tirsdag 30. desember 2014

Strabasiøs tur på Hafstadfjellet (705 moh)



Romjulstur på Hafstadfjellet 705 moh

Noko meir strabasiøst enn normalt:
Store snømengder, lett regn, vind, null sikt,
og vi brøyta oss veg oppover.
Men kven har ikkje godt av å slite litt ekstra i romjula
- forbrenne litt kaloriar og kjenne på lårmuskulaturen?
Desto større glede når vi kom opp!
Men vi snudde raskt for det vart kaldt å stå i ro. 
Likevel: forfriskande og herleg!


Det var snørikt på Hafstadfjellet også i romjula 2012. 
Men været var noko finare - innlegg frå den turen finn du her

lørdag 13. desember 2014

Barnas turlag: Grautfest og NISSEBESØK!


"Mamma, dette var kjempekjekt! Kor tid er neste fest?"

...var kommentaren frå 4-åringen vår,
på veg tilbake til bilen etter grauttur med Barnas turlag

Og betre skussmål kan vel ikkje arrangørane få?! 

Turen gjekk til museumsstølen ved Sunnfjord museum. 
Over 100 påmelde til arrangementet, 
nokre lot seg skremme av tidvis dårleg vær, 
men ca. 80 kosa seg med graut, pepparkake, juletregang og ikkje minst: 

Besøk av nissen! 

Han gjorde stor suksess der han kom dansande bortover,
syngande på "På låven sitter nissen"!



Julegåvetips: Ubetjente landskaper 2015





"Hytta på bandet" - Skogadalsbua
(alle bileta i innlegget er kopier frå www.charlottemayrintler.com)

Dersom du byrjar å få panikk for at du ikkje er ferdig med julegåvehandelen, så har eg eit tips til deg:

Kalendaren Ubetjente landskaper 2015 - malt av Charlotte Rintler. 

I denne kalendaren finn du bilete av 12 flotte DNT-hytter rundt om i landet. Vi i Indre Sunnfjord Turlag er så heldige at vi har fått med vår eiga Nipebu som kalendarbilete for april månad:

Nipebu - Indre Sunnfjord Turlag
Eg var så heldig at eg fekk denne kalendaren som takkegåve etter å ha holdt foredrag om turane våre på årsmøtet til Indre Sunnfjord Turlag.

Hyttene som er med i kalendaren er:
Skålatårnet, Preikestolen, Haukeliseter, Fondsbu, Grimsdalshytta, Helgedammen, Skongsnes fyr, Trollfjordhytta, Råkeneset, Nipebu, Skagastølsbu og Kobberhaughytta.

Kalendaren kostar 250,- og kan mellom anna bestillast frå Rintler si eiga heimeside.
Ho sel også postkort av dei ulike hyttemotiva til berre 10,- per stk eller takkekort for kr. 20.
Her lokalt finn du også kalendaren i ulike butikkar, både bokhandel og andre, og på turlagskontoret.


Skongsnes fyr i Vågsøy, Sogn og Fjordane
Her skal vi overnatte i 2015!

(Dette er ikkje eit sponsa innlegg!)

onsdag 10. desember 2014

Innejul eller utejul?

Juletrehogst i Jonstadlia 2011 med utsikt over Naustdal sentrum i vinterprakt. Julestemning så det held!


"I romjula går vi knapt ut. 
Kvifor skal vi det når vi har det så koseleg heime?"

Dette utsagnet sto i avisa Fylkesmagasinet der dei hadde intervjua Sivasverden om korleis ho skapar julestemning i heimen. Ho elsker å pynte og dille i heime, og jula er sjølvsagt ein av favorittårstidene. (For øvrig så har ho ein stor tilhengarskare på Instagram - klikk gjerne inn og ta ein kikk på @sivasverden.)

Skulle gjerne hatt litt meir av hennar "dille og dalle"-gener - for at ho har det fint og koseleg heime, er det ingen tvil om! Men eg hoppa litt i stolen då eg las: "I romjula går vi knapt ut. Kvifor skal vi det når vi har det så koseleg heime?" Dette står i stor kontrast til mantraet i vår heim: 

"I jula skal vi vere masse ute - ute - ute! 
Vi skal tenne bål, steike vaflar på bålet, gå turar og kose oss!". 

