tirsdag 6. august 2013

Sykkeltur med magasug: Nørdstedalseter - Fortun!

Å sykle frå Nørdstedalseter og ned att Fortunsdalen var ein sjanse eg ikkje kunne seie nei til! Denne turen var nemleg med i finalen i kåringa av Norges vakraste sykkelturar i 2010. Om du torer å sleppe opp bremsene og la hjula trille, så kjenner du verkeleg magasuget på veg nedover! 

Klar for sykkeltur i Fortunsdalen!
I Fortunsdalen i Breheimen finn du kanskje Norges lengste utforbakke for sykling. Vel du å starte turen heilt frå Middalsvatnet ovanfor Nørdstedalseter (utgangspunkt for tur til Medalsbu og Trulsbu), så har du 30 kilometer lang grusveg foran deg med ein høgdeforskjell på 1300 meter frå topp til botn. Frå Nørdstedalseter er høgdeforskjellen om lag 900 meter og lengda 23 kilometer. 

Nesten utruleg å tenkje på at det går ein veg oppe i denne dalen! Er det mogeleg????
Sidan turen først og fremst er ein lang nedoverbakke, treng du ikkje vere i spesielt god form for å gjennomføre den, men den krev at du har litt musklar i fingrane til bremsinga og kontroll på nervane dine viss du får opp farten....;) For oss som har dårlege erfaringar med sykkel og stor fart, så vart bremsene brukt relativt flittig på veg nedover lausgrusen! Hadde eg brukt bremsene like flittig på bilen, så hadde dei gått seg varme lenge før eg var komen halvveges! 

Føremålet med å bremse undervegs er ikkje berre å kunne kome seg heilskinna ned, men også ha låg nok fart til at ein faktisk kan nyte - og sjå på - den spektakulære naturen i Fortunsdalen: Du syklar frå karrig høgfjellslandskap, gjennom ville Fortunsdalen og ned til frodig jordbrukslandskap fram til fjorden. Blankskurte fjellmassiv, frodige dalar og fossefall, bratte nedoverbakkar og duvande landevegar. Har du tid, bør du også ta deg ein pause på eit svaberg og gjerne bade i ein kulp i Fortunsdalselvi!


På Nørdstedalseter får du leigd sykkel, og ved å betale litt ekstra kan du også få dei til å hente sykkelen i Fortun/Skjolden slik at du slepp å sykle heile vegen opp igjen.... 

Vi seier farvel til Nørdstedalseter for denne gong. Men vi kjem igjen!

Ynskjer du å ta ein visuell sykkeltur ned over Fortunsdalen, kan du klikke på denne linken: 

Turen passer for alle, både dei som vil suse avgarde for å teste fart og grenser, til dei som vil ta det med ro og nyte naturen (eg gjorde det siste!).



Dei verste utforbakkane er unnagjort!
No er det sjarmøretappen igjen!

Min sykkeltur enda i Fortun, men syklar du 5 km langs hovudvegen, kjem du heilt ned til fjorden til bygda Skjolden. Då kan du avslutte turen med eit forfriskande bad på denne flotte stranda:

På denne stranda tilbrakte vi maaaange timar i løpet av vårt opphald i Skjolden

3 kommentarer:

  1. Så flott!!

    SvarSlett
  2. Så ut som en kjempe fin tur :-)

    SvarSlett
  3. Virkelig en herlig sykkeltur! Og så slepp man å sykle oppatt med sykkelen, heilt supert ;) hadde eg hatt den turen de i nærheten av meg, så hadde eg tatt med meg min eldste sønn og dratt med det samme! :))

    SvarSlett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!