søndag 20. oktober 2013

Ikkje over bekken etter vatn: Haustdans ved Huldefossen

"Vi treng ikkje alltid gå langt for å ha gode opplevingar!"
- er ein sentral stein i vår friluftsgrunnmur! 

Slik blei laurdagen denne oktoberhelga:
Vi var turistar i eigen kommune, 
og besøkte den lokale attraksjonen Huldefossen ved Mo Jordbruksskule
- på Mostien der vi har gått mange gonger før.

Vi er på tampen av hausten, 
det har kvita på fjelltoppane,
og trea er mest utan lauv. 
Så derfor - vi tok ein haustdans med falne blad:




Vi vart fascinert over bruer og rennande elvar, 
- slår aldri feil for dei små!


Vi oppdaga ein stor flott gapahuk med grillplass og badestamp,
ypparleg for inntak av kakao og niste:





Så var vi klar for litt action igjen: 


"hati hati hati hoo - what does a fox say?"
Bendik Matias har underholdt med denne i barnehagen heile veka, 
og han gjorde det også ved Huldefossen!


Sanna Oliva heldt fram med lauvdansen:

Ein kort pustepause for å studere fossen
- med eit fall på heile 90 meter: 

Før vi dansa for fullt igjen :) 




2 kommentarer:

  1. For noken utrulig heeeeerlige bilder! Virkelig fornøgde barn på tur :)) Flott foss og flott dans. Og what does the fox say? Den går her med min på snart 2 også, synges for full hals!

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, dette vart nokon fine blinkskudd - heldig eg som har ein så flink fotograf :) - og ikkje minst han som har flinke modellar...;)

      Slett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!