For oss har det blitt ein sjølvsagt ting at jul- og nyttårsfeiring også er mykje utetid. For det første så er det generelle velværet mykje betre når vi har vore ute og i fysisk aktivitet. For det andre kan vi kose oss med alt julesnopet med litt betre samvit..... Men vi likar oss inne vi også: få ting er betre enn å synke ned i godstolen med ei god bok, sjå snøen som lavar ned ute og litt julesnop på bordet! Men opplevinga er mykje betre dersom vi har vore ute tidlegare på dagen! 

Etterkvart har vi også utvikla ein del juletradisjonar for turar, som vi prøver å få til kvart år:
Vi startar med juletrehogst i Jonstadlia og så har vi tradisjonen med romjuls- og nyttårstur til Legjestølen. I fjor vart det også familietur på Mostien, 1. juledag på Nedrestrandstølen - sjølv om regnet pøsa ned, og romjulsvandring i Kvanndalen. I romjula 2012 opplevde vi m.a. tur til Hafstadfjellet i flott vinterskrud. 

Romjulsvandring i Kvanndalen 2013


Ikkje minst: hugs å ta deg tid til lufteturar no i førjulsstrida - få gjerne inspirasjon gjennom desse innlegga: 

søndag 7. desember 2014

Alpin perle i Gloppen: Botnafjellet (1572 moh)

Steffen Ben bloggar:


Oi, oi, oi! 
      Dette er gromtur så det held! 
            Eg, i selskap med naturens Skaparverk!
                   Årets fjelltur?    
                   
At Gloppen-fjella har mykje vakkert ved seg, det visste eg godt frå turar i området frå tidlegare. 
Her - på kring 1100  moh - sprakk den tjukke tåka med eitt!
RESTEN AV DAGEN VANDRA EG  I VINDSTILLE OG BLÅ HIMMEL.
MED DYRSIK UTSYN!
Likevel, Botnafjellet har eg gledd meg ekstra mykje til å få prioritert - nettopp fordi den ligg i eit så spinnvilt fjellområde på vestsida av Breimsvatnet, er ein lite besøkt topp, og fordi fjellet er det høgaste i fjellområdet Naustdal-Gjengedal. 

Botnafjellet kan takast som ein t/r-tur, slik eg gjorde. Eller som del av ein rundtur med start og retur til nesten same stad i Myklandsdalen: Botnafjellet-Blåegga-Eggane, eller som overgangstur til t.d. Longevasshytta, som ein èin-todagars tur.  

Felles for alle desse variantane av ruta er at det er ein heller krevjande tur som krev fjell- og navigasjonskunnskap, og der ruta gjennomgåande ikkje er merka. Til gjengjeld får du tilbake, om vêret er med deg,  noko av dei mest storslagne naturopplevingane heile distriktet har å by på!  Avstand t/r kring 12 km. Ein kan bruke kring 3-4 timar opp/2 timar retur, alt etter form og farge, og kor kaffitørst ein er....

Botnafjellet t.h., sett frå Daurmål i Årdal i Breim

START - Indre Kandal i Gloppen
Nyss i gang med turen opp og inn Blådalen: Attersyn mot Indre Kandal ved vestsida av Breimsvatnet.
Rygg til høgre, og vegen ut av høgre biletkant går inn Myklandsdalen














Kring 4 km aust for Sandane tar du av frå E39 i retning Byrkjelo, og mot høgre og køyrer inn langs vestsida av Breimsvatnet like til vegne forlet vatnet, og vidare oppetter sida i retning Myklandsdalen. Like etter du har passert ei bru (200 m) i ein krapp venstresving, parkerer du.

Her, ved ei løe, følgjer du ein merka sti opp til Blådalen - etter dette ingen sti. 

Ein går litt ut at over dalen i nedste kanten av skogen, og kjem snart bort til ryggen som går langs Blådalselva opp til Blådalsvatnet på 850 moh. Etter kvart fin-fin utsikt over Kandalen.

