fredag 29. november 2013

Kor lenge varer livet i eit nøtteskal?

Ungar er fascinerande herlege i tankegongen sin, 
og det er artig å høyre korleis dei lagar seg assosiasjonar kring det vi vaksne seier!

Kva tenkjer du til dømes når du høyrer uttrykket: "Livet i eit nøtteskal"?

Følgjande historie utspelte seg på Jonstadstølen i sommar: 

Vi er på overnattingstur til stølen, og har sett garn i håp om å få litt fisk. Vi har dradd opp garna, fangsten viser om lag 30 fine aurer (eller "kjø" som vi gjerne seier her), og eg og Steffen held på å ta fisken ut av garna. Sanna Oliva og Bendik Matias leikar rundt oss, og har mellom anna tatt i bruk fiskehåven som leiketøy.

Eg og Steffen oppdagar ei kjø som så vidt heng fast i garnet med to små tenner.
"Ja, så kort avstand kan det vere mellom liv og død" seier eg.
"Det er livet i eit nøtteskal, det", repliserer Steffen.

Så jobbar vi vidare med garna utan å tenkje så mykje over kva vi eigentleg har sagt, men etter eit par minutt kjem det frå Sanna Oliva:

"Mamma, kor lenge varer livet i eit nøtteskal????"

Tjaaa......sei det - noko godt svar hadde i alle fall ikkje vi på ståande fot!

Men historia stoppar ikkje der. I mangel av noko fornuftig svar frå foreldra, så har frøkna truleg danna seg sitt eige bilete av kva livet i eit nøtteskal kan vere for noko, og vi høyrer ho seier:

"Bendik Matias - har du lyst til å vere livet i eit nøtteskal?" 
- kor ho deretter tar fiskehåven og trekk den over hovudet på han....:)


Med denne historia, så ynskjer eg dykk ei fin første adventshelg! 

Desember er ein glimrande månad for å kome seg ut på tur med hovudlykt, tenne bål, kose seg med gløgg og pepparkaker, og kanskje allereie no plukke ut årets juletre? Og er det litt snø, så legg dykk ned og lag englar i snøen - kjekt for både born og vaksne!

Inn i julemånaden, gir eg dykk Peter Jöback sine Änglar i Snön - den set i alle fall meg i julemodus!:

tirsdag 26. november 2013

Slik var E39 på 1800 - talet : Tunvall på Sande

Kva skjer om du søkjer opp stadsnamnet "Smørsteinen" på yr.no?
Jau, då får du 3 treff og den eine av dei er i Gaular!

Ikkje så gode værvarsel for Smørsteinen framover, men torsdag kan jo vere ein fin dag for tur?
Smørsteinen skal frå gamalt av ha vore brukt til ofring,
og derav namnet Smørsteinen. 

Bendik Matias viser nøgd fram Smørsteinen!

Og Smørsteinen finn du på gamlevegen mellom Sande og Gaular
- 1800-talet sin E 39!
Om vi klagar på vegstandarden i dag, 
så er det ingenting mot kva den truleg var den gong....
men då ferdast dei vel helst med hest og kjerre, eller berre beina, 
så krava var nok heller ikkje dei same!

Ville du køyrt med bilen din her?

Bendik Matias er klar for tur på "E39",
og håpar å finne forhold for å teste rumpeakebrettet!
Skiltet viser at vi er på veg til Tunvall, og at det ikkje er langt igjen til målet :)
På helgas søndagstur vart det eit gjensyn med husmannsplassen Tunvall,
som du passerer når du går på denne gamle vegen mellom Sande og Førde. 
Vel 3 år sidan sist vi var der: 
eg som høggravid med Bendik Matias og vesle Sanna Oliva på 1,5 år.
Denne gongen fekk også Bendik Matias oppleve turen ute i frisk luft. 
Vi fekk også etterkvart selskap av tante/svigerinne og to søskenbarn. 

Fin tur for små bein, 
og sjølve turmålet er nærare omtala i innlegget frå september-10.

Vil leggje til at dette er ein tur som eignar seg godt for å gå med hovudlykt, 
for deretter tenne bål når ein kjem fram! 
Så det må vi kanskje prøve å få gjort i nær framtid....

Sidan sist er det kome opp eige stativ med postkasse til boka.
Dei små sloss om å få opne opp.

Mange informative tavler undervegs på turen, og kjekt å sjå bilete av korleis det faktisk såg ut ein gong!

....for slik ser det ut no!
Tunvall var ein husmannsplass under garden Sande, og plassen vart lagt ned rundt 1930, men husmurane står enno. Vegen som går forbi her vart lagt ned rundt år 1900. I storleik kunne garden måle seg med mange gardar i bygda. Då den siste brukaren, Petter Larsson Eldal, tok over i 1878, måtte han svare kår til den førre brukaren, Anders Jonassen Sande. Det var uvanleg for ein husmannsplass, men fortel litt om storleiken på plassen. Tunvall var mest truleg ein eigen gard før Svartedauden, og vart øydejord etter det. Ved folketeljinga i 1865 budde det 5 personar på Tunvall og dei hadde 1 hest, 4 kyr, 16 sauer og 2 geiter. Dei sådde 1 1/2 tønne havre og like mykje potet.
(utdrag frå teksten på informasjonstavla)


Når ikkje bæremeisa er i bruk, kan den jo også nyttast som kvilestol....

