tirsdag 13. august 2013

På merka tursti til Vindkjegla (688 moh)

I Naustdal har dei gjort ein fantastisk jobb med å merke fleire turstiar (sjå facebooksida "Merka turstiar i Naustdal"). På høgdegarden Kringla vest for Naustdal sentrum, er det merka 3 ruter: Steinkorsen, Blåfjellet og Vindkjegla. Eg har vore på Steinkorsen mange gonger, Blåfjellet 3 gonger, men på Vindkjegla hadde eg endå ikkje vore.

Då det baud seg ein sjanse for ein kveldstur heilt åleine, dog med regn og tåke langt nede i fjellet, fann eg ut at det var ein grei dag å prøve ut turen til nettopp Vindkjegla (688 moh). Eg håpte at knappe 700 moh var under tåkenivå, slik at det kunne bli ein flott tur.

God merking gjorde det lett å finne vegen, og med lettgått terreng var toppen nådd på under ein time. Var heldig og hadde opphaldsvær heile vegen, og tåka letta slik at utsikta nærast var fullkomen! Fin, fin kveldstur med andre ord! Og ein ny topp kan kryssast av på "to do"- lista :)

God merking er kjempeviktig.
I Naustdal har dei skjønt det!:)

Ei handfull molter og litt til,
 sørgde for dagens dose med C-vitamin!
Valgets kvaler: Kor skal eg gå? Til venstre på trygge og kjende stiar der eg har gått "tusen gonger" før?
Eller til høgre for "jeg trenger en ny vei nå"?

hvor skal du gå
når alle veier fører til en vegg
og i den veggen er et lite søkk
fra gamle møter med ditt hode?
hvem hører du på
når alle snakker sant og sier hør
og du har hørt det tusen ganger før?
og du lurer på
hvor skal du gå?
du trenger en ny vei nå

(frå sangen "Alle snakker sant" av Siri Nilsen)
Her er det vel bokstaveleg talt snakk om
"å fyre for kråkene"! ;)
Innlegg om andre turar i same området:

Eit kartutsnitt som viser turområdet: 
Turen starta på Kringla - gjekk så til Kringestølen og Mallasvikstølen. Rett etter Mallasvikstølen er stidelet mellom Steinkorsen og Vindkjegla. 

2 kommentarer:

  1. Kjempebra blogg!!! Flotte bilder og faktisk ein inspirasjonsblogg !! Eg kjem innom att!
    Du er også velkommen innom sida til fotballen i Naustdal, mykje kjekt å sjå der òg :)

    Mvh Frank

    SvarSlett
    Svar
    1. ........... sida til Tambar Fotball: http://www.klubbinfo.no/tambar

      Slett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!