tirsdag 8. oktober 2013

Fortel meg kva du les.....

....så skal eg fortelje deg kven du er! 

"Kva har du liggjande på nattbordet ditt?"
er eit spørsmål som ofte blir stilt i intervju.
Truleg vil svaret fortelje noko om kven vedkomande er, 
og ein er gjerne ute etter om vedkomande les bøker eller ikkje,
og i så fall kva type bøker som blir lest. 

Eg har ein HAUG med bøker på nattbordet,
ikkje for at eg les så veldig mykje på senga,
men det er liksom blitt den mest naturlege plassen å leggje bøker som skal bli lest. 

Lysta til å lese bøker er for tida større enn tida vi har til rådvelde.
Med stort pågangsmot lånar eg ivrig bøker på biblioteket,
men stadig oftare opplever eg å returnere dei før eg i det heile har fått sett på dei! 

Vi har derimot ein anna plass vi også har bøker...
ved sida av sofaen i stova! 
Ved ein kikk ned på desse bøkene i går kveld, 
levna dei i alle fall ingen tvil om kva som er blant hovudinteressene her i huset: 

Bøker som fortel at vi har små barn og likar aktivt friluftsliv!
 
Bøker som fortel at vi likar å lese om andre sine naturopplevingar,
nye turområde og at vi snart skal på tur til Gran Canaria :)
Og dette var "min" del av bøkene som låg der,
eg skal ikkje gå i detaljar om kva Steffen sine bøker handla om...
men friluftsliv er stikkordet der også (og kanskje noko foto!)
Og på nattbordet ligg dei skjønnlitterære bøkene eg prøver å få lest!

Kva bøker har du på nattbordet ditt eller ved sofaen?

(og planen er at eg skal skrive innlegg om nokre av bøkene ovanfor - berre eg rekk å lese dei...)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!