...gjer at ein kan få seg ein fjell- og trimtur før det mørknar!
I dag tok eg rett og slett fri dei to siste timane på jobb
(som eg kan gjere med godt samvit fordi eg har 10 % redusert stilling :) ),
og tok turen på Hafstadfjellet frå Bruland.
Deilig å gå medan det framleis er lyst,
og ikkje minst få litt vinterstemning.
Akkurat passe med snø for min del
- nok til at det blir litt lysare ute,
men ikkje meir enn at det framleis går å gå til fots på fjellet :)
Og så rakk eg tilbake til mannen var ferdig på jobb,
og ungar skulle hentast i barnehagen!
Dette var skikkeleg input for sjela og energien,
trur jammen eg skal stjele meg to timar ekstra fleire gonger!
Hafstadfjellet i skikkeleg vinterskrud, kan du lese om her.
Og for øvrig kan eg nemne at eg held på med eit innlegg om eitt av dei mest markante (og kjente) fjella i Sunnfjord. Det kjem snart.....
Kan du gjette kva fjell det er?
Skal vi 1209 meter over havet?
SvarSlettJepp....;)
SlettDet er viktig å få tid til uteaktiviteter, vandre alene og la tankene seile sin egen sjø. Regien i livene våre må vi ta selv, og med god planlegging får vi til det meste. Noe må bare velges bort.
SvarSlettRiktig god helg!
Klem fra Ingunn
To timar gjer underverk:) Elles er denne turen også flott med hodelykt. Førde er veldig fint når det er mørkt:)
SvarSlettDet er utrulig kor godt 2 timer kan gjere :) det er ikkje all verdens til tid, men gir akkurat nok til å få litt rom og pust til å ta fatt på en hektisk dag :))
SvarSlett