Turen fekk oss i lett julestemning,
siste helga før adventstida startar:
Tynt snølag, nisseluer på dei små og nybaka pepparkaker :)

søndag 24. november 2013

Å få auga opp for Storehesten (1209 moh)!

Storehesten som ruvar 1209 moh er lett å leggje merke til med si markante form!

"Nærast er du når du er borte, 
noko er borte når du er nær"...

.....heiter det i diktet til Tor Jonsson. 

Dette gjeld ikke berre for kjærleiken, men også for dei tinga vi har rundt oss kvar dag.
Dei tinga vi ser så ofte at vi nesten blir blind for at dei faktisk er der!

Eg tar meg sjølv i at det er blitt slik når det gjeld forholdet mitt til fjellet Storehesten (1209 moh) i Bygstad i Gaular - eller Kvamshesten som det står på kartet.

Fjellet eg har sett på sidan eg var lita jente,
fjellet vi ser kvar gong vi køyrer frå Sande til Førde (eller omvendt),
som kneisar midt i mot oss når vi køyrer mot Bygstad eller Dale,
og som vi ser meir eller mindre frå "alle" fjelltoppar i Sunnfjord og omegn.

Storehesten tar du sjeldan feil av, 
med si markante form er den lett å kjenne igjen.
Og det er alltid stas å kunne sjå til Storehesten når ein er på fjelltur! 

Men nettopp fordi eg har sett på fjellet så mange gonger, 
så blir eg nærast blind for kor særprega fjellet faktisk er!

Eg er 100 % sikker på at dersom eg hadde vore oppvaksen ein annan stad i landet,
og kom køyrande på E39 mellom Sande og Førde for første gong, 
så ville eg garantert lagt merke til dette fjellet!
(med atterhald om at det ikkje låg dekt i tåke sjølvsagt....).

Og eg kan forestille meg korleis samtalen ville foregått i bilen vår: 
"Oiii, sjå det flotte fjellet!"
"Fantastisk!"
"Vi må nesten stoppe å ta bilete!"
"Går det an å gå opp dit, tru? Det ser frykteleg bratt ut, men kanskje på baksida?"
"Kva heiter det, vi må heim og sjekke på kartet.... dette fjellet må vi opp på!"

Storehesten fortenar absolutt omtale i ein blogg som primært handlar om turar i Sunnfjord,
ja, det er nærast ei skam at det ikkje har kome før.....
men fordi eg har blitt "blind", så kan eg heller ikkje skryte av å ha vore der så veldig mange gonger. Og sist gong var før denne bloggen vart starta....

Eg har vore der, og derfor blir den gjerne ikkje prioritert som turmål, 
- vi prioriterer jo som regel gjerne nye toppar!
Dessutan ligg fjellet så nært oss at vi tenkjer at det kan vi alltids ta igjen seinare. 
Dei siste somrane har vi sagt: 
"I år MÅ vi ta turen opp på Storehesten igjen, det er altfor lenge sidan sist!"
Men det har blitt med tanken....

.....heilt til i haust!
Ein fin septemberdag tok eg fri frå jobb, 
og tok turen åleine. 
Det er ikkje så ofte eg går såpass lange turar åleine, 
men det går faktisk veldig fint :)

Turen er godt merka, 
og trass i at eg ei kort stund var noko skeptisk grunna meir og meir tåke,
hadde eg ikkje noko problem med å sjå neste varde. 
Eg treng ikkje gje utfyllande detaljar om turen,
for den er godt omtalt mange andre stader: 
Sjølvsagt har fjellet sitt eige motbakkeløp - Storehesten Opp,
og går du inn på sida deira: www.storehestenopp.no
så finn du også ut korleis du sjølv kan finne fram dit. 
Eller du kan lese turomtale på UT.no sine sider.
(Eg starta turen min ved enden av Rytnevegen ved Berge i Bygstad, 
og som er det som er foreslått på ut.no sine sider.) 

Turopplevinga mi vert derfor først og fremst skildra i bilete, 
og kva passar vel betre enn det når ein skal "få auga opp for Storehesten!"?


Storehesten før og etter turen: før start og undervegs til toppen var den delvis tåkelagt,
på veg ned att forsvann til slutt all skodde!


På grunn av motbakkeløpet, har det blitt gjort mykje tilrettelegging av stien.
Så det er nesten så du kan gå på sokkelesten heile vegen....

Kårstadstølen ligg ved foten av Storehesten. Det ser bratt ut, men normalruta går rundt fjellet, rundar heile baksida og opp på vestsida av fjellet.
Du kan også gå opp eggja til høgre (austsida) i biletet om det er tørt føre.

Fin utsikt i retning Bringeland, Skilbrei og Førde. Men snudde eg meg andre vegen, var det heller tåkefylt.
Oppe ved Skardavatnet. Tåka ligg framleis over toppen av Storehesten.

