torsdag 30. januar 2014

Topp 10: Fjellturar 2013 - vaksne

Turåret 2014 er godt i gong, og vi er allereie snart ferdige med januar månad. Dei fleste har for lengst slutta å seie "Godt nyttår" og har gjort sine oppsummeringar og kavalkadar for året 2013. Og akkurat når du trudde du var ferdig med nettopp det - ja, då kjem vi med vår oppsummering av turåret 2013! Men det er aldri for seint å mimre over gode turar, sjå på bilete og drøyme seg attende.... og framover - mot nye turar! Kanskje vert nokon tatt opp att? Kanskje har vi lyst til å ta med nokon andre nettopp for at dei skal få høve til å oppleve det same? Uansett: Vi tar dykk med tilbake i vår minnebok for 2013, og har laga ei liste over Topp 10 - turar for vaksne. 

Det artige i dette arbeidet, var at eg og Steffen sette oss ned - kvar for oss - for å plukke ut våre 10 favoritt-turar i 2013, og lage ei prioritert liste (avgrensinga var at det skulle vere turar vi hadde gått i lag). Då vi presenterte listene for kvarandre, viste det seg at dei var meir eller mindre identiske - ikkje berre på kva turar som var plukka ut, men også rekkefølga. To sjeler og ein tanke?

Nedanfor får du sjansen til å glede deg over tilbakeblikket vårt - og nyte den samla biletserien over! Klikk på turmåla for å lese blogginnlegga våre for dei ulike turane. Kanskje kryssar DU av nokre av desse på ynskjelista di for 2014? Gje oss gjerne ei tilbakemelding om dette ga DEG turinspirasjon!


Dette måtte berre bli topp 1 i 2013! ALT var heilt perfekt: På Liv Janne sin 38-års dag, inviterte Steffen til hyllevandring i Ålfotenmassivet - saman med Midtre Nordfjord Turlag. Været var perfekt, turfølgjet likeså! Eit fantastisk og særprega landskap - vi vandra og vandra - og kosa oss på kvar ei hylle! Som ein av turdeltakarane skreiv i ein kommentar på innlegget: "En fjelltur som sitter i kropp og sjel i flere dager... vilt, vakker og fasinerende! Må tilbake!!!"



Denne turen har stått på lista vår lenge, og i flott sommarsol vart den endeleg ein realitet sommaren -13. Ein relativt lang og krevjande tur, over 2 mil, i alpint landskap og over snøfonner/småbrear. Vilt, vakkert, majestetisk - og definitivt den lengste "hesteryggen" eg har vore på!




3) Langs veglause strender ved Sognefjorden (Vik/Høyanger)                                          
Dette var ingen "fjelltur", men definitiv ei unik og spesiell turoppleving likevel. Ei oppdagingsferd til fots mellom eldgamle lokalsamfunn, møte med menneske som framleis klamrar seg fast langs veglause gardar, mange minner frå ei svunna tid, samt flott (og flått!) natur- og kulturlandskap! Eit blogginnlegg som har fått svært mange lesaroppslag! 



4) Eggjene til Høgenipa (Jølstra)
I 2013 fekk vi omsider realisert nokre av draumane våre om Jølsterfjell og -turar. Den største opplevinga var nok langs eggjene ved Kjøsnesfjorden med Høgenipa (1307 moh) som høgaste punkt på turen. Ein rundtur til stølar, opp på toppar, vandring over eggjer med eit melisdryss av snø, og magasug når ein såg ned dei stupbratte fjellsidene mot fjorden.




5) Isvassnipa (Jølster)                             

Turen rundt Bjørndalen på sørsida av Jølstravatnet, var også ein av Jølsterdraumane som vart realitet. Ein mangeårig draum - som også levde opp til forventningane. Isvassnipa (1437 moh) var turens høgaste punkt, men vi vandra langs fleire 1000-meters eggjer. Ein strålande solfylt haustdag!


Oj, oj, oj - seier eg berre! Dette turen framstår som ei heilt spesiell oppleving. Nipebu var ikkje noko nytt turmål, men heilt fantastisk å kunne gå dit til fots, på skare, vinterstid i strålande sol - og ingen andre enn oss sjølve på "milevis" avstand. Når så returen vart fullbyrda med ei tur opp på Fossedalshengenipa for første gong - ja, då var alt heilt perfekt! Ein av mange fine vinterturar vi hadde i 2013!


