mandag 12. august 2013

Varderekkja over Sognefjellet og Mefjellstien

Steffen Bloggar:

På ferieturen vår rundt Breheimen, køyrde vi over vakre Sognefjellet. Sognefjellsvegen, som fekk status som Nasjonal turistveg i 1997, er ei naturskue å køyre i seg sjølv - og vegen går nesten opp i 1500 moh. Men å køyre over Sognefjeller i bil, i alle høve summarstid, er ikkje noko kunst.

Frå bilsetet er det i den samanheng ikkje sikkert at alle av oss har sett noko spanande på venstre side av bilvegen, frå Turtagrø og i retning Lom. For her, på det mest vèrharde området over Sognefjellet, er det frå gamalt av sett opp eit heilt unikt system av steinvardar som dei farande kunne navigere etter.
Over ei strekkje på om lag 16 km mellom Krossbu og Turtagrø kan ein nemleg rusle fra varde til varde,  slik ein gjorde før bilvegen blei bygd i 1938. Det går jamvel ein årleg organisert tur langs dette strekkjet. I alt er det registrert over 300 vardar på denne strekninga. I dag køyrer vi med bil over Sognefjellet. Verre var det i tidlegare tider då ein laut gå til fots over fjellet. Ved hjelp av godt oppbygde vardar, gjerne med en solid staur i midten som ruvar langt over varden, kunne dei reisende sjå fra varde til varde – også når skodde og uver kom sigande innover fjellmassivet.
Varderekkja slik den framstår i dag er et viktig kulturminne. Vi ville, store og små, sjå litt nærare på, og gå på kryss og tvers av, denne varderekkja her oppe på fjellet, på vår veg austover.  Og så ville vi nyte ei av dei kanskje finaste skuene ein kan ha frå bilveg mot norsk fjellnatur i Sør-Noreg; nemleg panoramaet vi hadde austover Sognefjellet mot Smørstabbrean og Smørstabbtindan. Vi gjekk ikkje heile vardeturen skissert ovanfor, men berre ein liten del av den, og turen passar særleg godt å gå for dei aller minste barneføtene.

3 av fire entusiastiske turgårar, med panorama til Smørstabbtindan, like ved Krossbu
Ved rasteplassen på Mefjell, 2 km vest for Sognefjellshytta, er det no i samband med Nasjonale turistvegar lagt til rette for ein minitur fin for store og små - Mefjellstien - som går som ein rundtur på båe sider av bilvegen over Sognefjellet. På minituren, på nordsida av vegen, kjem vi direkte inn i denne flotte varderekkja som går over Sognefjellet.

Varderekkja over Sognefjellet er 16 km lang, og går som sti parallelt med bilvegen frå Krossbu til Turtagrø. Startpunktet for Mefjellstien  er merka med rosa stjerne


















Mefjellstien, slik det går fram av infoskiltet ved  Mefjell Rasteplass,
2 km vest for Sognefjellshytta


Mefjellstien - på sørsida av hovudvegen
Bendik er klar til å gå Mefjellstien; På andre sida av elva ventar mor og syster
 Knut Wold sin steinskulptur






Mefjellstien har fått emblemet til Nasjonale turistvegar som merkje, og var lett å følgje.















Mefjellstien - på nordsida av hovudvegen:

Varderekka på Sognefjellet er av ukjent alder. Vardane er firkanta i forma, og i Sogn og Fjordane er svært mange av vardane godt bevart. Dei er bygde i tørrmur og er plassert i ein innbyrdes avstand som gjer det mogeleg å sjå frå den eine varden til den andre, sjølv i dårleg vêr. Dei fleste vardane er om lag 1 meter breie i botnen og smalnar av mot toppen. Høgda varierer mellom 1,2 til 1,5 meter. Dei er hovudsakleg bygd av rektangulære heller som er lagde tett og stødig over kvarandre. Øverst er to heller plassert parallelt med ei oppstikkande steinhelle mellom seg som ein slags markør. 




 








4 kommentarer:

  1. Så glad jeg er fordi jeg er følger av bloggen din! Informativ og inspirerende tekst og flotte bilder! Koselig å se en hel familie på tur!

    Ha ei fortsatt fin uke!

    Klem

    SvarSlett
  2. Helt utrolig flotte turforhold! Inspirerer virkelig til å besøke deres kant av landet!

    Jill:)

    SvarSlett
  3. Takk for inspirasjon. Veldig fin og koseleg blogg frå barnevennleg tur i vakker natur :))

    SvarSlett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!