandra og vandra - og kosa oss på kvar ei hylle! Som ein av turdeltakarane skreiv i ein kommentar på innlegget: "En fjelltur som sitter i kropp og sjel i flere dager... vilt, vakker og fasinerende! Må tilbake!!!"



Denne turen har stått på lista vår lenge, og i flott sommarsol vart den endeleg ein realitet sommaren -13. Ein relativt lang og krevjande tur, over 2 mil, i alpint landskap og over snøfonner/småbrear. Vilt, vakkert, majestetisk - og definitivt den lengste "hesteryggen" eg har vore på!




3) Langs veglause strender ved Sognefjorden (Vik/Høyanger)                                          
Dette var ingen "fjelltur", men definitiv ei unik og spesiell turoppleving likevel. Ei oppdagingsferd til fots mellom eldgamle lokalsamfunn, møte med menneske som framleis klamrar seg fast langs veglause gardar, mange minner frå ei svunna tid, samt flott (og flått!) natur- og kulturlandskap! Eit blogginnlegg som har fått svært mange lesaroppslag! 



4) Eggjene til Høgenipa (Jølstra)
I 2013 fekk vi omsider realisert nokre av draumane våre om Jølsterfjell og -turar. Den største opplevinga var nok langs eggjene ved Kjøsnesfjorden med Høgenipa (1307 moh) som høgaste punkt på turen. Ein rundtur til stølar, opp på toppar, vandring over eggjer med eit melisdryss av snø, og magasug når ein såg ned dei stupbratte fjellsidene mot fjorden.




5) Isvassnipa (Jølster)                             

Turen rundt Bjørndalen på sørsida av Jølstravatnet, var også ein av Jølsterdraumane som vart realitet. Ein mangeårig draum - som også levde opp til forventningane. Isvassnipa (1437 moh) var turens høgaste punkt, men vi vandra langs fleire 1000-meters eggjer. Ein strålande solfylt haustdag!


Oj, oj, oj - seier eg berre! Dette turen framstår som ei heilt spesiell oppleving. Nipebu var ikkje noko nytt turmål, men heilt fantastisk å kunne gå dit til fots, på skare, vinterstid i strålande sol - og ingen andre enn oss sjølve på "milevis" avstand. Når så returen vart fullbyrda med ei tur opp på Fossedalshengenipa for første gong - ja, då var alt heilt perfekt! Ein av mange fine vinterturar vi hadde i 2013!


Påska 2013 hadde vi mange flotte trugeturar - og vi hadde jo også ei heilt unik påske når det gjaldt påskevær. Høgdepunktet var nok Rimmane på Rørvikfjellet. Ein ny tur for oss, og når det var hardt skareføre, var det heilt glimrande med truger. Ein topp med utsyn vide i kring  - her kjem vi definitivt tilbake!


8) Krunene (1064 moh) - Angedalen (Førde):
15 kalde kuldegrader, forkjøling og faktisk litt feber, var kanskje ikkje det beste utgangspunktet for tur... men vi kunne rett og slett ikkje la vere! Sol frå skyfri himmel og til fots på skare heilt opp på over 1000 moh. "Fjellskopudder", sol og fantastisk utsikt til natur i vinterprakt gjorde dette til ei strålande turoppleving!


9) Åsetevatnet - Skjolden (Luster):
Vi hadde oss mange flotte turar i nydeleg sommarvær på ferie i Skjolden sommaren 2013. Og med besteforeldre med på turen, så vart det også høve for oss vaksne til eit par turar på eiga hand. Ein av desse var morgonturen til Åsetevatnet frå Mørkrisdalen. Ville fossefall, idylliske stølsgrender og panoramautsikt til tinderekkene i Hurrungane - storslått!

10) Veten (Ytre Bremanger)
Turen til Veten har lenge stått på ynskjelista, og på ei bubilhelg til Bremanger, vart turen ein realitet - saman med ei rekkje andre turar i løpet av helga. Med Grotlesanden som base, kunne eg og Steffen gå kvar vår gong til toppen av Veten, medan ungane kosa seg med leik på stranda. Ein relativt lettgått tur, og sjølv om ikkje toppen ruvar meir enn 527 moh, så gjev den fantastisk utsikt nordover og sørover langs kysten av Sogn og Fjordane.

Og er du framleis ikkje lei av Topp-lister, kan du ta ein kikk på lista vår over Topp 2012-turar :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!