"Eg har lese bloggen din!"
er ein kommentar eg stadig oftare høyrer.
Og det er veldig kjekt :)
Når ein skriv blogg,
så gjer ein det jo sjølvsagt fordi ein håpar at folk har interesse av å lese!
Derfor er det også veldig hyggjeleg med slike tilbakemeldingar!
Men noko meir overraskande er det når utsegnet kjem frå 4-åringen min:
"Eg har lese bloggen din, mamma!"
"Å javel, har du det. Kva las du der då?" spør eg.
"At du var på Hafstadfjellet i går!" svarar Sanna Oliva
Og det stemte jo....
men ho har nok ikkje "lese" det på bloggen;)
Artig å høyre kva desse små får med seg!
I tillegg så heldt samtalen fram slik:
"Og så har eg sett på mobilen din!" seier ho.
Noko spent på kva svaret ville bli der, spør eg:
"Ja vel, kva såg du der då?"
"Masse fine bilete av Bendik!!!"
(kva meir skal til for å smelte eit mammahjarte? :)...)
Gode jenta vår!!! Som 4- åringar flest har ho sine gullkorn :) |
"Små gryter har også ører" er det noe som heter. Artig å se bilder av barna deres på tur! Og noen gullkorn på bloggen er kjekt!
SvarSlettHa ei fortsatt fin uke!
Klem fra Uvdal
Hahaha:)) disse små er så utrolig herlige:))) virkelig:))
SvarSlett