Påska 2013 hadde vi mange flotte trugeturar - og vi hadde jo også ei heilt unik påske når det gjaldt påskevær. Høgdepunktet var nok Rimmane på Rørvikfjellet. Ein ny tur for oss, og når det var hardt skareføre, var det heilt glimrande med truger. Ein topp med utsyn vide i kring  - her kjem vi definitivt tilbake!


8) Krunene (1064 moh) - Angedalen (Førde):
15 kalde kuldegrader, forkjøling og faktisk litt feber, var kanskje ikkje det beste utgangspunktet for tur... men vi kunne rett og slett ikkje la vere! Sol frå skyfri himmel og til fots på skare heilt opp på over 1000 moh. "Fjellskopudder", sol og fantastisk utsikt til natur i vinterprakt gjorde dette til ei strålande turoppleving!


9) Åsetevatnet - Skjolden (Luster):
Vi hadde oss mange flotte turar i nydeleg sommarvær på ferie i Skjolden sommaren 2013. Og med besteforeldre med på turen, så vart det også høve for oss vaksne til eit par turar på eiga hand. Ein av desse var morgonturen til Åsetevatnet frå Mørkrisdalen. Ville fossefall, idylliske stølsgrender og panoramautsikt til tinderekkene i Hurrungane - storslått!

10) Veten (Ytre Bremanger)
Turen til Veten har lenge stått på ynskjelista, og på ei bubilhelg til Bremanger, vart turen ein realitet - saman med ei rekkje andre turar i løpet av helga. Med Grotlesanden som base, kunne eg og Steffen gå kvar vår gong til toppen av Veten, medan ungane kosa seg med leik på stranda. Ein relativt lettgått tur, og sjølv om ikkje toppen ruvar meir enn 527 moh, så gjev den fantastisk utsikt nordover og sørover langs kysten av Sogn og Fjordane.

Og er du framleis ikkje lei av Topp-lister, kan du ta ein kikk på lista vår over Topp 2012-turar :)

søndag 26. januar 2014

Tatt av vinden på Førdsnipa (863 moh)!

Fint skareføre på veg opp Førdsnipa i dag. Hafstadfjellet med sendaren i bakgrunnen. 

Fjellåret 2014 har starta med ein bra porsjon fjellturar
- og fleire enn i fjor!
Men dei har vore relativt kjende og lite varierte
- til oss å vere! 
For oss som likar nye turmål og ikkje minst variasjon,
- er det litt uvant å gå på Lægjestølen for 3. gong hittil i år!
Men dette har fleire årsaker:
Knappheit på tid, har gjort at turmåla må vere litt effektive i tidsbruk!
Og det viktigaste: mykje og kraftig vind har medført at det har vore greitt å trekke opp i lune lier!

Vi er ikkje misnøgd av den grunn - tvert om: 
det er ikkje ofte vi kan gå slike turar så lett til fots på denne tida av året!
Og vi nyt kvar ein tur!

I dag starta vi frå Skyttarkvia utan at vi hadde bestemt endemålet. 
Vi kom raskt og lett opp til Lægjestølen
der det er loggført heile 84 besøkande hittil i år. 
Held det fram med slik besøksfrekvens resten av året, 
så slår vi fjorårets besøksrekord med god margin! 
Registrerer mange nye - men kjende namn - i turboka,
og trur nok den nyleg utlagde geocach'en må ta "skulda" for det!
Velkomne skal de vere :)

Men vi var heilt klare på at opp til Flatastølen måtte vi i alle fall. 
Såpass måtte det vere på ein delvis solfylt dag. 
Og heilt vindstille var det i lia. 


Vel framme på Flatastølen byrja vi å merke vinden desto meir, 
men den var til å leve med. 
Og det såg ut til å vere fint skareføre vidare oppover: 
"Skal vi prøve Førdsnipa?" 
Ja, freistinga vart for stor! 

Ein kort pause før vi sette kursen vidare opp mot Førdsnipa.

Ein god halvtime etterpå var vi på topp-partiet på Førdsnipa, 
vinden tok såpass at vi nesten kunne leggje oss langflate framover, 
og innimellom vart vi "skubba" bortover. 
Nesten håplaust å ta bilete med fotoapparat og mobil, 
umogeleg å halde i ro, 
men vi fekk no til det også. 
Kort opphald på toppen i den kraftige vinden, 
men beina flaug raskt nedover bakkane
- både på grunn av vinden, men også av glede for å ha vore til topps! 

