torsdag 24. oktober 2013

Isvassnipa (1437 moh) - rundtur langs eggjene i Astrups fjellrike

Steffen bloggar: 

JØLSTER SØRSIDE - Bjørndalen rundt:  
Sandalen - Bjørndalsstølen - Flateeggane - Styggevassegga -
 Isvassnipa - Brandsegga - Høgenuken - Sandalen

Dette er fjellturen du kan skryte av å ha vore på til medpassasjerane dine kvar einaste gong  du køyrer med bil langs Jølstravatnet og passerer Ålhus: For på andre sida av Jølstravatnet  ser du opp i Bjørndalen og alle dei fine eggjene som ligg der som ein hestesko og omkransar dalbotnen!  Isvassnipa, på snaue 1500 meter, er høgste punkt og midtveges på ein fin-fin vandring langs desse tusenmeterseggjane. Med på kjøpet får du fabelaktig utsikt til fjellriket i store delar av Jølster og vèl så det! 
Din Jølsterdag, din Jølsterdag...!

Turen er på 18 km - og tar kring 5-6 timar i effektiv gange (altså utan pausar) - er ufarleg å gå - og relativt lett å navigere i  - men er utan sti etter Bjørndalsstølen. Den er likevel rekna som ein krevjande tur. Finast å gå turen med sola, om du skulle vere så heldig å få så godt turvêr som vi fekk!





START for turen:
Turen tek til på sørsida av Jølstravatnet. Køyr til kring 1 km vest for Astruptunet, dvs i retning Vassenden, og parker ved eit grustak som ligg i Indre Sandal. Du startar så å gå den korte vegstubben opp til eit kraftverk som ligg 100 meter ovanfor hovudvegen langs Jølstravatnet. Du kjem straks inn på stien som går opp i Bjørndalen ved å ta til venstre for, og halde fram bak kraftverket.

Følg så stien oppetter lia i retning Bjørndalen, og etter ei kort tid kjem du inn på den stengde bomvegen/skogsvegen som er laga innetter Bjørndalen, og som sluttar ved ein demning. Vidare på sti att vidare oppover dalbotnen til Bjørndalsstølen.



Etter kring 700 meter på sti opp lia bak kraftstasjonen på Indre Sandal, kjem ein inn på god traktorveg som går innetter Bjørndalen - og som sluttar ved ein demning.


Liv Janne i lett trav på traktorvegen, med lengt etter sola, som følgde oss resten av turen
Direktesikt mot Isvassnipa som vi nådde knappe 3 timar etter avgang frå bilen






Ved demninga sluttar traktorvegen, og ein held fram på sti over ei klopp og går vidare innetter dalen og opp mot Bjørndalsstølen. 



BJØRNDALSSTØLEN - 625 moh

Bjørndalsstølen har 14 sel - tett plassert - og er ein godt vaksen støl til å vere i Sunnfjord



Frå Bjørndalsstølen går ein langs stien vidare innetter dalbotnen eit stykkje, i retning Styggevatnet - men ikkje heilt fram til dette. For ikkje så langt innanfor stølen, kring 1 km etter denne, så forlet vi dalbotnen og stien, og gjekk skrått oppetter lia til venstre (sør-austover), slik at vi kom opp på kanten for FLATEEGGANE (1089 moh). Ingen sti, men greitt å gå i lia.


Her omtrent, 1 km innanfor  Bjørndalsstølen, tar ein  skrått opp lia til venstre - og kjem så opp på Flategga.
Så held ein fram sørover eggjane  (mot høgre i biletet).




Blå himmel - vindstilt - god niste i handa - og utrulege haustfargar - KAN EIN HA DET BETRE HER I LIVET?















FLATEEGGANE (1089 moh)
Oppe på Flateeggane går ein vidare sørover og følgjer ryggen vidare fleire høgdemeter. Det blir, etter kvart, bratt ned på begge sider av eggja, men framleis fint å gå. 

På høgre sida  di ser du 400 meter lukst ned i Styggevatnet inst i Bjørndalen. På venstre sida di ser du dei blankskurte svaa som fører ned i SKRYKLINGEDALEN og Skryklingevatnet. 

Dette partiet, der ein går langs eggjene på veg mot STYGGEVASSEGGA (1398 moh), er kanskje det mest spanande på heile turen!
På Flateegga - tendens til sti nett her. Styggevassegga ligg midt i biletet- sør for Styggevatnet inst i dalbotnen. Isvassnipa til høgre. Eggjene ser flate ut her - men har meir spenst ved seg enn biletet tilseier!
Frå Flateeggane er det fint syn nordover mot det spisse Blåfjellet som vi kom opp på sørsida av (mot kameraet).
Årdal, på nordsida av vatnet, er bygda til høgre på biletet
Utsyn mot Årdal i Jølster. Fjellet Skjorta (1472 moh) med flat topp bak til høgre

Isvassnipa midt i mot. Foto teke frå Flateeggane

Det mest spanande og naturslåtte partiet på heile turen er å gå på Flateeggane.
Skryklingedalen, i retning Haukedalen,  ned i dalen til venstre i biletet




Skryklingen er ein gamal ferdselsveg mellom Jølster og Haukedalen, og vart i si tid (fram til kring 1900) mellom anna også nytta som ledd i den organiserte fehandelen der fe/hestar som vart kjøpt opp på Sunnmøre og i bygdene søretter, vart ført gjennom Skryklingen og vidare til Haukedalen og til Gaularfjellet og Sværefjorden gjennom Sværeskardet - og så ført med båt derfrå til bygder på sørsida av Sognefjorden og vidare over fjellet til austlandet, der dei vart selde av fehandlarane på marknadar.


