tirsdag 24. september 2013

Bjergane-Selhamar: På leit etter stemningar i Stølsheimen (1)

Steffen bloggar:

Det var meldt eit vêrvindauge over fleire dagar - og då baud sjansen seg for å få meg ein fleire dagars tur åleine. Til Stølsheimen. Målet var ikkje å gå lengst mogeleg eller å oppsøke alle dei fine DNT-hyttene i dette området sør for Sognefjorden - men beint fram ta Bergen turlag sine skrytebrosjyrar over kva som karakteriserer nettopp dette turområdet, på alvor. For stemmer dèt, ville eg få meg ein kjempefin fjelltur. For høyr no korleis turlaget, gjennom pennen til Knut Langeland, omtalar kva som kan vente ein som tar seg ein fottur i Stølsheimen:

"Stølsheimen er grå og grøn, bratt og flat, djup og høg, vill og tam. Stølsheimen er mektig og mjuk, framand og kjent, tøff og lett. Stølsheimen er skiftande landskap og store kontrastar, men mest av alt er Stølsheimen stemningar.
Stemningar som kjem sigande og fyller deg litt etter litt, som sola fyller ein dal. Eller stemningar som overmannar deg og bergtek deg, som ei brusande brå forelsking. Utløyst av noko så trivielt som eit vindpust, noko så kvardagsleg som ein solnedgang, noko så enkelt som sildrande vatn, noko så vedunderleg som ei stjerneklår natt... ..."  (Frå: Fantastiske Stølsheimen, Bergen turlag).
Men er Stølsheimen eit stemningars turmområde?, slik Bergen turlag sjølv hevdar?  DÈT, og berre dèt, vart beint fram sjølve misjonen for denne fleirdagarsturen min. Svaret på spørsmålet vil sjølvsagt måtte bli subjektivt. Bevis for om det finst slike naturstemningar her, vart sikra gjennom aktiv fotografering med mykje og tungt fotoutstyr... 

Så - bli med meg på leit etter "stemningar"  i Stølsheimen,  gjennom eit utval foto tatt langs tur-trekanten Bjergane – Selhamar- Åsedalen – Bjergane, i austlege Stølsheimen. Dette er 1. av 3 blogginnlegg frå denne tredagars-turen. Det endelege svaret på spørsmålet får du først etter det siste av blogginnlegga frå turen.

Eg sette meg såleis i bilen grytidleg ein torsdags morgon no i slutten av august,  og la av stad over Gaularfjellet og mot ferjekaia på Dragsvik, som så tok med over Sognefjorden og mot Vangsnes. 
Fullmånen skin mot meg på trammen på DNT-hytta Selhamar!




Opplegget for turen var slik:
  • Eg hadde 3 fulle dagar til rådvelde for turgåing
  • YR melde om eit vêrvindauge - fleire fine dagar på rad!!!!
  • Denne gongen reiste eg på fjelltur utan kone og born - uvant, etter kvart. Men gjekk heilt fint (-:
  • Køyrde med bil til Vikafjellet i Sogn og starta, og slutta, fotturen der
  • Gjekk trekanten  aust i Stølsheimen: Bjergane - Selhamar - Åsedalen - Bjergane
  • Overnatta på sjølvbetjente DNT-hytter: Selhamar og Åsedalen
  • Gjekk på DNT-merka sti; men tok meg umerka avstikkarar oppom 3 utsiktstoppar langs med ruta, for å få oversyn og variasjon
  • Møtte nesten ikkje folk!!!!! Men mange kjekke sauer og kyr.
  • Godt overkomlege dagsetappar på 10-15 km.
  • Misjonen for turen: På leit etter "stemningar" i naturen

Smak litt på ordet: STØLSHEIMEN.... 
For meg, før eg drog av garde på tur og hadde utforska dette området, konnoterte Stølsheimen noko av det som ligg i prefikset i same ordet: Nemleg ein stad der det er, eller har vore, mykje stølar frå gamalt av. Stølar dreg i sin tur med seg tankar om stølsvollar med budeier, beitande dyr og bjølleklang, irrgrøne frodige beiter, duvande myrull - og kanskje myrete og småvått terreng og ferdast i. Vatn over alt. Og mykje mygg?  






