Førdsnipa til fots i slutten av januar er slett ikkje noko dårleg fjelloppleving! :)

Det blåste friskt på toppen av Førdsnipa i dag!

Eit lite stykke igjen før vi er på toppen. Vi ser ned att mot delar av Førde sentrum. 

Vi ser vestover mot Lisjehesten, Storehesten og Heilefjellet. 

Fjella innover Angedalen fremst, og Jølstrafjella bak. 

På veg ned att frå Førdsnipa ser vi utover Førdefjorden. 
Sola skein vakkert i lia over Førde og Flatastølen i dag!


Sol på Flatastølen då vi kom ned att. Det freista nok til å ta seg ein rask kaffikopp og ein liten matbit. 

lørdag 25. januar 2014

Du i vinden og vinden i deg - over Førde!

Ja, visst kjenner vi på "litt trekk" om dagen - og dagane før det att, likeså!
Ja, visst blir det fort for lenge å sitte i vindusbrettet og vente på godt turvêr.
Ja, visst kan dørstokkmila vere lang og tung!
Ja, visst veit vi at vi seier til oss sjølv: "Gud kor godt det er å komme ut, og over skogavakse!
Ja, visst veit vi kor godt laurdagsdusjen er om vi også har vore ute og tatt oss litt ut!
Ja, visst veit vi at vi må overbevise oss sjølv om dette  - uvêrsperiode etter uvêrsperiode!

Ja,visst bar det ut - og opp - i trekken, også i dag!


Hornnesstølen og varden på Klumpen



Det blåser Du hvisker og tisker
stavelseshvislinga i munnen
er helt i ett med
bladhvislinga i trærne
de svaiende trærne
du i vinden og vinden i deg
Du blåser det hvisker og tisker
tretoppsbrusende øresusende
blåser du nesten vekk
mens brisen forblir her
hører du
munnhvislende deretsteds
trehvislende heretsteds
Du-brusende bladsusende
ingensteds allesteds

Bertrand Besigye






lørdag 18. januar 2014

Lufti(n)g på Førdestølar!

Eg og Steffen har hatt kvar våre respektive lufteturar i dag. Luftig lufting gjer godt for kropp og sjel! 

Slik såg det ut på ulike Førdestølar i dag:


lørdag 11. januar 2014

Langs eggjene over Kjøsnesfjorden mot Høgenipa (1307 moh)

Steffen Ben bloggar:

Visst har vi sett opp, over oss. Late blikket bevege seg. Raskt! For liksom å få oversikt og trygge. Mange gonger!  Der vi  har kome køyrande med bil. På veg inn eller ut den smale vegen. Med stupbratte fjell som går rett ned i innlandsfjorden. Mange stader er fjella glattskurte etter utallige ras gjennom historia. Men der det finnst gras, er det irrgrønt, av naturleg gjødsling. Frå geiter. Ja visst snakkar vi om Kjøsnesfjorden ved Skei Jølster!

Også i dag skal vi få helse på denne innlandsfjorden. Som ligg der, turkis i fargen, og som stadig får tilført vatn frå breane ikring. Men, denne gongen helse på fjorden frå Apostlanes hestar, ikkje med bil. Og siktretningen er snudd: Vi skal sjå ned, ned på Kjøsnesfjorden og ned på Jølstravatnet. Vi skal sjå bort på fjelltoppar som ligg der som perler på ei snor - like ved, eller langt ute i horisonten. For i dag skal vi på fjelltur. Og Gudane skal vite at det er mange fjell å sjå på, som vi aldri rekk over, berre her i dette avgrensa området, om vi  enn gjekk aldri så mykje og aldri så lenge... ... 

Godt å vite dèt! At det alltid er fjell og naturområde å plukke av. Frå øvste hylle! For att Jølster har storslagen og mangfaldig natur, veit alle som har vor her, også dei som berre har køyrt gjennom kommunen med bil. Det som er like sikkert, er at eit naturelement - så som fjell - får tilført heilt nye dimensjonar om det vert para med fleire andre element - til ein naturmessig større heilskap. 


