tirsdag 13. august 2013

Kveldstur: Massbu - Kringlene - Eitrenipa


Kveldsstemning over Dalsfjorden: du skimtar så vidt Dalsfjordbrua.
Fløyen over Heileberget er den spisse toppen til høgre. 

Steffen har vore på kjempefin kveldstur i frå Laukeland i Gaular (nordsida av Dalsfjorden), via DNT-hytta Massbu, til Søndre og Nordre Kringla, og vidare derifrå til Eitrenipa - med retur same veg. 

Kveldane er no kortare, så det var byrja å bli mørkt då dei køyrde ned att til Laukeland (som bilete over viser). 

Fyldigare bilete- og turreportasje kjem seinare!

Panoramabilete frå oppstigninga til Nordre Kringla:
vi ser mot Laukelandshesten (til høgre) og Blegja og Storehesten i bakgrunnen


DNT-hytta Massbu med Søndre og Nordre Kringla i bakgrunnen. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!