Ved Grunnevatnet ligg ein flott gapahuk som det kan vere fint å søkje ly i
dersom ein skulle kome ut for dårleg vær. Og det kan skje....

Vi rundar rundt dette vatnet også før vi startar oppstigninga mot toppen. 
Oi, oi, oi - tåka blir tettare og tettare. Kor tett kan ho bli?
Men eg hadde heile tida god sikt til neste varde, så det var ingen problem.
God merking!

Endeleg - toppen er nådd!

Tåka byrja å lette, og eg fekk nyte utsikta i korte, men stadig lengre glimt!

Eg ser ned att til Bygstad, innerst i Dalsfjorden
Lisjehesten er - som namnet tilseier - lillebroren til Storehesten med sine 912 moh.
Eit turmål som står på ynskjelista mi :)
Utsikta til Lisjehesten følgjer deg heile vegen opp mot Storehesten.  

Og vel nede att ved Skardavatnet, så var tåka heilt vekke frå Storehesten....typisk!
Men utsikta til områda rundt har eg sett før, så for min del var det ikkje så farleg.
Det var uansett ein fin, fin tur!

Sidan eg ovanfor skreiv at Storehesten ser du "meir eller mindre frå alle fjelltoppar i Sunnfjord og omegn", så tar eg med nokre bilete frå tidlegare turar der vi har sett til Storehesten - og der vil du også tydelegare sjå den markante og lettkjennelege forma som fjellet faktisk har: 


Først ut er frå ein tur til Bergsheia i august i år (som vi enno ikkje har fått blogga om) - Bergsheia ligg rett sørvest for Storehesten: 
Ved varden på Bergsheia ser vi rett bort på Storehesten

Tåka ligg ofte og lurer rundt Storehesten

Vestsida av Storehesten - frå stien opp mot Bergheia
Ved Bergsstølen som ligg på Bergsheia. Storehesten i bakgrunnen. 


Sidan vi no er i den kalde årstida, så kjem det også nokre flotte vinterbilete av Storehesten: 
Storehesten, Lisjehesten og Blegja - sett frå tur opp til Kjelstadnakken frå Sundsdalen 12.12.12

Her er også Storehesten sett frå tur til Kjelstadnakken i des-12

Lisjehesten og Storehesten sett frå Halbrendsnipa i des-13

Baksida av Storehesten (og Lisjehesten til venstre) sett frå tur til Steinkorsen i januar-13.
Sælastølane i front. 

Storehesten sett frå vintertur til Klungeren frå Masdalsgjerdet

Storehesten sett frå varden på Klungeren

Langt vekke, men likevel nær: "Nærast er du når du er borte".....
Her ser vi Storehesten på tur til Rimmane på Rørvikfjellet.


Og ynskjer du å sjå Storehesten i fugleperspektiv for å danne deg eit endå betre inntrykk, 
så kan du klikke på denne filmen på youtube: 







torsdag 21. november 2013

Å stjele seg to timar ekstra...


...gjer at ein kan få seg ein fjell- og trimtur før det mørknar! 

I dag tok eg rett og slett fri dei to siste timane på jobb 
(som eg kan gjere  med godt samvit fordi eg har 10 % redusert stilling :) ),
og tok turen på Hafstadfjellet frå Bruland. 
Deilig å gå medan det framleis er lyst, 
og ikkje minst få litt vinterstemning.
Akkurat passe med snø for min del
- nok til at det blir litt lysare ute, 
men ikkje meir enn at det framleis går å gå til fots på fjellet :)

Og så rakk eg tilbake til mannen var ferdig på jobb, 
og ungar skulle hentast i barnehagen!

Dette var skikkeleg input for sjela og energien,
trur jammen eg skal stjele meg to timar ekstra fleire gonger! 

Hafstadfjellet i skikkeleg vinterskrud, kan du lese om her.

Og for øvrig kan eg nemne at eg held på med eit innlegg om eitt av dei mest markante (og kjente) fjella i Sunnfjord. Det kjem snart.....
Kan du gjette kva fjell det er?


søndag 17. november 2013

Instaweather frå Ulltangstølen


Endeleg - etter ei (for oss) lang pause, 
var det tid for litt fjell-luft igjen! 
Mykje vær dei siste dagane - regn og vind, 
så turmålet vart ikkje så langt. 
Så ein liten værrapport frå Ulltangstølen, 
er det vi kan melde om i dag. 
Men vi er godt nøgde med å ha vore ute i ruskeværet - trass alt!

Lite aktivitet på bloggen i det siste også, 
først og fremst grunna fjellfri  (og nettfri) ferie.
14 dagar med sol, varme og bading
gjer seg - sjølv for fjellfantar! :)

Men no er vi definitivt tilbake - også på bloggen, 
og mange av sommaren og haustens turmål står framleis på vent!
Så her er nok å skrive om, 
berre vi får tida til å strekke til :)

Ynskjer du å ta tur til Ulltangstølen, kan du lese turskildring i innlegget frå april-2012.