Fint skareføre på veg opp Førdsnipa i dag. Hafstadfjellet med sendaren i bakgrunnen. |
Fjellåret 2014 har starta med ein bra porsjon fjellturar
- og fleire enn i fjor!
Men dei har vore relativt kjende og lite varierte
- til oss å vere!
For oss som likar nye turmål og ikkje minst variasjon,
- er det litt uvant å gå på Lægjestølen for 3. gong hittil i år!
Men dette har fleire årsaker:
Knappheit på tid, har gjort at turmåla må vere litt effektive i tidsbruk!
Og det viktigaste: mykje og kraftig vind har medført at det har vore greitt å trekke opp i lune lier!
Vi er ikkje misnøgd av den grunn - tvert om:
det er ikkje ofte vi kan gå slike turar så lett til fots på denne tida av året!
Og vi nyt kvar ein tur!
I dag starta vi frå Skyttarkvia utan at vi hadde bestemt endemålet.
Vi kom raskt og lett opp til Lægjestølen,
der det er loggført heile 84 besøkande hittil i år.
Held det fram med slik besøksfrekvens resten av året,
så slår vi fjorårets besøksrekord med god margin!
Registrerer mange nye - men kjende namn - i turboka,
og trur nok den nyleg utlagde geocach'en må ta "skulda" for det!
Velkomne skal de vere :)
Men vi var heilt klare på at opp til Flatastølen måtte vi i alle fall.
Såpass måtte det vere på ein delvis solfylt dag.
Og heilt vindstille var det i lia.
Vel framme på Flatastølen byrja vi å merke vinden desto meir,
men den var til å leve med.
Og det såg ut til å vere fint skareføre vidare oppover:
"Skal vi prøve Førdsnipa?"
Ja, freistinga vart for stor!
Ein kort pause før vi sette kursen vidare opp mot Førdsnipa. |
Ein god halvtime etterpå var vi på topp-partiet på Førdsnipa,
vinden tok såpass at vi nesten kunne leggje oss langflate framover,
og innimellom vart vi "skubba" bortover.
Nesten håplaust å ta bilete med fotoapparat og mobil,
umogeleg å halde i ro,
men vi fekk no til det også.
Kort opphald på toppen i den kraftige vinden,
men beina flaug raskt nedover bakkane
- både på grunn av vinden, men også av glede for å ha vore til topps!
Førdsnipa til fots i slutten av januar er slett ikkje noko dårleg fjelloppleving! :)
Det blåste friskt på toppen av Førdsnipa i dag! |
Eit lite stykke igjen før vi er på toppen. Vi ser ned att mot delar av Førde sentrum. |
Vi ser vestover mot Lisjehesten, Storehesten og Heilefjellet. |
Fjella innover Angedalen fremst, og Jølstrafjella bak. |
På veg ned att frå Førdsnipa ser vi utover Førdefjorden. |
Sola skein vakkert i lia over Førde og Flatastølen i dag! |
Sol på Flatastølen då vi kom ned att. Det freista nok til å ta seg ein rask kaffikopp og ein liten matbit. |
Ser ut som det var en flott fjelltur :)
SvarSlettJa, det var flott - men vindfullt;)
SlettHerlig! Bare litt misunnelig :)
SvarSlett:)
Slett