mandag 14. oktober 2013

"Heimreise frå sætern" - sesongavslutning på Jonstadstølen i sommarvêr

Steffen bloggar:
"Oss ha gjórt kå gjærast skulle,
ysta óst å kjinna smør,
nå står att å kløvja øykjin,
sætja lås for sæterdør.
Kórkjé finst dæ meire føe
hær for heié heill for krist',
gla æ oss, oss slæpp åt bygden,
meire gla æ kué visst..."
 Ja, slik oppsummerer Edvard Storm det å gjere av stølen for sesongen - og det var nett det vi hadde som turmål - på Jonstadstølen i Naustdal i helga: Gluggar i selet vart stengde; musegift lagt ut; pipene dekt føre, og mykje mat og drikke vi trudde vi skulle rekke å fortære i løpet av sommaren, vart teke med heimatt. Som kvart år!
Og, ja, sjølvsagt hugsa vi å takke det underjordiske for lånet av selet i sommar; no, ved inngangen til vinterhalvåret er stølen atter i deira varetekt; nett slik ein trudde det hang i hop før i tida...

Men - for eit haustvêr det var denne helga, eller rettare: Denne helga var det faktisk betre vêr heile helga gjennom, enn det vi har opplevd nokon heil dag på stølen før i sommar. Godt den kom, no då!

Så sjølv om vi var her for å stengje, naut vi to fin-fine dagar her oppe. For kva skapar vel betre stemning enn å kome ut på stølen, inn i selet og få fyre opp i ovnane og i steinpeisen, og sidan så gå ut på stølsvollen og  sjå kor røyken leikar seg i lufta, den kjem ut av pipelaupet.... Ung, varm og uransakeleg - den òg!



Så - i god sommarånd - fyrte vi opp i utegrua ut for selet og varma oss pølser og anna godt over varmen. Alltid kjekt for dei små å få vere medbidragsytarar - eller hovudkokkar som dei sjølv ser seg -  i matlaginga si kunst. Og samtidig vite at vi har ALL den tid vi treng til aktiviteten; stoppeklokka som elles jagar oss om kvardagane er heldigvis slått av her oppe. 

Berre haustarmørket - vel klokka 19 - gav beskjed om at det etter kvart var på tide for store og små å trekkje inn i eit varmt sel - og sesse seg framfor peisen og finne fram litt etterlengta laurdagsgodt til små ganar. Også den gjekk ned på høgkant i eit stemningsfylt og skymt sel som husa fire sjeler i Naustdalsfjella....


Søndag  13.10. var det sjokkarta heitt, kring 20 grader, så ullkleda vi hadde med - og på - årstida tru, vart sjølvsagt alt for mykje.  Denne dagen hadde vi oss rotur på eit haustblankt Jonstadvatn som hovudaktivitet, i fantastisk  haustskrud. Ferda tvers over vatnet gjekk med ustødige åretak - for begge juniorane gjorde krav på, respektivt, å få ro trebåten på fars fang - over på nordsida av vatnet og til utosen, ved Dyttingane. Då hadde vi, berre med nokre få åretak, forflytta oss frå Naustdal til Flora kommune; lett å skifte kommune no i desse annonserte kommunesamanslåings-tider...


Her, på andre sida av Jonstadvatnet, tok vi oss i land på svaberga og gjekk til fots opp på det fine utsiktsfjellet Osefjellet. Tørrt og fint å gå på småberga her, gjennom svært glesen furuskog med verbitte og forvridde småfuruer. Frå toppen - berre 70 meter over Jonstadvatnet hadde vi panoramautsikt over Jonstadvatnet, nausta og til delar av Jonstadstølen. Like eins er det fint utsyn vestover mot Agledalen, Langedalen og i retning Eikefjorden.




Som laurdagen gjekk også søndagen fort på lune Jonstadstølen. Nok ein stølssesong er over - neste år går ungane endå lettare ut til stølen på eiga hand, og den naturlege utforskartrongen er venteleg endå større enn den alt er. Vi gler oss - kjære Jonstadstøl - til å komme attende neste vår - som alle vårar - store som små... Det var berre å pakke tursekkane for heimferd , og  sætja lås for sæterdør . 

Kom nå alt hær finst te sætra,
kom å følg åt bygden ne!
Heile jórde æ nå ryógt,
kårt eit strå høyr' fænan te;
skónd' døkk, folkjé vænta heime,
buforlæfsa vill døm hå:
Hær æ inkje meire gjæra;
folk å fæna, læt oss gå!

Edvard Storm


3 kommentarer:

  1. Dette var eit kjempekoselig støylsinnlegg :)

    SvarSlett
  2. Koseleg innlegg .Heldige de er som har ein støl....:-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, vi kosar oss veldig på stølen og er glad for å ha den!

      Slett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!