VÊRVINDAUGE ultimo august  - her var det berre å komme seg av stad!!!
Fakta: I dag er Stølsheimen Bergensarane sitt fjellområde nummer 1 for turar - sommar som vinter.  Bergen Turlag har 10 DNT-hytter i dette fjellområdet,  som alle er opne for deg og meg! 
Slik er det her i dag; frå gamalt av er dette eit intensivt utnytta fjellområde som nettopp vart nytta til stølsdrift om somrane som ledd i gardsdrifta. Beint fram for å halda svolten frå livet. Stølsheimen strekkjer seg frå fjord til fjell på kring 1300 meter over havet. I Nord startar Stølsheimen opp frå bygdene på sørsida av Sognefjorden - i Sør går Stølsheimen til Voss og Modalen kommunar - og i Vest går stølsheimen like til Masfjordfjella. I austleg retning er Stølsheimen avgrensa til Vikafjellet.

Korleis ser så 3-dagars ruta mi ut:

3 dagar - 3 dagsetappar - 3 utsiktsfjell - 1 fjellområde og 1 på tur.
Turmålet  -  på leit etter "STEMNINGAR" - var i gong!


















Dag 1:
På leit etter "stemningar......mellom Bjergane - Selhamar:

Skjelinganosi. Utsiktsfjell med fint oversyn mot området eg skal gå dei komande tre dagane.
Blå pil syner der eg tok av frå hovudvegen over Vikafjellet.

Før eg visste ordet av det denne torsdagen var eg kome midt opp på Vikafjellet med "merra" til Liv Janne, og blinka målbevisst av til høgre ved sør-enden av Skjelingavatnet. Her går det ein 14 km lang grusveg som er laga i samband med kraftutbyggingane som er gjort her inne i si tid– og vegen endar til slutt i ein gedigen vassdrags-demning. Men eg skal ikkje så langt i dag. Eg skal berre til Fjellstølen Bjergane. Der parkerte eg...... det vil seie; eg tok meg først ein svipptur oppom det fine utsiktsfjellet Skjelinganosi - like før eg parkerte bilen ved Bjergane og starta gåturen i retning Selhamar.

Skjelinganosi nådde eg lettast frå bommen der eg betalte bompengar for køyring på grusvegen, på veg inn til Bjergane. Skjelinganosi har form nettopp som ei nase, den er laaaang, og  frå varden fekk eg eit fantastisk oversyn vestover i Stølsheimen; ja, mesteparten av ruta for resten av turen kunne eg sjå i fugleperspektiv derfrå. Ein tur opp hit kan ta halvannan time tur/retur.

Stølsheimen har såleis fleire utsiktsfjell; ikkje potente toppar som er spesielt høge eller vanskelege å forsere, men toppar på 1200-1300 meter, og som er høge nok i høve til terrenget elles til å gje fin-fint utsyn. Ja, utsiktstoppar nett høge nok til å gje utsyn, perspektiv - og å skape "stemningar",  slik Bergen turlag omtalar som karakteristikum ved Stølsheimen...
Skjelinganosi (1331 moh). Start ved bompenge-bommen






Nedanfor: Utsikt frå Skjelinganosi mot sør og i retning Selhamar:


Lønahorgi på Voss i himmelsyn oppe til venstre i biletet

Vel attende frå svippturen til Skjelinganosi, vart bilen atter innteken og køyrt med eit lite stykke til langs anleggsvegen, før bilen endeleg vart parkert ved den gamle stølen på Bjergane. Frå no av var det føtene som gjeld. I tre dagar.
 Stølen Bjergane ligg ved vatnet heilt i venstre biletkant - og ved bilvegen her vart bilen parkert.
Skjelinganosi som eg var opp på først, oppe i høgre biletkant.

Frå Bjergane går den merka DNT-stien i sørvestleg retning mot Selhamar, med svak og fin stigning. Landskapet så langt aust i Stølsheimen er avrunda og relativt slakt, og ein har vunne høgda i terrenget ved å kunne køyre opp på Vikafjellet og starte herfrå. Landskapet er langt meir "alpint" Vest i Stølsheimen, og like eins er det bratt opp frå Sognefjorden og inn i Stølsheimen i retning frå Nord. 


Etter kring 1 times gange frå Bjergane i retning sør-vest, så har ein nådd høgste punktet på den merka stien, og ein byrjar ei like fin og roleg nedstigning ned Raudbergdalen og stølen der.


