søndag 1. september 2013

GAULARFJELLET: Gottopphesten (1492) - tur i alpint terreng med storslått utsikt

Steffen bloggar:


Ikkje Storehesten, Li(sje)hesten eller Den Norske Hesten - men GOTTOPPHESTEN!
Eg har i tidlegare blogginnlegg skrive at einkvar kommune med respekt for seg sjølve, har minst eitt fjell som heiter Blåfjellet/Blånipa. - Så også er tilfelle med fjellnamnet hest; anten fjell som berre heiter Hest åleine, eller som startar med eller endar på -hest; så som t.d. den kjende Storehesten i Gaular kommune.

"Hesten" eg og Liv Janne gjekk på ein godversdag i ferien i august, heiter GOTTOPPHESTEN (1492 moh), og ligg så vidt inn i Balestrand kommune på vegen over GAULARFJELLET, frå Gaular. Herfrå er det storfelt utsikt i Sogn - og langt inn i fjella i Sunnfjord.Det var på ein fjelltur på fjellet Johannesberget for fleire år sidan, vi fekk auge på denne flotte og majestetiske hesten, som vi straks bestemte oss for at vi ville gå på - og no, fleire år seinare, baud sjansen seg til å sale på Gottopphesten. Fjellet gjev ei utsikt som verkeleg ber preg av å ha kome på hesteryggen, for å seie det slik!



Rundtur
Vi bestemte oss for å gjere turen til ein fin rundtur. Vèl klokka 9 var vi i posisjon på bilvegens høgaste punkt på Gaularfjellet på kring 700 moh; vi parkerte ved den gamle Brøytestasjonen til Statens Vegvesen på venstre side av vegen i retning frå Førde/Gaular.


Start: Brøytestasjonen på Gaularfjellet.  Så på sti til varden ved Skarvedalsvatnet. Resten av turen utan sti, først opp på ryggen til NYSTØLSEGGI og så vidare på same eggen til VARDEEGGI - og vidare  over vestre kanten på snøbreen sør for foten på GOTTOPPHESTEN. Frå foten på Gottopphesten si størside rundar ein så rundt til vestsida av fjellet, og sidan lett opp på GOTTOPPHESTEN si kortside i retning austover og opp til  dei to vardane. Begge vardane må besøkast for best mogeleg utsikt! Retur same veg eit stykke; så ny rute sør-austover og ned til bilvegen på utkikkspunktet på Gaularfjelelt - og 4 km langs veg attende til bilen.

Start - brøytestasjonen på Gaularfjellet
Brøytestasjonen på Gaularfjellet vest for Nystølsvatnet er startstad.
 Johannesberget på andre sidan av vegen
På baksida av brøytestasjonen (nordsida), til høgre for denne, startar stien som går opp til Skarvedalsvatnet. Turen opp hit er  ein fin-fin tur i seg sjølve, ikkje minst om ein har små barn med seg - og som gjev flott utsikt sørover til skifjellet Johannesberget og den gamle driftevegen som går over Sværeskardet og ned i Sværefjorden. 

Frå Skarvedalsvatnet er det derimot slutt på sti - så resten av turen er ein overlate til å navigere sjølve etter kart; men mykje av turen opp gjev seg sjølve ved å ta seg opp på fjellryggen som går nord-austover i retning foten av Gottopphesten.


Den glade vandrar: Elva som renn ut frå Skarvedalsvatnet. Neste delmål,
 Nystølseggi,  ligg i siktretning bak hovudet på Liv Janne


Varden ved Skarvedalsvatnet. Vi skal  så gå over elva (skjult) og opp fjellranen like ved vatnet midt i biletet for å komme opp på Nystølseggi (i himmelsjå).

Nystølseggi - Vardeggi - 1406 - snøbre - Gottopphesten
Frå varden ved Skarvedalsvatnet tar ein til høgre (austover), og vi må så ta oss over Skarvedalselvi. Då vi gjekk turen var det fleire dagar med intens nedbør i forkant, så elva var strid; vi laut av med skoa og vade elva over: Lettast var det ved utosen, heilt oppe ved Skarvedalsvatnet. 

