lørdag 7. desember 2013

OPPSTRYN (3): Under brefall og stupbratte fjell på Vetledalsseter og Infimus

Steffen Ben bloggar:


Etter mykje vêr den siste tida - med regn, blest, pluss og minusgrader i jamn veksling, ras, springflod, avblesne hustak, snøkave og smadra bilar - så er det greitt å minne om at slik har det heldigvis ikkje vore i heile haust! For slikt vêr går nemleg lett ut over frekvensen på trim og fjellturar - men gjev ro til å blogge om alle turane vi har teke i år som framleis står på vent for presentasjon her på bloggen. Bileta på PC-en min minner meg om at eg for kring to månader sidan hadde ei tredagars turvandring i Oppstryn, i Stryn kommune. Dette er det tredje og siste innlegget frå denne vandringa - og då var det ypparleg haustver!!! Så sett deg godt til rette med kaffikoppen din no, og nyt vakre Nordfjord, og gled deg til våren att:

***

Lei av å gå i kø på kjende turistmål i Rondane, Hardangervidda eller Jotunheimen,  eller å møte overfylte DNT-hytter når du skal inkvartere deg etter ein strabasiøs dagstur? Eg veit råd!: 
I Erdalen, i Oppstryn, er det flusst med plass når du trakkar med tursekken din på god sti innetter den vide, idylliske stølsdalen.  Kanskje får du  jamvel den intime, nyvølte DNT-hytta Vetledalsseter  heilt for deg sjølve for natta. Hytta innbyr til ro og ettertanke, der den ligg beskytta under den breie skjørtkanten på fjellet Strynekåpa. Det du heilt sikkert får om du tek turen hit, er storslagen norsk natur, kanskje utan sidestykke! Svake ord om sterke, uforgløymelege naturopplevingar...

Stemninga er sett: Klårt haustvêr - sterke fargar - vill natur - ein fjellgåar med god tid -
og èi lun turlagshytte - og èi spetakulær naudbu - som båe ropar: VELKOMMEN HIT!
Attersyn frå Erdalen i retning Erdal (bygda Flo på andre sida av vatnet) 

Les dei andre 2 blogginlegga mine frå tredagars-opphaldet mitt i Oppstryn i haust:



I retning frå Stryn køyrer du mot Strynefjellet. Når du har passert Nasjonalparksenteret og er komen opp til austre enden av Oppstrynsvatnet, er du komen til den vesle grenda Erdal. Her tar du av frå hovudvegen mot høgre, og følgjer grendavegen innetter dalen; du passerer fleire ferme gardar. Etter kort tid må du gjere eit val; anten parkere bilen på den tillaga parkeringsplassen på høgre sida av den asfalterte vegen på Greidung - eller, som eg gjorde - halde fram med bil vidare innetter dalen, etter kvart over på grusvegen (bompengar) som slyngjer seg slakt oppover mot fronten på ein forhøga avsats på dalbotnen. Slik vinn du litt høgd med bil, om du ynskjer det. Ved vegs slutt, må du parkere, og då er det berre å ta føtene fatt på god fot- og krøtertrakka sti.

Grenda Erdal i Oppstryn. Her på veg inn bygdevegen mot Greidung og vidare til Hesthammaren der eg parkerte.
Når det er sagt, så blir du slett ikkje utmatta av avstandane du må gå om du jamvel startar heilt nede ved hovudvegen i Erdal - barnevenleg tur med andre ord. Det som kanskje i staden gjer deg matt, er den vakre naturen.... 

  • Frå hovudvegen i Erdal til parkeringsplass på Greidung; 3/4 time
  • frå Greidung til Vetledalsseter, vel 2 timar å gå
  • Frå enden av bomvegen på Hesthammaren - Vetledalsseter, 1 time
  • Vetledalsseter - Infimus, 1 time.

Ved ERDAL tar du av frå hovudvegen over Strynefjellet og til høgre (frå Stryn)  på bilveg,
seinare smal, men god traktorveg (bomveg) innetter Erdalen . Så oppetter
til reset Hesthammaren, innanfor bebyggelsen i Erdal. Herfrå til fots - først til
  Storesetra - så til DNT-hytta Vetledalsseter.
 Neste dag vidare opp til Nødbua Infimus ved foten av Erdalsbreen.


