torsdag 2. januar 2014

Besøksrekord og utlagt geocache på Legjestølen!

Kamera var ikkje med på tur denne gongen - så her er eit gamalt gjensyn med Legjene!

Tradisjonen tru, så vart det ein tur til Legjestølen på 1. nyårsdag, og eg fekk dermed oppdatert besøksstatistikken for 2013:

658 signerte besøk i boka for 2013!

Det har vore ei jamn stigning sidan første bok var lagt ut i 2009:
Årstal
Besøk
2009
483
2010
533
2011
(noko usikker) ca. 500
2012
551
2013
658

Besøka 1. nyårsdag lovar også godt for turåret og statistikken 2014 - eg var nummer 8 då eg signerte, og det er ein bra start!

Men siste nytt frå Legjene er likevel at det no er lagt ut geocache der. Det gir jo ein ekstra grunn for å ta turen dit for dei som leitar etter slike. Eg har vore inne på tanken om at vi burde leggje ut ein slik, men no kom nokre andre oss i forkjøpet - og det gjer slett ingenting! Eg klarte ikkje å finne den i farten, men det får bli formålet ved neste besøk!

Her finn du i alle fall informasjon om geocachen som er lagt ut:
http://www.geocaching.com/geocache/GC4W5PD_legene

Så kven blir den første til å logge eit geocachebesøk der? Eg heng meg gjerne på :)

Oppdatering 05.01.13: 
På tur via Legjestølen til Flatastølen, hadde vi sett oss som mål at vi skulle finne geocachen. Og det gjorde vi :). Loggen viste at første funnet av geocachen var dagen før, og via Instagram fekk eg informasjon om at det også var 2 funn etter oss den 05.01.13. Så no har geocachen allereie blitt logga for 4 besøk! For vår del, var det faktisk vårt første reelle cache-funn, men det blir nok ikkje lenge før vi leiter etter neste for dette var kjekt!

2 kommentarer:

  1. Så utrolig spennende og gratulerer med besøksrekord:) Har hørt om det og vet det finnes her men har aldri prøvd men nå ble jeg litt gira:)) Nå skal jeg endelig rive meg rundt jeg også:)) Takk for inspirasjon:))

    Nyt året og gode turer:))

    SvarSlett
    Svar
    1. Vi har ikkje utforska geocache så mykje vi heller, men har tenkt at no må vi hive oss rundt vi også :) Spanande for dei små - og store - å gå på skattejakt!

      Slett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!