fredag 23. august 2013

Spøkefull sykkeltur på Gamle Geirangervegen.....


Det var ein regntung og skoddefull formiddag, 
to forventningsfulle la i veg på sykkeltur,
men det var ei trykkande stemning i lufta:
Vi kjente uroen stige i kroppen.....
Kva var det som venta oss?

Strynefjellet er ikkje berre godt eigna for fotturar (eller skiturar), men det er også eit godt utgangspunkt for å ta sykkelen i bruk. Skal du ha ein sykkeltur i fredfulle omgjevnader, vil eg ikkje akkurat tilrå å sykle hovudvegen, men du treng ikkje ta lange avstikkaren før du er inne på atskilleg rolegare vegar. Til dømes vil det vere ein fin sykkeltur å sykle langs Gamle Strynefjellsvegen (27 km frå Grotli til Videseter). 

Eller du kan gjere som vi gjorde, sykle på Gamle Geirangervegen. Startar du frå Grotli Høgfjellshotell, er det 14,2 km fram til Langevatn, der du kjem fram til krysset der du i dag køyrer ned til Geiranger. Vi starta frå hytta vi oppheldt oss på, og sykla totalt 14 km t/r. Turen går i relativt flatt lende og passer derfor også godt for barn (og det er dessutan ingen/minimalt med trafikk). 

MEN; berre for å ha advart dykk - det kan bli ein svært så spanande og bokstaveleg talt spøkefull tur - det fekk vi erfare!!!!! 

Nokre av dykk hugsar kanskje at det for nokon år sidan var eit vikepliktskilt med spøkelse på når du køyrde over Strynefjellet. Dette skiltet er no vekke, men det hadde sitt opphav i ei historie: Det vert sagt at vegvoktarkona Kari går igjen ved Lægerhytta. Dei "lærde" strides om dette er sant eller ikkje, og fareskiltet er no i alle fall vekke. 



På vår sykkeltur, skulle vi sykle forbi nettopp denne staden, og sidan det var ei trykkande stemning i lufta, følte vi nesten på oss at noko ville skje. 

Likevel torde vi å ta ein stopp for å kikke nærare på Legerhytta til Skjåk Almenning. Denne har 8 sengeplassar, og kan leigast: 



Etter stoppet ved Legerhytta, ville eg ta eit bilete av sykkelen min på vegen før vi sykla vidare. Eg sette opp sykkelen, tok biletet, men då eg skulle sjå på det, fekk eg mitt livs største sjokk...... ein skygge av ein person hadde "sett seg" på sykkelen. Eg såg berre føter og hender, men ansiktet var borte: 
Føter og hender, men ingen ansikt.....legg merke til hytta i bakgrunnen.....

Kva i alle dagar var dette??????? Spøkelse!!! 

Det gjekk skjelvingar gjennom kroppen, og vi sette oss på sykkelen og la av gårde. Etter 100 meter kom vi til ei ny hytte på andre sida av vegen. Vi måtte få igjen pusten og torde oss på eit lite stopp for å ta bilete av den flotte hytta. Men så skjedde det.......

I det eg tok biletet, oppdaga eg to hender som vifta bak hyttehjørnet:

Og ikkje mange sekundane etterpå, sto ein mørkkledd og tildekt "person" foran oss:

Eg kan ikkje seie anna enn at vi kasta oss på syklane, og sykla det vi greidde attende til hytta! 

Men bortsett frå det, så var vi einige om at vi hadde hatt ein fin tur :)

8 kommentarer:

  1. Hehe så morro! :D Hørtes ut som en fin og ikke minst spennende tur! ;) Fine bilder!

    SvarSlett
  2. Heisann Liv Janne! Tusen takk for koselige kommentarer fra din kant. Jeg har vært innom deg flere ganger den siste tiden sånn innimellom. Blir like bergtatt av alle innleggene om den ene flotte turen etter den andre. "Skal bare" før jeg kommenterer. Neste gang jeg er inne er det flere innlegg igjen :D Dere er jammen sportye og spreke, mange fjellturer på dere 4 denne sommer'n!

    Jeg hadde ferie, men satt alarmen på og hørte på dere på radioen fra Kletten :) Veldig artig og så flott at du får denne oppmerksomheten. Bloggen er en flott inspirasjonskilde og informativ om ulike turforslag. Lykke til videre! Koser meg med bloggen din jeg også ^_^

    PS - vi har fått ei Måløydame som er kiropraktor, så behandlingen foregår her i sentrum. Blir vel turer til tannlegen i Førde med eldste jenta mi fremover, så skal se om vi får legge inn et stopp og prat over kaffikoppen også ;) Er allerede mye bedre, så håper på mye go'vær og turer fremover. Jeg er overbevist om at plagene skyldes for lite turer i fjellet denne sommer'n. For mye tid på ræva O_O

    Vi snakkes! :))

    SvarSlett
  3. HeI Vi var ein gjeng som kjørte forbi denne hytta for nokre daga sida, og tok svipturen opp om. Vi såg desverre ingen ting. Men du hadde no fått noken sikkellige bling skudd av "spøkelse" haha ;) . Men du, om du ser på bilde der "spøkelse" er bak huset, sjå i vinduet. der ser du eit kvinne ansikt.

    Hilsen Elisabeth

    SvarSlett
  4. Bodde der en uke for leeenge siden. Var leid gjennom Statens veivesen som eier den. Så ikke noe til spøkelset, men hytteboka satte fart i fantasien til en 12-åring!

    SvarSlett
  5. Skiltet drev og ble stjålet, derfor gadd de ikke å sette det opp igjen. Ingen vet om det er mennesker eller spøkelser som stjal den.

    SvarSlett
  6. Skiltet drev og ble stjålet, derfor gadd de ikke å sette det opp igjen. Ingen vet om det er mennesker eller spøkelser som stjal den.

    SvarSlett
  7. Det er hytte nr 2 som det tidligere var trekanta fareskilt på. Var der på begynnelsen av 90-tallet og da var det også informasjon om hendelsene på tavla der. Det var også satt opp bord og benk med nvitasjon til å ta lunsjen der om en turte, men måtte være obs på at glass kunne knuse og annet kunne bli splintret ;-)

    SvarSlett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!