mandag 7. oktober 2013

Oppstryn (2): Skjerdingdalssetra - Jøl bru, om Glera

Steffen bloggar: 


SPEKTAKULÆR FERDSLEVEG NED STRYNEFJELLET
-  gå eller sykle Himalaya-stien i staden for rv 15!

Dette er turen du skal ta om du vil oppleve ein spektakulær bufarveg som går gjennom glattskurte sva, skote ut i hòle fjellet (Glera) - og med fossen buldrande nede i avgrunnen 200 meter under deg, og like glatt fjell over hovudet like opp i himmelsjå... For, i staden for å køyre gjennom det mørke tunellholet i siste tunellen ned Strynefjellet mot Oppstryn (som du har køyrt 1000 gonger før!) - Ospelitunnelen - så tar vi i staden  "snarvegen" på utsida ovanfor tunellen og går bort i fjellsida - og kjem så, inn att på asfalterte rv 15 nedanfor tunnelen, ved den ærverdige steinbrua Jøl-bru
Denne utskotne råsa er den gamle bufarstien Oppstryningane ordna seg i fjellsida på 1800-talet, slik at dei skulle sleppe å jage beista ein 3 mil lang omveg til/frå stølen. Dette byggjeprosjektet kom til, klok av skade, etter at over 20 nautebeist fraus i hel oppe på Nautebreen,  då ein skulle buføre til stølen. 
Med deg på kjøpet får du ein eksosfri fottur gjennom ei flott stølsgrend, spektakulær "veg"-ingeniørkunst og framifrå natur, like ved skredstasjonen i Grasdalen. Ja, kvifor ikkje kombinere denne fotturen med den ordinære reisa du tar over Strynefjellet? Turen er på kring 6 km.

Les også dei to andre turane eg to i Oppstrynsområdet på same ferda i haust:
Reievegen til Skjerdingdalssetra om det utskotne fjellpartiet - Glera - var den einaste direkte vegen ein hadde til Skjerdingdalssetra, då det først var i 1975 at biltunnelane på Strynefjellet kom til. Eg må skunde meg å nemne at turen utanom Glera er heilt utan dramatiske element, og er ein lettgått tur. Dvs - naturen her oppe er dramatisk så det held!

Eg gjekk turen nedover frå Skjerdingdalssetra til Jøl bru. Sidan eg var åleine på turen, tilpassa eg avreisa slik at eg parkerte bubilen ved Jøl bru, hoppa på Trondheimsekspressen på føremiddagen og sat på denne gjennom den 2,7 km lange Ospelitunnelen (til minstetakst!) opp til Skjedingdalssetra vel ute på andre sida av tunnelen, der eg hoppa av og byrja fotturen.
Midt mellom dei to nederste tunnelane mot Oppstryn, ligg den naturskjøne Skjerdingdalssetra, 
like ved bilvegen. Her starta fotturen min; først nordover dalen til eg kom til
 
ei god bru eg kunne passere, deretter sørover langs elva. 
Biletet nedanfor: Det utskotne fjellet - Glera - ser mindre dramatisk ut frå avstand enn tett på. Før 1975, då Strynefjellstunnelane kom, var Glera den einaste direkte vegen til Skjeringdalssetra om ein då ikkje ville gå 30 km omveg! Heile turen går likevel på fin sti, men ein må vere årvaken gjennom sjølve Glera. 

Utsyn sørover mot svaa der stien går gjennom Glera, sett frå rv 15.

Her, like oppa for Ospelitunellen på Strynefjellet (like ut for venstre biletkant), starta turen min. Den uthogne stien i fjellet gjennom Glera til høgre.



















SKJERDINGDALSSETRA - stølane til gardane i Oppstryn
Fakta: Denne setra, som er karakterisert som eit heilskapleg stølsmiljø, ligg der Skjeringsdalen og Grasdalen møtast, omlag 600 m o. h. og 4-5 km frå dei øvre gardane i Hjelledalen. Stølen ligg godt synleg i terrenget oppå ein morenerygg. Stølsvegen kan ein følgje heilt frå dei øvre gardane i Hjelledalen. Om lag 15 stølshus står spreidd på stølsvollen. Nokre av stølsbygningane er bygde opp att og har ein noko avvikande form frå dei gamle stølshusa. I dag går den nye Strynefjellsvegen like forbi setra.



Skjerdingdalssetra slik den ser ut frå bilvegen over Strynefjellet. Frå denne setra gjekk eg gjekk eg først innetter dalen (nordover), langs elva, eit kort stykke til eg kom til ei god bru over elva Skjerdingsdøla. Så vende eg nasa sørover, langs elva










Brua over Skjerdingsdøla nede i høgre biletkant.
Når du er komen over denne, følgjer du stien som går nedover langs elva















Sørover mot Glera er vegen gjennom ura
bearbeidd av menneskehand


Den glade vandrar nyt panoramautsikta. Skjerdingdalssetra bak midt i biletet



Fleire idylliske badekulpar og fossar langs med stien
Sør for Glera byrjar nedstigninga i retning Jøl bru. Vegetasjonen aukar. Stien går borte i høgre fjellside
Der har du vore før - i bil opp/ned serpentinarsvingane på Strynefjellet, nede i høgre biletkant



Jøl bru: Start- og sluttpunkt på turen
Jøl bru er namnet på to bruer i Hjelledalen i Stryn kommune i Sogn og Fjordane. Bruene kryssar elva Skjerdingsdøla ovenfor garden Skora. Den gamle brua (opphaveleg kalla Gjøl bru) er ei steinhvelvbru, og var en del av den første vegen over Strynefjellet, som ble åpna i 1894. Bygginga av brua begynte 25. september 1882, og brua sto ferdig 16. august 1883. Brua er 60 meter lang, og går i en skarp sving over et 50-60 meter djupt gjel. Det er 8 meter frå toppen av brua og ned til sjølve brukvelvinga. I samband med bygginga av heilårsveg over Strynefjellet blei det i 1976 bygd ny bru ved sidan av den gamle og er ein del av riksveg 15 (Wikipedia)
Nesten nede på asfaltert veg att ved Jøl bru.  Rundturen er over!
Bubilen som vart forlaten til fordel for Trondheimsekspressen på formiddagen, ventar med lengt på sjåføren






***
Som ein kuriositet, i desse esktremsporttider, kan eg nemne at det nyss er halde eit sykkellaup ned stien eg har skildra - Folven Sykkelfestival. Dei gav stien det karakteristiske Himalaya-stien. Sjå her:


4 kommentarer:

  1. Hmmmm..... var en utrulig fin tur dette! Var nesten sånn at eg vurdere om eg kan få til en sånn tur sjøl! Sitt med penn og papir og notere ;) tar vel 2,5t med bil ifra meg dit. Brukte du lang tid på turen, og rekne med den er bæremeisvennlig?

    SvarSlett
    Svar
    1. Glemte en ting: Heilt nydelige bilder Steffen! :-D

      Slett
    2. Stien er "brei" og fin å gå, men det er bratte og glatte sva rett under. Men det taklar nok du med bæremeis:) ville vere meir skeptisk til å sleppe lillemann ut på eigne bein... Turen er ikkje lenger enn 5-6 km (ein veg), så den gjer du unna på eit par timar. Eg har også denne turen på lista mi! Liv Janne

      Slett
  2. Kjekt å se så mange flotte bilder av Himalayastien - her skal eg sykle neste helg. No gleder eg meg enda mer.

    SvarSlett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!