Ranen vi gjekk opp frå Skarvedalsvatnet ser ein heilt i høgre biletkant - etter først å ha vada Skarvedalselva midt i neste biletkant
Liv Janne (t.h) midt oppe i ranen opp frå Skarvedalsvatnet

Så tok vi kurs vidare austover og opp mot fjellranen som openberrar seg like ved vasskanten av Skarvedalsvatnet. Vi går opp ranen, parallelt med vatnet, men rundar snart rundt eit lite høgdedrag og går meir søraustover, slik at vi kjem inn meir midt på den runda egga opp mot varden på Nystølseggi.
PANORAMABILETE tatt av Skarvedalsvatnet, sett frå oppstigninga til Nystølseggi. Gaularfjellsvegen ned i venstre biletkant.
Frå Nystølseggi flatar terrenget ut, og utsikta er vid; særleg sørover mot fjella på sørsida av riksvegen, så som Johannesberget, men òg mot fjella her på nordsida av riksvegen som blir meir og meir ville og alpine etter nærare ein kjem nordover mot Gottopphesten.
NYSTØLSEGGI (1216 moh) - med utsikt også sørvestover mot det høgaste fjella i Gaular - Geitebotsfjhellet (1354 moh), til venstre for hovudet til Liv Janne
Frå Nystølseggi skal du halde høgda og gå på denne store og avrunda egga i lett stigning nordaustover til, og forbi, Vareggi  - og vidare svakt oppover same egga til punkta 1293 og vidare til punkt 1406. Terrenget er steinete her, men relativt lettgått. Frå kring punkt 1293 dukkar det opp nokre store vegvisarvardar her og der (mellom anna som syner retning for der ein tar av ned mot Utsiktspunktet på Gaularfjellet, som vi varierte ruta ved å gå på returen).
Frå Nystølseggi er det å gå i relativt flatt men steinete terreng mot høgdedraga 1293 og 1406. Meneseggen i bakgrunnen
 Punkt 1404 i himmelsjå - Gottopphesten er enno ikkje kome til syne.
Men den som ventar får sjå...!!!
Egga vi går over like frå Nystølseggi (oppe i biletet). No er vi snart på veg klar til oppstigninga til  punkt 1406
Oppstigninga til punkt 1406 er i gang. Villt og alpint terreng

Nedanfor: Først når vi kom heilt opp på høgdepunkt 1406 dukkar Gottopphest-massivet opp. For denne Hesten er ikkje noko mindre enn eit gedigent massiv!. Frå denne posisjonen ser vi breisida på den opphøgde Gottopphesten, då fjellet ligg i Vest-Aust-retning i terrenget.
Gottopphesten sett frå punkt 1406.  Biletet lyg - det ser kort ut bort til foten på Hesten - og fjellet ser lågt og usseleg ut. Men begge delar er feil!
Nedanfor: For å komme bort til foten sør for Gottopphesten må vi først inn på ein snøbre; denne gjekk vi over heilt på vestleg side. Under foten på Gottopphesten gjekk vi så vestover langs foten av denne og opp på vestsida av fjellet, sidan det er for bratt å gå rett opp frå sør. Vi følgde ei snøfonn som låg att frå vinteren. Herfrå, på vestsida av Hesten, var det å ta seg inn på fjellet ved å følgje egga opp mot varden på Gottopphesten i retning aust. Her er det fint å ta seg opp til varden.
GOTTOPPHESTEN endeleg i syne.  Vi kom opp på fjellet frå venstre side i biletet. 






Frå Snøbreen kjem vi inn under foten på Gottopphesten og går så vestleg parallelt med foten på fjellet og inn på  snøfonna som ligg att (fonna til venstre på biletet).






På veg over snøfonn under foten på Gottopphesten til den vestlege kortsida på fjellet, for å komme inn på egga av fjellet og derfrå relativt lett opp til varden
Attersyn sørover der vi kom frå og høgste punkt, 1406, på  den langstrakte egga vi gjekk. Snøbreen vi gjekk over, til venstre i biletet.