"We do not take pictures with our cameras, but with our hearts and minds"                                              (Arnold Newman)

Start ved Hesthammaren - via Storesetra - til Vetledalsseter:
Stien syner godt i terrenget etter folk som går til og frå dei to stølane i Erdalen, Storesetra og Vetledalsseter, og frå klauvdyr som beiter og er viktige krigarar i kampen mot attgroing av vegetasjonen. 

Stien går i dalbotnen i svak stigning innetter dalbotnen. Fjellbjørk truar med å overta den opne dalen.  På båe  sidene av dalbotnen, som går i vest-aust-retning, er fjella ville; på sørsida er fjella prega av glatte svà..









Storesetra (385 moh):
Første stopp er Storesetra og den irrgrønne stølsvollen. Fjellet bak til venstre, med vid skjørtekant, er Strynekåpa (1530 moh). Turmål neste år, kanskje...









Storesetra har over 10 bygningar og ligg vènt til midt i Erdalen. Strynekåpa bak til høgre.

Haustens purpurfarga fargeprakt... i djup kontrast til Mor Norge's gråstein på neste bilete (... og den kvite snøen utanfor vindauget ditt i dag...)


Flott vørdsla steinsel på Storesetra. Det er steinsel på både på Storesetra og Vetledalsseter.
Strynekåpa bak til venstre.



VETLEDALSSETER (525 moh):
Framme ved dagens overnattingsmål. Vetledalsseter med DNT-hytta (raud), like under foten på Strynekåpa (bak t.h)

4-5 bygg står på stølsvollen på Vetledalsseter

Vetledalsseter er nettopp ei gamal seter, og  den raude hytta på biletet over er ei gamal bu som vart flytta frå Hjelle nede i dalen, og oppattbygd her i 1924. Hytta har så gradvis fått endra funksjon, til ho til slutt vart reindyrka som ubetjent turlagshytte, då Indre Nordfjord Turlag i 2010 gjorde formell avtale om bruk av hytta. 

DNT-hytta har overnattingsplass til 6-10 personar; som så langt kanskje har vore best kjend som eit kjærkome krypinn for turfølgje  på veg til/frå turar på breane i området, og treng ly for natta etter ein lang og strabasiøs tur. 

På den grønmåla veggen i stova i hytta på Vetledalseter kan ein lese om opphavet til, og bruken av hytta, frå 1924 og fram til 2010 då hytta fekk status som ubetjent DNT-hytte - til glede for deg og meg som turgåarar!





Vetledalsseter - gamal bu flytta hit frå Hjelle i 1924


Ein ny turgåar - den einaste her denne natta - skriv seg inn i hytteprotokollen på DNT-hytta Vetledalsseter. Protokollen røpar at det er godt om plassen gjennom året. 

Vetledalsseter er eit ypparleg turmål for folk med barn som vil ha seg hytteovernatting, då gåavstanden er høveleg. Hytta er utstyrt med det aller mest nødvendige av proviant for å få seg eit varmt måltid på to-blussaren på kjøkkenet. Hytta har to vedomnar og ein har greidd å ta godt vare på sjela til bua, når den no er blitt restaurert av turlaget! Takk!!



Lyst og triveleg i Stova på Vetledalsseter. Ei enkel seng her i stova, nær ovnen, om ein er åleine. Soverom på hemsen
Dikt på hytteveggen

Lite, historisk kjøkken med ein toblussar og vedomn  til å lage
 seg kaffi og middag - og med vindauge med finfin utsikt til fjella ikring.
Mat er utlagt for sal.

















































Ny dag - nye naturopplevingar: 
Vetledalsseter - opp Stordalen - til naudbua Infimus ved Erdalsbreen

Etter ei god natts svevn - med fullmånen skinande inn dei høge vindauga i stova, god drikke i kruset mitt på bordet - og eit symbolsk ilegg i vedaomnen om natta, for riktig å kunne krøkje tærne og kose meg der eg låg i soveposen min  på divanen mutters åleine, var eg klar til nye naturopplevingar og fotoutfordringar neste morgon! Klar som eit egg for meir av det ukjente, meir av alt det vakre eg hadde opplevd i går, og dagen før det att, her i Oppstryn....


