mandag 2. september 2013

Førde (nesten) Opp - for 2. gong

I starten er det laga trapper oppover Hafstadkleiva  - allereie her kjenner du det godt i låra!
Natt til laurdag våkna eg av at vindauget small igjen,
ute høyrde eg at det blæs kraftig og regnet piska mot bakken
"Førde Opp kan bli ei kald og våt affære i år", tenkte eg
før eg la meg til å sove igjen....

Det regna framleis noko då vi sto opp laurdag morgon, men medan vi laga i stand frukosten var det brått blitt blå himmel over oss..... Dette ga oss håp om at det kunne bli ein ganske så fin dag likevel. Men påkledninga var likevel prega av at været kunne bli skiftande, og regntøyet hamna sjølvsagt i sekken. 

Og regntøyet fekk vi bruk for allereie då vi holdt på å registrere oss - i atriumet til det nye Førde Rådhus. Men nesten like snart kunne vi ta det av oss igjen. Og slik veksla det gjennom dagen - det kom nokre små, korte regnbyer og nokre kraftige, korte regnbyer - men summasummarum var det aller mest opplett og litt sol. Så då kunne vi ikkje akkurat klage :)

Det såg heller ikkje ut som det var mange som hadde latt seg skremme av uværet natta før - det myldra nemleg av folk i sentrum. Og for dei som ikkje er lokalkjende, så er Førde Opp eit motbakkeløp opp den nye stien frå Førde sentrum, kalla "Hafstadkleiva", til toppen av Hafstadfjellet. Over 1400 fann turen opp på Hafstadfjellet denne dagen - litt færre enn i fjor, men absolutt eit akseptabelt tal!

Barnas Turlag Førde hadde laga til flotte aktivitetar halvvegs i løypa.
Loddtrekning på naturstien var det også.

Steffen var engasjert med Barnas Turlag Førde - som hadde lagt "Kom deg ut"-dagen til dette arrangementet - i år som i fjor. Flott tiltak - og flott samarbeid med Førde Opp! Sidan dei hadde basen sin om lag halvvegs opp på Hafstadfjellet, så kalla dei arrangementet for Førde (nesten) Opp. Turboreven var på plass i stien, bålpannene fyrt opp, balansetau, natursti og anna moro for dei forbipasserande. Flotte sitjeunderlag vart delt ut ved startpunktet. 

Eg trur nok at Førde Opp vil ha sin unike posisjon blant motbakkeløpa - for brattare løype skal du leite lenge etter..... trur dei fleste får lettare sjokk når dei går løypa første gongen! Her finn du innlegget om mine refleksjonar etter første turen opp i fjor (som enda med at eg dikta ein sang til stien). Så all ære til dei som orkar å springe opp Hafstadkleiva! Fleire av Norges beste motbakkeløparar stilte til start laurdag.

"Nei, det er ingen pinglesti,
for i låra skal det svi,
når du skal gå på tid!
Suddelida Suddelidei"

Eg seier ikkje så mykje meir, men lar bilete fortelje resten av historia om korleis dagen vår var. Avisa FIRDA har fanga alle deltakarar si historie: Med 748 bilete frå Førde Opp, skal du ha gjort ein god jobb om du ikkje av vart fanga av deira kameralinser!

Her er vi linselus for FIRDA sine kamera: 
Eg og Bendik Matias på veg opp trappene (foto: Stig Roger Eide - FIRDA)

Sanna Oliva er komen til toppen av trappene (foto: Eline Kirkebø - FIRDA)
Etter at trappene er unnagjort, flatar stien litt ut, før vi tar til på dei bratte bakkane!

Turboreven var flink til å motivere undervegs!
Mange stoppa opp ved basen til Barnas Turlag

Heile familien kosar seg på tur - farmor og farfar var også med. 


Eg og Bendik Matias gjekk vidare mot oppover.
Flott utsikt over Førde når du nærmar deg toppen av Hafstadfjellet! 

Torbjørn Ludvigsen kom først i mål.
Her er han litt over halvvegs.
May Britt Buer vann dameklassa.

Nokre løparar utmerkar seg meir enn andre!

Barnas Turlag Førde var den største heiagjengen undervegs. Flagg og heiarop til alle løparane!
Løparane har passert, vi har plassert flagga trygt i bærmeisa og gjer oss klar for retur.
Konsert med Sirkus Eliassen ventar på nye rådhusplassen. 

Nye Førde Rådhus! Vakkert - ikkje sant? Her har eg hatt min første arbeidsdag i dag, måndag 2.sept-13.
Dette blir utruleg flott når alt er ferdig! (heilt objektivt sett altså.......;) )

Store bamsevener vandra rundt på Rådhusplassen. Bendik Matias var heilt vill i blikket når han såg dei, men vart noko skeptisk når dei kom for nære..... og natt til søndag våkna han med eit skrik og sa: "pusekatten er her....". 
Bendik Matias dansa ivrig til Sirkus Eliassen og "Æ vil berre dans

Ei stolt jente med to medaljar etter flott gjennomført løp!

1 kommentar:

  1. For et flott tiltak, folk i alle aldre i samme løp!
    Startnummer og medaljer er alle tiders for de små. Artig å se så mange bilder!

    Ha en strålende dag!

    JKlem

    SvarSlett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!