Gottopphesten sett frå kortsida i vest, i retning austover mot toppunktet og varden på 1492 moh.
Gottopphesten har to vardar oppe på sjølve fjellplatået. Platået ser mest ut som ei kvelva, oval skål som er flat opp på, med bratte kantar rundt. Det er den vestlegaste varden ein først møter. Likevel, det er ein lønsam avstikkar å følgje platået vidare austover, slik at ein også får med seg den austlege varden. Frå denne austlege varden ser ein nemleg område som ein ikkje ser frå andre varden; først og fremst ned i Vetlefjorddalen og ut denne til Sognefjorden. Så har ein eit mektig syn mot den lange Meneseggen; mange toppar på rekkje og rad. Vi var i fjor på den toppen som er ytterst mot Menes (ved fjorden); Harevollnipa.




Litt av utsikta frå Gottopphesten og vestlegaste varde:
Vestlegaste varde og høgaste punkt på Gottopphesten - 1492 moh. Frå Gottopphesten ser ein vestover  også til ein annan hest - Store- og Lisjehesten i Gaular kommune (heilt til venstre i biletet)
Vetlefjorddalen og Meneseggen til venstre

Vetlefjorddalen sørover mot Sognefjorden - og fjella kring Vassdalsnipa på Gaularfjellet (bakerst til høgre)

Eggen vi gjekk på frå Gaularfjellet (t.v) og snøbreen vi  kom inn på og forserte (famme i vestkant (t.v))

 Gottopphesten - sett frå austleg varde:








Austleg varde: Formidabel utsikt 
PANORAMABILETE mot Vetlefjorden og Meneseggen
Den austlegaste varden på Gottopphesten (nede til venstre) i biletet . Utsikt over dalen til Melsnipa (1547 moh) på andre sida av Vetlefjorddalen. 
FLASKEPOST I VARDEN:  I den austlege varden var det stukke inn ei brusflaske - utan kork for -
og i den låg det ein lapp frå tre lokale tindebestigarar som var her 19.09.1976!








Retur frå Gottopphesten, om utsiktspunktet på Gaularfjellet:

Vi returnerte same veg som vi kom opp på Gottopphesten. MEN - attende på den langstrakte ryggen mellom Vardeggi og Nystølseggi - tok vi av til venstre (i sør-austleg retning) ved ein stor vegvisarvarde. For å variere ruta gjekk vi herfrå i retning ned mot Vetlefjorden og runda så ned til bilvegen heilt oppe ved Utsiktspunktet på Gaularfjellet. Heller ikkje på dette strekket går det nokon sti, så det er å orientere seg etter kartet. 


Utsikt frå ein av få vardar som er oppsett. Vi skal ned til bilvegen ved utsiktspunktet på Gaularfjellet, midt i biletet
Ei grei rettesnor for å komme ned til utsiktspunktet på Gaularfjellet er å vite at kraftlina du etter kvart ser på høgre handa når er framme på kanten med utsyn direkte ned i serpentinarsvingane på bilvegen (biletet over) - er at denne kraftlina til slutt kryssar bilvegen like ved utsiktspunktet på Gaularfjellet. Dette inneber at du frå området kring varden på biletet over, med fordel kan trekkje vestover og gå så og seie under kraftlina stykket ned til utsiktspunktet. Slik får du jamnast nedstigning og terrenget er mindre kuppert her enn om du held lenger aust nede i lia mot bilvegen.


Nedstigninga siste stykket  til Utsiktspunktet på Gaularfjellet kan med fordel  gåast direkte under
 kraftlina som kryssar vegen her.




Nesten nede på utsiktspunktet på Gaularfjellet (til høgre for Liv Janne). Så var det å gå 4 km langs bilveg forbi Nystølen attende til bilen ved brøytestasjonen. Då synte GPS'en 22 km trakking i variert terreng. Langt, ja, men du verden kor turen betalte seg i form av naturopplevingar!  Innertiar-tur sommaren 2013!

Vakre Nystølsvatnet med Nystølen som vi passerte. Utsiktspunktet på Gaularfjelelt i andre enden av vatnet.


3 kommentarer:

  1. For noen nydelige bilder, ser ut som en fantastisk tur!

    SvarSlett
  2. Jeg er imponert over alle turene dere rekker å gå, de fine bildene og den utfyllende teksten! Så fint å ha felles tur-interesse! Ikke vanskelig å skjønne at dette var en inner-tier.

    Tur-klem fra Ingunn

    SvarSlett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!