Sjå også den flotte turen rundt Bjørndalen på sørsida av Jølstravatnet: Isvassnipa
Det var paringa av hovudelementa FJELLEGGJER - STUP - STORE  INNLANDSVATN, akkompagnert av brear som har lagt seg over ville fjell, knøttsmå vestlandsgardar her og der, og stort høve til vidsyn, som fascinerte oss til denne turen i dag. Som fekk oss to og arbeidskollega og fjellven, Oddbjørn, til å dra til Jølster no i haust. 

Denne dagen  vart vi dessutan velsigna av den første vintermelisen på toppane, like ned mot 1000 meter over havet. Og enno var det att litt av dei fine haustfargane i mose og lyng, som skapar slik fin glød når ein er ute og går. Dette berre måtte bli bra tur!


















Rundtur - langs eggjene over Kjøsnesfjorden
Flyfotoet under syner fjella ein kan få med seg på denne turen, med passeleg jamn auke i høgd frametter ruta, her like aust for Skei sentrum i Jølster: Toppane er Nyken, Løkkjabotsegga, Skafonnfjellet og det høgaste av desse - Høgenipa på 1307 moh.

AVSTAND: 13 km på heile turen - kring 4 timar effektiv gangtid.


Flyfoto: Skei sentrum til venstre. Kjøsnesfjorden rett fram i biletet, med Kjøsnesfjord-brua nærast i biletet.
Høgenipa er lengst oppe på bildet av den innteikna ruta. Start i Fossheimsdalen.


Dette er ein flott rundtur; frå Fossheimsdalen - Ytre Fossheimsstølen - opp til Løkkjebottseggja. Så vidare langs eggjene, og no inn på på merka rute, opp til Skafonnfjellet og derfrå meir austleg retning, i flukt  og langs med nordsida av Kjøsnesfjorden til turens høgaste punkt, Høgenipa. Derfrå vidare  langs eggja eit kort stykke til, i retning mot botnen av Kjøsnesfjorden;  før stien så forlet eggja og dreiar meir nordaustleg  og ned til flata i gjelet nord for Ytre Førnesgjelet. Siktretningen når ein går ned hit, er mot Trollebottsegja.

Vel nede i dette gjelet, følgjer ein merkinga nordaustover, vekk frå Kjøsnesfjorden, og ned i inste delen av Fossheimsdalen. Der går stien rundt og på nordsida av, Instebotnvatnet. Merkinga av ruta sluttar ved elva like innanfor dette vatnet, men stien gjev seg sjølv vidare frå vatnet, der ein går nordvestover Fossheimsdalen og ned til den vakre Indre Fossheimsstølen. Frå Indre Fossheimsstølen og nedatt til bilen er det fint hellelagt sti, så ein mest kan gå tørrskodd. Bra arbeid!

START: 
Frå Skei køyrer du i retning Byrkjelo og Gloppen. Vèl 1 km etter Skei tar du av til høgre i retning Fossheim og Fossheim kraftverk. Herfrå er det bomveg oppetter fjellsida til demningen for Fossheim kraftverk.

Frå parkeringa ved demningen har ein to val. Anten kan ein ta oppetter lia i vestleg retning, dvs i retning Skei, alt no - om ein vil ha med seg det lågaste av fjella i rekkja - NYKEN (702 moh). Dette gjev den aller beste utsikta mot Jølstravatnet. Eller, som vi gjorde, halde fram rett innetter dalen mot Ytre Fossheimsstølen, før vi der la om ruta vestover og oppetter lia mot platået ved Løkkjebotsegga, der vi kom inn i merka sti.  

Ruta er relativt enkel å gå heile vegen  -i godver - i somamrhalvåret, men ein må passe seg for stupa som går lukst i Kjøsnesfjorden, når ein går fram på kanten for å sjå ned. Særskilt gjaldt det nett den dagen vi gjekk, då det var frose på og låg ein blank, usynleg issnerk på berga ut på kanten ned i Kjøsnesfjorden....
Fossheimsdalen - mot Yste Fossheimsstølen
- Utgjort at det ligg skyer for sola nett her vi er, sier Liv Janne, og myser opp mot himmelen i vestleg retning der det er sol.  