Indre Nordfjord turlag disponerer ikkje berre èi, men to hytter, med få kilometers avstand, her inne i Erdalen.  For litt lenger aust, opp Stordalen og lags det mykjeseiande namnet Ulvestien, ligg nok eit spanande og opplevingsrikt halvdags-turmål, Infimusei nødbu heilt oppe ved brekanten ved Erdalsbreen. 

Turen frå Vetledalsseter til Infimus er noko meir krevjande, og høver nok best for litt større barn som er vane med å gå i småkuppert terreng. Stien mellom Vetledalsseter er T-merka då det kan vere dårleg sikt her, og ikkje alle stader det er like lett å sjå kvar ein skal gå - og den er også skildra i boka Opptur Sogn og Fjordane.


Vetledalsseter vert helsa farvel for nokre timar!






Frå DNT-hytta på Vetledalsseter var dagens
turmål vidare innetter og opp Stordalen til Nødbua Infimus,
i retning bak den raude turlagshytta






Like aust for Vetledalsseter går ein over ei bru, og kan "ta" i Strynekåpa. T-merking denne delen av ruta.








Etter å ha gått  ei kort tid, byrjar ein på stigninga oppetter sida, i retning vatnet vedf Erdalsbreen og nødbua Infimus








Attersyn mot Erdal (nedst i dalen), og Vetledalsseter (bak treet)









I det fjerne ser ein brearmen til Erdalsbreen. Naudbua Infimus oppe på res-kanten i front av breen.



































INFIMUS - DNT-nødbua ved Erdalsbreen : 

Kring ein times gange etter Vetledalsseter er ein komen opp på res-kanten der naudbua ligg. Hytta er ei tidlegare NVE-hytte, bygd i 1967, no overtatt av Indre Nordfjord turlag, og fungerer som naudbu/sikringsbu for fjellfarande. 

I alt tre slike hytter vart bygde i Juni dette året: Infimus her ved Vetledalsbreen. Ei ved brekanten på ryggen aust for Strynekåpa. Denne fekk namnet Optimus. Og ei ved Erdalsbreen. Denne vart kalla hytta ved Erdalsbreen. I dag står berre Infimus att.

Les meir om den spanande historia til desse tre hyttene, her Infimus.  Takk òg til  hyttekomiteen for Infimus som held hytta i så god stand: Arne Heggestad og Hans Støle.



Infimus er bygd for å tåle vind og snølast




































Hytteboka på Infimus røper at litt folk går hit.







Den uynskte heimreisa...:
Det er blitt ettermiddag og på tide med retur attende, først frå Infimus til Vetledalsseter for å hente den store tursekken eg har sett att der frå overnattinga. Derfrå ber det heimover; først via Storesetra til bilen på Hesthammaren i Eerdalen. Så ned til Erdal...og så 2 timars biltur attende til Førde. 

Tre dagars oppdagingsferd i Oppstryn er over, minna er mange, 1000 bilete er tekne - og lysta til å kome att er stor.








7 kommentarer:

  1. WoW!! For nokre virkelig flotte bilder! Et innlegg som virkelig gir turlyst :)) 2 tomler opp!

    SvarSlett
    Svar
    1. Det er ikkje så langt frå deg dette, så her er det berre å hive seg rundt neste år :)!

      Slett
  2. Flott innlegg! Kommer til å ta turen til dette området, for jeg liker meg på steder med minst mulig trafikk... ;)

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, dette er ein av DNT's ukjende perler! Faren med å skrive om det, er sjølvsagt at fleire kjem til å reise dit.... men trur likevel ikkje at det blir større trafikk enn at ein får vere relativt bra i fred uansett ;)

      Slett
  3. Dette var trivelig å se og lese i disse førjulstider. Greit å drømme seg bort litt fra mange ventende oppgaver. Flotte bilder av vakker natur! Jeg er også glad i selvbetjente/ubetjente hytter.

    Ønsker deg ei fin adventsuke!

    Klem

    SvarSlett
    Svar
    1. Godt å drøyme seg tilbake til det som var, når været viser seg frå ei anna side. Og ja, godt med litt avbrekk i juleførebuingane trass alt! Ei fin adventsveke til dere også! :)

      Slett
  4. Takk for at du delte turen med oss - vakre bilder fra en kjempe fin fjelltur ;)

    SvarSlett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!