onsdag 21. august 2013

Strynefjellet - eit tureldorado for små barneføter!

Flott utsikt over Langevatnet når du går opp mot Oppljosvatnet. Vegen til Geiranger til høgre på biletet. 
Fordelen med å gå på tur i nærleiken av fjellovergangar, er at du er midt ute i den flotte naturen så fort du set foten utanfor bildøra. Berre det å køyre over ein fjellovergang, er ei fantastisk naturoppleving i seg sjølv. Men eg vil hevde at den blir enda betre om du tar deg nokre steg på eiga hand utanfor bilen - nesten alle, uavhengig av form eller eventuelle handikap, kan klare å bevege seg litt i slikt terreng: Terrenget er lettgått og det er ofte mange stiar å finne. Nokre fører deg til eit turmål, medan andre berre stoppar ein eller annan tilfeldig plass. Du kan gå kort eller langt, alt etter kva du har lyst til.

Å gå fotturar på høgfjellet med små barn er derfor heilt ideelt: du får naturopplevinga også om turen blir kort, du slepp mykje stigning (om du vil) og det er lett for små føter å gå på godt trakka stiar. Dersom ein kan lokke med at turmålet endar ved eit vatn der ein kan kaste stein, fiske eller kanskje endåtil bade på varme sommardagar, så er det ein motivasjon for dei små til å gå vidare til turmålet.

I helga var vi på hyttetur på Strynefjellet, og fekk oss eit par fine turar som passar godt for små barn. Begge to enda ved eit vatn: Oppljosvatnet og Hamsedalen.  Gangdistansen er omlag 6 km t/r.

Så her er 2 gode tips til fine og barnevenlege turar på Strynefjellet:

Oppljosvatnet 

Når du kjem køyrande frå Stryn og ut av siste tunellen (Oppljostunnelen) før du er oppe på sjølve Strynefjellet, er det ein stor rasteplass på høgre side av vegen (ved krysset der du tar av til Geiranger). Her kan du parkere. Ser du oppover dalen på venstre side av tunnelen, vil du sjå ein tydeleg sti som slyngar seg oppover langs med elva. Følg denne oppover dalen, og følg denne så langt du har lyst. Stien er også delvis varda. Etter vel 3 km kjem du til Oppljosvatnet som er eit flott endepunkt for turen. Undervegs ser du flotte fossefall, og ikkje minst bør ein sjå seg attende fleire gonger for å nyte utsikta over Strynefjellet, Langevatnet og Breiddalsvatnet.
Fint og lett terreng å gå i

Mange gode stiar å finne - vi er på veg ned att til hovudvegen.

Oppljosvatnet i bakgrunnen

Strynefjellsovergangen med Breiddalsvatnet

Hamsedalen
For å kome til startpunktet, køyrer du inn på gamle Geirangervegen (4,3 km vest for Grotli - ta av inn til rasteplass til høgre når du kjem frå aust) og parkerer langs vegen ved bru over Hamsa. Gå opp hyttevegen på vestsida av Hamsa, og følg delvis merka sti i ca. 3 km innover Hamsedalen til 2. vatn. Denne gongen gjekk turen til ei hytte ved 2. vatnet (992 moh) og retur same vegen. Samla stigning er berre om lag 100 m.
Tidlegare har vi gått noko som vert kalla Hamserunda - ein rundtur på 6,5 km. Hamsevatna er gode fiskevatn, så ta gjerne med fiskestanga.  



Vi hadde pøsregn på store delar av turen, så mengda med bilete avgrensa seg veldig. Men ein liten kuriositet er at hytta vi stoppa ved, har ein svært særprega utedo - her kan du sitje lenge å drøyme deg vekk medan du nyt utsikta: 

Ein særprega utedo
Frå denne utedoen kan du verkeleg nyte utsikta!

1 kommentar:

  1. Hei Liv Janne. Sitter her på camping i Stryn og ser på turen din. Eg e egentlig biker men i denne uke har eg med kjerringa og bikkjen og tenkte å gå i Strynefjellet. Takk for tips. skal ta noen solskinnsbilder i morgen

    SvarSlett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!