Denne turdagen - og fleire til i haust - opna med grauttjukk tåke frå morgonen av - som etter kvart sprakk av ei varm sol attom, med påfølgjande blå himmel og storvêr. Så også i dag. Så den første halvanna timen på turen oppetter, såg eg lite og inkje. 


Framme ved naustet ved Blådalsvatnet, framleis tåke. Her går det ei bru over vatnet. Vidare er det ingen sti. Frå vatna tar ein opp rett nord. Eg gjekk opp slukta som går opp frå det minste vatnet - men ein kan også gå opp på høgre sida av slukta som går opp litt lenger inne, ved det store vatnet.



Frå det lisje vatnet i Blådalen (gøymt i flata bak haugen),
tar ein styggbratt opp renna i grassida av fjellet midt i biletet.
Herfrå er ein komen opp på ryggen,
som ein følgjer like opp til topplatået der varden ligg.
Bileta her er tatt på returen, etter at tåka var letta!
Uansett - HER ER DET STYGGBRATT!!! - men heile tida grasbakke å kravle i, men her er lause skredsteinar som ein ikkje må løyse ut om ein er fleire i følgje (eller som kan komme på deg bakfrå på returen...). Etter ei tid (ein liten time) frå vatna, er ein komen opp på ryggen på 1100-1200 moh, som ein følgjer vestover like til toppområdet. 

Sjølve toppen ligg på ei flate av steinmassar; det er utsikta frå alle sidene av denne flata som gjev utsyn nedover i botnane kring. Så gå gjerne turen på kantane for å få utsyn!

Renna eg gjekk opp frå Blåvatnet til ryggen til høgre.
Frå Ryggen (på kring 1100 moh)  vidare vestover (mot venstre i biletet) oppover mot topp-platået.
Heile tida følgde eg kanten du ser i himmelsjå, for å få best utsikt ned att i den ville Blådalen.

Frå ryggen like over Blådalen; tåka i ferd med å sprekke!!! 

Ryggen over Blådalen gjev storslått utsikt, og mange fine fotomotiv:
Eg er komen opp på ryggen frå Blådalen - kring 500 høgdemeter att å gå
Utsyn frå Ryggen mot Botnafjellet, sikt austover mot
Skjorta (bak t.v) - som er 100 meter lågare enn Botnafjellet (1572 moh)




Skjorta midt i mot t.h..
Eitt av mine andre turmål i Gloppen denne hausten er Daurmål (1445 moh),
 bak til høgre for bygda Årdal i Breim på andre sida av Breimsvatnet

Fjellet med bre på er Blåegga - som òg er det lokale namnet på Botnafjellet, og som går inn som
ein av toppane på rundturen Myklandsdalen-Botnafjellet-Blåegga-Eggane-Myklandsdalen



Oppe på Botnafjellet:
Botnafjellet (1572 moh) ligg inne på eit flatt platå
Utsyn frå varden på Botnafjellet i nordleg retning - mot Sandane

Varde som syner nedgangen til salen bort mot Blåegga, der du m.a. kan ta deg ned mot DNT-hytta Longevasshytta.

Ein mektig imponert turvandrar med Søsendalsvatna i bakgrunnen



Frå Botnafjellet er det fin-fin utsikt til Snønipa - høgaste fjellet i Gloppen/Jølster 

Retur attende til Kandalen:
Det er frå det små vatnet nede i Blådalen eg tok opp renna i fjellsida mot nord,
for å komme opp på ryggen eg følgde vidare
Utsikt nordover: Årdal i Breim og nok eit Blåfjell (t.v.)

Blådalen og Blådalsvatnet som eg kom opp til nokre timar tidlegare....

Nedstigninga frå Botnafjellet til Ryggen.
Utsikt nordvestover. Støylsfjellet fremst og spisse Ryssdalshornet (1201 moh)  ved Sandane, bak

Her miste ein gloppar ei klinkekule ned, ein gong....
Myklandsdalen nede i midten; Skjorta i venstre biletkant


Haust går mot vinter for bjørka med
så fint utsyn over Indre Kandal og  Breimsvatnet.


