søndag 26. januar 2014

Tatt av vinden på Førdsnipa (863 moh)!

Fint skareføre på veg opp Førdsnipa i dag. Hafstadfjellet med sendaren i bakgrunnen. 

Fjellåret 2014 har starta med ein bra porsjon fjellturar
- og fleire enn i fjor!
Men dei har vore relativt kjende og lite varierte
- til oss å vere! 
For oss som likar nye turmål og ikkje minst variasjon,
- er det litt uvant å gå på Lægjestølen for 3. gong hittil i år!
Men dette har fleire årsaker:
Knappheit på tid, har gjort at turmåla må vere litt effektive i tidsbruk!
Og det viktigaste: mykje og kraftig vind har medført at det har vore greitt å trekke opp i lune lier!

Vi er ikkje misnøgd av den grunn - tvert om: 
det er ikkje ofte vi kan gå slike turar så lett til fots på denne tida av året!
Og vi nyt kvar ein tur!

I dag starta vi frå Skyttarkvia utan at vi hadde bestemt endemålet. 
Vi kom raskt og lett opp til Lægjestølen
der det er loggført heile 84 besøkande hittil i år. 
Held det fram med slik besøksfrekvens resten av året, 
så slår vi fjorårets besøksrekord med god margin! 
Registrerer mange nye - men kjende namn - i turboka,
og trur nok den nyleg utlagde geocach'en må ta "skulda" for det!
Velkomne skal de vere :)

Men vi var heilt klare på at opp til Flatastølen måtte vi i alle fall. 
Såpass måtte det vere på ein delvis solfylt dag. 
Og heilt vindstille var det i lia. 


Vel framme på Flatastølen byrja vi å merke vinden desto meir, 
men den var til å leve med. 
Og det såg ut til å vere fint skareføre vidare oppover: 
"Skal vi prøve Førdsnipa?" 
Ja, freistinga vart for stor! 

Ein kort pause før vi sette kursen vidare opp mot Førdsnipa.

Ein god halvtime etterpå var vi på topp-partiet på Førdsnipa, 
vinden tok såpass at vi nesten kunne leggje oss langflate framover, 
og innimellom vart vi "skubba" bortover. 
Nesten håplaust å ta bilete med fotoapparat og mobil, 
umogeleg å halde i ro, 
men vi fekk no til det også. 
Kort opphald på toppen i den kraftige vinden, 
men beina flaug raskt nedover bakkane
- både på grunn av vinden, men også av glede for å ha vore til topps! 

Førdsnipa til fots i slutten av januar er slett ikkje noko dårleg fjelloppleving! :)

Det blåste friskt på toppen av Førdsnipa i dag!

Eit lite stykke igjen før vi er på toppen. Vi ser ned att mot delar av Førde sentrum. 

Vi ser vestover mot Lisjehesten, Storehesten og Heilefjellet. 

Fjella innover Angedalen fremst, og Jølstrafjella bak. 

På veg ned att frå Førdsnipa ser vi utover Førdefjorden. 
Sola skein vakkert i lia over Førde og Flatastølen i dag!


Sol på Flatastølen då vi kom ned att. Det freista nok til å ta seg ein rask kaffikopp og ein liten matbit. 

4 kommentarer:

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!