- Det ordnar seg nok, seier eg, med referanse til at Yr meldte sol i området vårt først frå kl 12 denne avspaseringsdagen, og enno er det ei tid til vi er komme til dèt klokkeslettet. Men litt hustrig var det; temperaturen var berre på nokre få varmegrader, og litt kvitt var kome på den høgste delen av toppane vi skulle på i dag. Og så drog vinden litt.



YSTE FOSSHEIMSTØLEN:


Første delmål; sel og florar på Yste Fossheimsstølen er teke godt vare på!

Turfølgjet på veg opp frå Ytre Fossheimstølen til Løkkjabottsegga. 

Vi ser mot Instebotn-vatnet som vi skal komme ned til frå Høgenipa (til høgre)
om nokre timar. 

Løkkjabotsegga - utsikta kjem:
Vel oppe på Løkkjabotsegga - då byrjar utsikta vestover Jølstravatnet å melde seg. Skei sentrum ligg skjult framme i høgre biletkant. Dei grønkledde bøane til høgre i biletet er frå Årdalen.
Storehesten bak i himmelsjå, litt til venstre for midten i biletet

Årdal i Jølster

Skafonnfjellet, utsikt til Kjøsnesfjorden melder seg:
Ved varden på Skafonnfjellet (1162 moh) - utsikt vestover i retning Vassenden


Turkis Kjøsnesfjord ved grenda Sægrov - der vegen endar, yst på sørsida av Kjøsnesfjorden.
To steinkalde karar i godt humør; Oddbjørn i lett trav austover eggjene frå Skafonnfjellet i retning Høgenipa
Høgenipa oppe til venstre. Inste del av Kjøsnesfjorden.  Sygnesand og Sygnesandsnipa bak, på andre sida av vatnet.


















Utsikt vestover: Orkja er den avrunda toppen til venstre for Jølstravatnet.





Hausten konkurrerer med neste årstid; kven vinn?
Bilvegen inn langs Kjøsnesfjorden, nede og framme i biletet. 
Den blir liten herfrå!  





Snart oppe på Høgenipa - attersyn vestover: Til høgre ligg Fossheimsdalen der vi starta turen og skal  ende i att.
Eggja fører attende til Skafonnfjellet.  Sunde ligg som ein grøn plett  framme til venstre i biletet.
Ryssdalshornet på Sandane er spissen heilt til høgre i biletet.
Siste kneik i oppoverbakke mot Høgenipa, sett
austover.

Beint fram lekkert terreng å ferdast i!


Høgenipa (1307) - dagens høgaste punkt:
FRAMME ! Og sola er for lengst komen!
Varden på Høgenipa bada i lett melis!




Fotografen og bloggar på denne turen blir sjølv fotografert, i låg fotostilling...




3-kløveret på tur: Oddbjørn (t.v), Liv Janne og Steffen Ben. Kaffi og stooor sjokolade fram av sekken


Litt av utsynet frå Høgenipa:
Fremst: Paulsvatnet, Våtedalen  i midten og Eggenipa (spiss) til høgre

Eggenipa i Giv akt!
Glad fjellvandarske med storslått natur i bakgrunnen - Snønipa (1827 moh) 



Frå Høgenipa og søraustover eggja til punkt 1269 i retning Lunde i Kjøsnesfjorden, 

Utsikt ned og over på den andre sida av Kjøsnesfjorden til Sygnesand. Sygnesandsnipa bak.




Nedstigninga frå Høgenipa til gjelet nord for Ytre Fønesgjelet er starta.
Vidare derfrå ned i Fossheimsdalen .

'



I sør: Grovabreen
Oddbjørn skodar fritt ikring; bak Liv Janne på veg ned frå Høgenipa til
gjelet nord for Ytre Fønesgjelet

 gå på.















Fossheimsdalen og Indre Fossheimsstølen:




Fossheimsdalen med Instebotnvatnet, som vi skal ned til, og gå på nordsida av.
Fjellet Skjorta med flat topp i bakgrunnen, Ryssdalshornet (spiss) til høgre for denne att.





Indre Fossheimsstølen (750 moh) i sikte. Snart soleglad

Fantastisk utsikt nordover når ein går fremst i Fossheimsdalen.
Ryssdalshornet på Sandane er den spisse toppen til venstre 

Indre Fossheimsstølen er nådd. Siste ettermiddagssola kunne nytast før den forsvann få minutt seinare...

Livet i eit nøtteskal - skugge og sol.