Alle populære toppar må ha ein varde med bok i! Stadfesta at eg har vore der i dag!
I dag var ein slik dag der eg kunne ha funne "tusen" gode unnskyldningar for ikkje å gå på tur.
Nokre eksempel er:
1) Det regnar ute = det freistar mindre å gå ut
2) Det er skodde = ser jo ikkje noko uansett
3) Eg er urven i kroppen og har ei stemme som liknar på Åse Kleveland= eg er ikkje i form til å gå på tur
Alt dette vil for mange vere gode nok grunnar til å ikkje ta turen, men så gjaldt det å finne argumenta for å gå på tur:
1) Etter ei veke i låglandet, var det freistande med ein fjelltur
2) Dette var kanskje min einaste sjanse denne helga til å få ein liten fjelltur
3) Er eg heldig, så klarar eg kanskje "å gå av meg" forkjølinga. Og i alle fall, det blir som regel ikkje verre.
4) Og ikkje minst: Eg angrar ALDRI på ein tur (angrar heller på dei turane eg ikkje tok!).
Med avgrensa tid til rådvelde og variabel motivasjon, gjaldt det då å finne ein tur som var lett og grei, men samtidig stor nok til at eg følte eg fekk tatt meg ut litt - då var Hafstadfjellet frå Bruland eit veldig godt alternativ.
Slik vart det, og for dei av dykk som jamleg følgjer meg på bloggen, så har de kanskje fått med dykk at denne turen i utgangspunktet ikkje er nokon storfavoritt.... - men i dag var den eit enkelt og veldig godt val: "Det enkle er ikkje alltid det aller beste, men veldig ofte er det godt nok!"
Og i dag ga faktisk turen meirsmak - så kanskje det ikkje blir lenge til neste gong?
(PS: Turen angrar eg definitivt ikkje på, men stemma mi er framleis like hes!)
|
Huff ja, Hafstadfjellet er så som så. Men det er eit ok tur for trimmen sin del, og også som du påpeikar eit fint alternativ i "skjetveir" :)
SvarSlettHei.. for en flott blogg du har med mange fine bilder og ikke minst innspirerende turerer.. skal sette meg ned og lese gjennom mere at den etterhvert :) :)
SvarSlettDet siler ned her også, men har et håp om at etter fårikålen så letter det. I alle tilfelle skal jeg ut i kveldinga. Jeg går med skritt-teller og har et mål å nå. Under over alle under! Nå titter sola fram!
SvarSlettFortsatt fin søndag!
Klem