Å sykle frå Nørdstedalseter og ned att Fortunsdalen var ein sjanse eg ikkje kunne seie nei til! Denne turen var nemleg med i finalen i kåringa av Norges vakraste sykkelturar i 2010. Om du torer å sleppe opp bremsene og la hjula trille, så kjenner du verkeleg magasuget på veg nedover!
Klar for sykkeltur i Fortunsdalen! |
I Fortunsdalen i Breheimen finn du kanskje Norges lengste utforbakke for sykling. Vel du å starte turen heilt frå Middalsvatnet ovanfor Nørdstedalseter (utgangspunkt for tur til Medalsbu og Trulsbu), så har du 30 kilometer lang grusveg foran deg med ein høgdeforskjell på 1300 meter frå topp til botn. Frå Nørdstedalseter er høgdeforskjellen om lag 900 meter og lengda 23 kilometer.
Nesten utruleg å tenkje på at det går ein veg oppe i denne dalen! Er det mogeleg???? |
Sidan turen først og fremst er ein lang nedoverbakke, treng du ikkje vere i spesielt god form for å gjennomføre den, men den krev at du har litt musklar i fingrane til bremsinga og kontroll på nervane dine viss du får opp farten....;) For oss som har dårlege erfaringar med sykkel og stor fart, så vart bremsene brukt relativt flittig på veg nedover lausgrusen! Hadde eg brukt bremsene like flittig på bilen, så hadde dei gått seg varme lenge før eg var komen halvveges!
På Nørdstedalseter får du leigd sykkel, og ved å betale litt ekstra kan du også få dei til å hente sykkelen i Fortun/Skjolden slik at du slepp å sykle heile vegen opp igjen....
Vi seier farvel til Nørdstedalseter for denne gong. Men vi kjem igjen! |
Ynskjer du å ta ein visuell sykkeltur ned over Fortunsdalen, kan du klikke på denne linken:
Dei verste utforbakkane er unnagjort! No er det sjarmøretappen igjen! |
Så flott!!
SvarSlettSå ut som en kjempe fin tur :-)
SvarSlettVirkelig en herlig sykkeltur! Og så slepp man å sykle oppatt med sykkelen, heilt supert ;) hadde eg hatt den turen de i nærheten av meg, så hadde eg tatt med meg min eldste sønn og dratt med det samme! :))
SvarSlett