søndag 8. september 2013

Hegrenesnipa - berre èin fattig meter i frå....

......å vere 900 moh over havet! 
Men sjølv om 899 moh er relativt beskjedent blant fjella i Jølster,
så er toppen som ligg mellom Ålhus og Årdalen,
godt synleg når du kjem køyrande. 
Markant med si runde form, 
og utsikta er det definitivt ikkje noko å seie på!

Flott utsikt over Jølstravatnet i retning Jølster. Ålhus ligg nede i dalen.

Siste del av oppstigninga mot Hegrenesnipa - vi ser litt av Årdalen og Jølstravatnet oppover mot Skei
Slik finn du fram:
Frå E39 frå Førde mot Skei, tar du av til venstre i Årdalen på skilt merka til Erikstad. Køyr innover Årdalsdalen. Parkeringsplass ved ferist på vegen mot Årdalsdalen på venstre side (rett etter plassen der du betaler bompengar om du skal vidare innover dalen). På parkeringsplassen står det stort informasjonskilt om turen. Etter ferista tar du 2. skogsveg til venstre, og følgjer denne oppover til Øyskaret. Frå Øyskaret er det sti siste delen opp mot Hegrenesnipa, og denne er merka med raudt. På grunn av myrete terreng er stien noko utydeleg einskilde plassar, men følg med på dei raude merka, så held du rett kurs! 
Samla distanse: ca. 7 km   Turtid: 2-3 timar t/r 

Turen er også omtala i heftet "17 turområde i Jølster" - turområde 7. 
Bilete frå informasjonstavla ved parkeringsplassen. Det same biletet som er brukt i turheftet. 

Kartutsnitt frå ut.no: Hegrenesnipa ligg flott til mellom Ålhus og Årdalen i Jølster. Bjørsetfjellet i front. 

Vi hadde ein nydeleg fin tur prega av kombinasjonen mellom sommar og haust - varmt og lummert i lia, og kald og frisk vind på toppen! 
Skilt ved starten av skogsvegen.
Vegen du ser går vidare innover Årdalsdalen - for øvrig eit flott turområde!
Fin utsikt over Jølstravatnet i retning Skei allereie tidleg på turen. 

Vi går rett gjennom mastene til kraftlinjene.
Hegrenesnipa i bakgrunnen!

Fin sti siste stykket opp mot Øyskaret, før vi skal runde opp mot Hegrenesnipa på høgre side. 



Vi er så vidt byrja på oppstigninga frå Øyskaret mot Hegrenesnipa.
Vi ser ned i Ålhusdalen og skogsvegen mot Gotdalsstøylen. 


Varden på Hegrenesnipa.
Sjå den flotte utsikta nedover mot Jølster til Vassenden!


Det er alltid spanande å sjå om vi finn noko oppi postkassa:
"Eg fann, eg fann," ropar Bendik Matias og viser stolt fram boka. 


Mor må signere i boka på vegne av store og små. 


Ålhus nede i dalen og haustlege fargar i front. 


2 kommentarer:

  1. Dokke har så mange fine turmål der nede! Rett flott område :) Ser på kartet at der er fjell på alle kanter hos dokke også, så dokke har nok å ta av også.

    SvarSlett
  2. Så mange fine, koselige turer og turbilder på bloggen!

    Mvh
    Mikkel

    SvarSlett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!