Raudbergstølen og Raudeberget:
Dei to bygningane på stølen i Raudbergdalen, etter kring 4,5 km gange frå Bjergane, ser vi til høgre for elva. Raudeberget, dagens 2. avstikkar, oppe til høgre.



Raudeberget heiter det fordi det har eit så stort innhald av jarn. 


Utsikt frå Raudeberget i retning Selhamar - framme på venstre side av det store vatnet

Vèl nede frå Raudeberget til Raudbergstølen gjekk stien vidare sørover til litt av ein attraksjon: Gryteberget - har staden fått som namn fordi ein i si tid vann ut steingryter av den mjuke steinsorten som finst her- kleberstein.

Gryteberget ligg like ved DNT-merka stien, like før stidelet frå Bjergane mot høvesvis Selhamar eller Åsedalen.  Som ein kuriositet kan ein sjå dei halvferdige grytene som er gravt ut av hòle fjellet, men som ikkje er ferdiggjorde...


Fotograf med stort hjarte? Eller, med hjarte av stein?
Her har turgåarar lagt att visittkort i "hytteboka" langs stien ved Gryteberget




SELHAMAR i sikte! Selhamarhytten består av to hus, samt utedo - med til saman 47 sengar. Selhamarhytten er Bergen turlag si største hytte i Stølsheimen. Då eg kom hit, var eg førstemann på plass. Litt seinare kom Jan, ein pensjonist som merka sti-nettet for Bergen turlag på dugnad.













Raudeberget (bak til venstre) lever opp til namnet sitt; det raude berget skin mot ein, i sol og overskya vêr!

Stølsheimen er grøne oasar med
 elvar som slyngar seg gjennom landskapet.
Stemningsgjevande!



Erfaringar frå ruta Bjergane-Selhamar:
  • God omvøleplass: Selhamarhytten er stor, romsleg og med mange sengeplassar (47) og eignar seg for fleire dagars opphald. Dessutan - proviantlageret er skikkeleg bra! Hytta tilrettelagt for hund!
  • Avstikkarar: Greitt å ta med seg avstikkarane opp til utsiktstoppane på veg til/langs med stien Bjergane-Selhamar: Skjelinganosi (start ved bommen på vegen inn til Bjergane) og Raudeberget, nord for Selhamarhytten. Dette gjev perspektiv og variasjon i ei elles relativt flat rute
  • Barnevenleg: Ruta Bjergane-Selhamar er barnevenleg - 8 km å gå. Passe stigning og nedstigning. Ein kan dessutan korte ned ruta til Selhamarhytten ved å køyre med bil forbi Bjergane og langs med Kvilesteinsvatnet, og så parkere og til fots ta av til høgre ved neste bomveg (stengd for deg og meg).
  • Kulturminner: Få med deg klebersteinsbrotet der ein tok ut steingryter
  • Utsiktspunkt: Flott utsikt over Selhamarhytten og vatna ved å følgje stien frå Selhamar opp i høgda sør for hytta, i retning Trefall.
  • Idyllar: Spesielt idyllisk plass er det der den vesle fossen frå Selhamarvatnet renn ut i vatnet Vassøyane, like 100 meter sør for Selhammerhytten.
  • Matauk: Ideell stad for fiske og kanopadling - og moltene kring Selhamarhytten var gode!

Neste bloggartikkel frå Stølsheimenturen blir: 
Selhamar - Åsedalen

5 kommentarer:

  1. Hei!
    For noen flotte bilder - herlig blogg du har!

    Det ligger en liten overraskelse på bloggen min!

    Klem Cathrine :-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Åhh, så kjekt med vinnarlukke :))) Det var ein veldig god start på morgonen!

      Slett
    2. Ja, det er kjekt å ha litt vinnerlykke! Sender du meg en e-post på cathjust alfakrøll online.no og gir meg adressen din, så skal jeg sørge for at du får boken!

      Ha en flott dag!

      Klem Cathrine :-)

      Slett
  2. dette var nokre flotte bilete og blogg ! kjekt å sjå for oss som går i området og ! :) Mvh Brita

    SvarSlett
  3. Artig å lese, og kjempefine bilder som vanlig!

    Riktig god tur-helg!

    Klem fra Ingunn

    SvarSlett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!