tirsdag 29. oktober 2013

Nysgjerrig på Sunnmøre? Les boka "Opplev Sunnmørsalpane"!

No når hausten snart er på hell, kveldane blir mørkare og mørkare - og det freistar meir og meir med lys og innekos, kan det vere på sin plass å kome med nokre boktips. Her er eitt:

Har du nokon gong køyrt gjennom Sunnmøre,
sett på det vakre landskapet, dei flotte fjordane og ikkje minst dei spisse, alpine toppane
og tenkt at her må det fantastiske mogelegheiter for eit aktivt friluftsliv?
Ja, då har du tenkt heilt riktig! 

Og er du slik som meg, med andre ord ikkje så altfor godt kjent i dette området, kan det vere greitt å lese seg litt opp på kva Sunnmøre faktisk har å by på. Eit godt tips er då å lese boka "Opplev Sunnmørsalpane - friluftsliv frå fjord til fjell" av forfattarane Stig J. Helset, Fredrik Sigurdh og Eirik Vaage. 

Kva er vel betre ein sein og mørk oktoberkveld enn å drøyme seg vekk til
vakkert landskap og flotte friluftsopplevingar?
Med duft av eple og kanel frå Air Wick-lyset, god Nespresso i koppen
og litt sjokolade lar ein seg lett fange inn i naturopplevingane i boka....

Då eg bladde gjennom boka første gongen, tenkte eg den nesten vart litt overflatisk: fordi den skal presentere så mykje, så rekk den ikkje å gå i djupna på dei ulike områda. Men når ein les forordet, så skjønar ein at poenget med boka faktisk er å vise breidda av friluftsliv du kan drive med på Sunnmøre - eller det store mangfaldet av høgkvalitets-opplevingar du kan få i naturen på Sunnmøre, som forfattarane sjølv seier det. Her får du "det beste av det beste" innanfor kvar friluftsaktivtet på Sunnmøre. Boka skildrar skiturar, fotturar, klatreruter, padleturar, sykling på landeveg, bratt sykling, paragliding, dykking, longboarding, vindsurfing og kitesurfing - ja, som du skjønar, her er dei innom det aller meste. Og derfor bør det vere noko for ein kvar smak. Min favoritt var sjølvsagt kapitlet om toppturar til fots: 
Her var det litt som freista ..... berre sjå på biletet på høgre side av boka...
Råna og Urkedalstindande er eitt eksempel
på freistande fotturar:)
Og kva er det som så gjer Sunnmøre så spesielt? Kva er det som skal freiste nettopp DEG til å dra til Sunnmøre for å drive friluftsliv? 

Nettopp DET skildrar forfattarane godt i innleiinga si: 
"Det spesielle med Sunnmøre er det store mangfaldet - breidda - spennvidda av ulike typar naturopplevingar ein kan få  innanfor korte reiseavstandar. Frå dei sunnmørske fjelltoppane ser ein utover eit fantastisk alpelandskap og rett ned i djupe fjordar. Ved kystlinja kan ein sjå ein horisont som strekkjer seg heile vegen til austkysten av Amerika. Mellom desse to ytterpunkta er det både eit hav og eit fjell av varierte opplevingar: skikøyring, klatring, kajakkpadling, surfing, kiting, sykling, dykking og meir til. Det mest utrulege er at du kan oppleve alt dette innanfor ein radius på 30 km og maksimalt to timar med bil. I Sunnmørsalpane sin fascinerande natur finn ein sitt eige, høgst personlege eventyr, utan å stå i kø eller betale mykje pengar for opplevingar i naturen. Kjensla av å nå villmarka like utanfor sentrum er veldig spesiell og gir varig inntrykk i sinnet.....

....Sunnmørsalpane er så ville og vakre at ein ligg vaken om natta og tenkjer: Det å kome til ein slik stad burde vere eventyrarens største draum!"

Eit kjapt søk på nettet, syner at boka er å få kjøpt i fleire nettbokhandlar, men her er i alle fall linken til utsalet til forlaget Fri Flyt som har gjeve ut boka:  "Opplev Sunnmørsalpane - frilluftsliv frå fjord til fjell" 

Og skulle du heller ynskje å fordjupe det i ei bok som berre omhandlar fotturar på Sunnmøre, så kan du jo prøve denne :) :
"Fotturar på Sunnmøre" av Helge J. Standal,
Jon Hagen og Gunnar Wangen presenterer
ikkje mindre enn 264 hovudturar på Sunnmøre!

4 kommentarer:

  1. Fristende bok! Det går jo an å ønske seg den til jul. Jeg har bare vært på Slogen, så her er det mange fjell å ta av.......

    Ønsker deg en fin torsdagskveld! Og i morgen kveld må alle strikke. Du blir vel med?

    Klem fra Ingunn

    SvarSlett
    Svar
    1. Slogen er då ikkje "berre, berre" :) - vi har vore der vi også, og absolutt eitt av fjella ein må få med seg på Sunnmøre. Vi har vore i sydlegare strøk i 14 dagar, så derfor litt fråvær på bloggen - og fekk derfor heller ikkje med meg strikkekvelden ;) Men får ta det att no når haustmørket og regnet har slått inn for fullt!

      Slett
  2. Heim plassen min!! :-D eg bor midt i alle disse fjella, og du som og elsker dei!!! Råna har et vært og er en litt krevende og lang tur. Men om dokke skulle komme hit opp, så blir er gjerne med dit ;) Berre ta en titt på bloggen min om den turen http://turmedlillemannogmor.blogspot.no/2013/09/rana-1586moh-fjre-til-fjellstur-pluss.html Fotturer på Sunnmøre har og studert fra perm til perm. Den er kjekk :-) men når det gjelder fjell, fjorder og muligheter, Sunnmøre har snart alt!

    SvarSlett
    Svar
    1. Vil gjerne bli med deg på Råna, ja - kanskje det må bli ein tur oppover neste år :)))))

      Slett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!