Attersyn mot startpunkt for turen ved Jølstravatnet. Ålhus bak.









STYGGEVASSEGGA:
Styggevasseggja ligg på sørsida av, og over, Styggevatnet inst i dalbotnen, og herfrå er det heller flatt å gå i vestleg retning og opp på toppen av ISVASSNIPA (1437 moh). 

På vandringa langs eggene har ein fantastisk utsikt til nordsida av Jølstravatnet (Ålhus og Årdalen og alle turfjella på nordsida av Jølstravatnet). Like eins har ein fin-fin utsikt vestover, like til Storehesten i Gaular. I sørleg retning ser ein mot fjella i Haukedalen og på Gaularfjellet og mot Holsafjella. For å nemne bitte litt av det storslagne utsynet...
Styggevassegga er toppen til venstre - kort og flatt bort til Isvassnipa t.h. - dagens høgste punkt, 1437 moh.
DYRISK UTSIKT!!!







ISVASSNIPA:
Frå Styggevasseggja er det heller flatt å gå, i vestleg retning, bort på toppen av ISVASSNIPA (1437 moh). Varden her er unnseleg og lite spanande. 
Flatt og fint å gå frå Styggevassegga og bort til Isvassnipa. Kvitefjellet bak til venstre


ÅLHUS i sikte frå Isvassnipa. Fjellet i himmelsjå midt i biletet er Gjegnen -  det fjellet i Noreg med 6. bestre utsikt målt etter primærfaktor.
Fjellet langt vekke,  i nord-aust ,som ber namnet sitt med rette - Snønipa (1827 moh)





Det går altså heilt fint å gå alle eggjane rundt Isvassnipa utan å klatre. Frå Isvassnipa held ein på rundturen så fram vestover, og går like etter bratt ned ryggen til eit skard, og vidare litt oppatt frå skardet ein kjem ned i fram til BRANDSEGGA (1274 MOH).

Frå Isvassnipa ser ein bort på Brandsegga (t.v), Høgenuken (midten) og Knebben (t.h)



Nedstigninga frå Isvassnipa til skardet før Brandsegga. Utsikt mot Gjerlandsisvatnet. Til høgre Kvitefjellet (1428 moh) aust for Norddalen på Holsen  - også det eit kjempefint turmål!!!


HØGENUKEN
Frå Brandsegga skiftar kursen mot nord-vest, og følgjer eggja til ein kjem til HØGENUKEN (1180 moh) og vi held fram i same retning, mot KNEBBEN.

Isvassnipa (t.v) og Brandsegga sett frå Høgenuken
Attersyn mot Isvassnipa og (t.h)  og eggene vi gjekk opp på frå Bjørndalen tidlegare på dagen

Frå store delar av turen ser ein vestover fjella til Storehesten (bakerst t.v.)



HØGENUKEN - KNEBBEN:
På strekket mellom Høgenuken-Knebben gjekk opptakta til rås såpass langt på vestsida av eggja, at vi fekk kjempefin utsikt ned i dalen vest for Bjørndalen - Sandalen. Utsikta over til Ålhus, på andre sida av vatnet og innetter til Årdalen, var og kjempefin.
I lett trav frå Høgenuken i retning Knebben



















Utsikt vestover og ned i Sandalen. Ålhus bak
Panorama mot nordsida av Jølstravatnet og fjella der. Ålhus til venstre - Årdalen til høgre for hovudet til Liv Janne

KNEBBEN- BJØRNDALEN - SANDALEN
Vi gjekk likevel ikkje heilt ut til yste del av Knebben frå Høgenuken, men tok oss etter kvart til høgre (austover) og ned att i dalsida i Bjørndalen, med retning på demninga i enden av traktorvegen. Vi følgde så traktorvegen nedover og inn på stien att, det siste stykket ned mot bilen i Indre Sandalen.



Alt i alt ein tur der du går rundt i tunn - 
og ser rundt i tunn!

6 kommentarer:

  1. Fine høstbilder og masse turglede :-) Herlig!

    SvarSlett
  2. Litt av en tur! Artig at du deler turgleden og bildene!

    Riktig god helg!

    Klem fra Ingunn

    SvarSlett
  3. Berre elsker bila dine Steffen!! Heilt nydelige :)) ser ut som en fantastisk tur i et nydelig landskap. Er en bra ur dette med tanke på lengde og topper, en sånn tur man husker lenge ;))

    SvarSlett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!