Botnafjellet i Gloppen; Botnafjellet i Gloppen; Botnafjellet i Gloppen; Botnafjellet i Gloppen; Botnafjellet i Gloppen; Botnafjellet i Gloppen; Botnafjellet i Gloppen; Botnafjellet i Gloppen; Botnafjellet i Gloppen; Botnafjellet i Gloppen; Botnafjellet i Gloppen; Botnafjellet i Gloppen; Botnafjellet i Gloppen; Botnafjellet i Gloppen; Botnafjellet i Gloppen; Botnafjellet i Gloppen; Botnafjellet i Gloppen; Botnafjellet i Gloppen; Botnafjellet i Gloppen; Botnafjellet i Gloppen; Botnafjellet i Gloppen; Botnafjellet i Gloppen; Botnafjellet i Gloppen; Botnafjellet i Gloppen; Botnafjellet i Gloppen; Botnafjellet i Gloppen; Botnafjellet i Gloppen; Botnafjellet i Gloppen; Botnafjellet i Gloppen; Botnafjellet i Gloppen; Botnafjellet i Gloppen; Botnafjellet i Gloppen; Botnafjellet i Gloppen; Botnafjellet i Gloppen; Botnafjellet i Gloppen; 

fredag 5. desember 2014

Greier vi 1200 før nyttår?

På dagens lille trimtur på Legjestølen skreiv eg meg inn som nummer 1146 i boka i år! At det blir ny besøksrekord har lenge vore klart - men no er utfordringa om vi også greier å passere 1200 før året er omme? For å greie dette, då må det i snitt vere 2 besøk per dag ut månaden. Det burde jo gå, eller?

Bli med på utfordringa og ta ein tur på Legjestølen i desember du også!


Les også innlegget "Alle trenger eit magisk pusterom før jul" frå Legjestølen i desember i fjor. 
Då var ambisjonen å runde 650 registrerte besøk før året var omme - så nesten ei dobling i 2014! Det kan vi like! :)

torsdag 4. desember 2014

Snart fullmåne og kveldsmat i det fri!


Det er fullmåne om to dagar,
men det var i kveld det var klårvær. 
Derfor tok vi turen ut for å sjå på månen og stjernene. 
Kortreist tur med hodelykt til Speidarhuken på Bergum. 
Takk til speidarane for å ha sett opp ein flott gapahuk!

Kveldsmat i det fri, 
med pepparkake til "dessert"!
Det er jo snart jul!

søndag 23. november 2014

Nordsjøløypa Stroka - Korssund

Frå Nordsjøløypa mellom Stroka og Korrsund, ser du fint mot Lammetunfjellet (120 moh) på Lammetun

Vi har testa nye turmål - igjen:
Målet var ein tur som ikkje var for ambisøs, 
ikkje altfor lang og lett å gå for dei aller minste.
Og gjerne med ei lita "gulrot" når ein kom fram...

Ein 2,5 km lang tur ytterst i Dalsfjorden,
i lyng, myr og bergterreng.

Med sol og skyfri himmel, 
gledde vi oss over å få sola i fjeset når vi skulle gå, 
men like snart oppdaga vi at den kunne vere litt irriterande også....
det vart vanskeleg å sjå langt fram i stien med sola rett i auga! 
Men pytt sann, ei god dose D-vitamin er viktig på denne tida av året!

Slik det ofte er ved kysten, så var det litt myrete og vått i stien.
Heldigvis hadde vi fottøy som takla det! 
Ein del einer og kratt var vanskeleg å forsere for korte bein, 
men for øvrig så er dette ein fin tur med born.

Nordsjøløypene er merka med blå N'ar

Tid til leik og kos undervegs er viktig! Tynn, tynn is på vatnet denne novemberformiddagen. 


Sjølv om turen ikkje er så lang, er matpausen undervegs viktig!

Ved ankomst Korssund, vart vi helsa av nokre sauer som kosa seg med maten sin! Var det nokon som sa vinter???
 Og kva "gulrota" ved endemålet var????
Jo, det var å handle i butikken på Korssundet :)

Kartutsnitt frå turen henta frå ut.no