søndag 8. desember 2013

Ei friluftsbok i julegåve?

Eg er veldig glad i bøker - all slags bøker - og synast det er kjekt å både gje og få bøker i gåver. Derfor er det også naturleg for meg å kome med nokre tips om gode bøker som du/de kan gje i julegåver. Eg kunne gitt gode tips i mange slags sjangrar, men sidan dette primært er ein turblogg, så dreiar tipsa mine seg om gode friluftsbøker. Fordelen med friluftsbøkene er at dei har lang varigheit - naturen endrar seg i sakte tempo - og bøkene kan lesast/sjåast i mange gonger. Så for friluftsinteresserte så er dette supre presangar!

Eg har inntrykk av at mange gjer seg ferdig med julegåvehandelen lenge før desember byrjar, men satsar likevel på at det er nokre etternølarar som framleis har nokre gåver att, og dessutan så kan de jo spare tipset til seinare :)!

Tips til friluftsfamilien: 
"Vill glede" av Mikkel Soya Bølstad

Vill glede over "Vill glede"?
Då eg høyrde at skribenten bak bloggen "Vill Glede" ,Mikkel Soya Bølstad, skulle gje ut bok om friluftsliv med barn, var eg ikkje sein om å sjekke ut om vårt lokale bibliotek hadde bestilt inn denne boka. Og det hadde dei - eg sette meg derfor på reservasjonslista (som førstemann!) lenge før boka faktisk var utgitt. Eg var ikkje sein med å hente boka då eg høyrde den var komen!
Boka "Vill Glede" - bilete henta frå nettsida villglede.no
Mikkel er tobarnspappa, lektor i zoologi, ivrig skribent og fotograf. Han har publisert ei rekkje artiklar i ulike friluftsmagasin, og er også fast skribent i bladet UTE. Og er du fast lesar av dette bladet, så kjenner du nok også igjen ein del av artiklane i boka.

Boka får fram nettopp det som er tittelen på boka - Vill glede - over å vere ute i naturen, kose seg til alle årets årstider og ha det gøy ute med borna. Dette er boka for alle foreldre som likar friluft - anten du er mest glad i toppturar, helst vil telte og fiske ved eit vatn eller berre likar å gå små turar ute i skogen. Her finn du tips til det meste. Mange av artiklane er overnattingsturar anten dei er i telt, under open himmel eller i hengekøye. Boka gir også tips til foreldre i tidsklemma om korleis ein kan få til lågterskelturar i nærmiljøet. Boka er også krydra med masse faktastoff for korleis du skal få til vellukka turar, m.a. tips til val av klede, korleis du skal fyre opp bål, pakkeliste, skitips til barn, mat på tur osb.....- noko som alltid er greitt å vite.

Men det eg likar aller, aller mest i heile boka er familien sitt manifest for godt friluftsliv: 
Vill Glede sitt manifest for godt friluftsliv (bilete henta frå Villglede.no)
Familien stilte seg spørsmålet: Kva er eit godt liv? Kva er eit godt friluftsliv? - og manifestet er svaret på desse spørsmåla. Plukk ut dine favorittar - eg slit litt med å velje, men desse kjem nok høgt på lista:

  • Prioriter livskvalitet framfor levestandard!
  • Drøm stort, lev smått!
  • Gi små barn eit stort hjerte for friluftsliv!
Er du frilluftsinteressert og har barn - ja, då er det all grunn til å danse av Vill Glede om du får denne boka under juletreet! :)

Tips til friluftsungdomen:
"Villmarksjenta" av Maria Grønntjernet

Har du ein frilluftsinteressert ungdom i huset? Er ungdomen attpåtil ei jente? Ja, då er dette boka du bør kjøpe til henne:
Boka "Villmarksjenta" (bilete henta frå www.harvest.as)
....og er du verken ungdom eller jente, men litt friluftsinteressert, så er boka uansett veldig kjekk og inspirerande lesnad!

Sommaren 2012 gjekk Maria, som då berre var 16 år, Norge på tvers - frå svenskegrensa til Vestkapp. Ho brukte 50 dagar på turen, og dette er dagboka frå denne turen. Utdrag frå boka kan du lese på nettsida Harvest.as. Boka er ein flott kombinasjon av personlege opplevingar og komplette turtips.

Noko av det som imponerte - og inspirerte - meg med boka er at Maria er svært open om kjenslene sine undervegs på turen. Vi skulle gjerne tru at ei jente som utfører slike turar, er ei knalltøff jente som ikkje er redd eller engsteleg for noko som helst - men tvert om: I boka skildrar ho fleire opplevingar der ho utfordrar seg sjølv til det yttarste - å ta seg over snødekte fjell i tåke der du veit du truleg ikkje vil sjå eit menneske på mange timar, å gå gjennom mørke tunnellar, sove åleine ute i telt obs. Eg synast det er utruleg flott at ho viser at ein treng ikkje å vere noko supermenneske for å utføre slike turar - og som ho sjølv skriv det:
"For et år siden kunne jeg ikke sett for meg dette.
Da var jeg jenta som var redd for store dyr, mørket og alt det ukjente"

"Jeg føler meg ufattelig liten her jeg står i disse enorme naturomgivelsene,
og enda mindre når jeg krysser ferske spor etter moskus"

"Om man vil bli kvitt sine redsler, må man møte det man er redd for"


Tips til friluftsentusiastane
- og gåver som hamnar under vårt eige juletre :)
Dei to siste boktipsa, er bøker som mest sannsynleg blir å finne under vårt juletre, og derfor har eg med vilje ikkje lese dei. Desse to bøkene skal vi kose oss med i romjula, og derfor må eg her basere med på det som er av "reklame" for desse bøkene: 

"Sjelebot; 33 tur- og naturperler i Hordaland og Sogn og Fjordane" av Knut Langeland

Forlaget si omtale av denne boka gjer jo at du berre føler at du MÅ ha denne: 
SJELEBOT er ei turbok som kan fortelja deg kvar du bør dra. Men aller mest er det ei turbok som ønskjer å formidla at du må dra. At du ikkje må sitja stille i livet og la høvet gå frå deg. Det er ei turbok som spreier kunnskapen om det nære, som løfter fram Vestlandet og dei vestlandske kvalitetane, og som hjelper deg å finna fram til naturperlene i nabolaget. Dei som vi så lett gløymer og overser når verda blir lita og turmåla helst skal vera fjerne.
SJELEBOT viser veg til desse plassane, til desse turane. Somme kjende, somme ukjende og bortgøymde. Med sin særeigne forteljarstil maler Knut Langeland bilete og formidlar stemningar. Saman med naturfotografen Helge Sunde viser han kor snublande nær oss det eksotiske kan liggja.
Boka inneheld 33 turar, fordelt året rundt, til fots, på ski eller med kajakk. Dei fleste turane er frå fjellheimen bergensarane elskar: Stølsheimen, Vossefjella, Kvamfjella, Bergsdalsfjella og Byfjellene, men vi blir også med til Skåla i Nordfjord i nord og til Folgefonna i Hardanger i sør.

Så vi satsar på at denne boka verkeleg held det den lovar - og gjev Sjelebot!

Siste boktips er: 
"Toppturar i Sogn" av Bjørhusdal, Haslestad og Vereide

Denne boka står sjølvsagt på ynskjelista fordi den omhandlar turar i mitt fylke. Boka er blitt utruleg populær på kort tid  - særleg blant skientusiastar. Slik vert boka omtala: 


Toppturar i Sogn er ein skiførar til 69 fjell i områda Sogndalsdalen, Fjærland, Jostedalen og Hurrungane. Sogn har dei siste åra blitt kjend som eit skiområde i verdsklasse for den som er i stand til å ta seg til topps for eiga maskin. Her finn du alt frå spektakulære tindar til botnlaus puddersnø.

Boka er delt inn i tre hovudområde. Sogndalsdalen og Fjærland er heimebana for det sterkt veksande skimiljøet i Sogndal og bygdene rundt. Snømengdene er store og stabile, og nedbøren kjem gjerne med mindre vind enn det ein er van med i andre delar av landet. Mange stader er det gode tilhøve for skogskjøring, og det er gode grunnar til at Sogndalsdalen er laussnøbikkjene sin favoritt.

Hurrungane er det ikoniske fjellområdet lengst vest i Jotunheimen, mest kjend for klatreklassikaren Store Skagastølstind. Fjell som Store Ringstind, Fanaråken og Nordre Dyrhaugstind er høge, majestetiske og klassiske vårskiturer. Toppane er tilgjengelege for dei fleste toppturentusiastar. Men her finst også stupbratte renner og flankar som berre kan tilrådast for dei mest erfarne, som den karakteristiske renna på Austabotntind.

Mellom desse to mest kjende områda finn vi Jostedalen. Det store og vide området ved
Jostedalsbreen, der ein skientusiast kan finne alt ein kan draume om. Her er høge toppar, brear, bratte renner og herleg skogskøyring. Jostedalen er framleis forholdsvis lite besøkt av andre enn dei lokale toppturfolka, som truleg er blant dei i Noreg som har tilgang til mest nyfallen nysnø kvar einaste vinter.

Toppturar i Sogn er ein unik vegvisar til desse tre områda. Alle turane er detaljert skildra med ruteinnteikningar på flyfotografi. Til kvar enkelt del følgjer eit kart med oversikt over toppane. Boka er rikt illustrert med 160 turbilete i tillegg til flyfotografia. Toppturar i Sogninneheld óg kapittel om skihistorie, skred, vêr og tips for turar på vårsnø.

Vi gler oss til denne boka - og har du fått nokon gode tips i dette innlegget, så løp og kjøp (eller kanskje rettare sagt: klikk og kjøp!)

Vil også minne om eit par boktips eg har blogga om tidlegare: 
Og klikkar du på etiketten "Bøker" på lista i venstre spalte på bloggen, så finn du fleire boktips!

1 kommentar:

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!