mandag 5. august 2013

Kveldsstund på Stehoggestølen


Av og til er det kjekt å ta med seg kveldsmaten og nyte den ute i det fri. Samtidig er kvelden den tida på døgnet då det byrjar å minke på kreftene etter ein lang dag i barnehagen. Då er det greitt at det ikkje er så altfor langt til turmålet heller. Stehoggestølen i Naustdal er derfor eit glimrande turmål for ei slik kveldsstund: ein drøy kilometer i lettgått terreng (skogsveg) er ein passeleg tur for dei som er 2 og 4 år! Og endestasjonen er eit flott stølsområde med mange godt vedlikehaldne sel, der det er mykje spanande å utforske.

For meir informasjon om turmålet, kan du lese mitt tidlegare innlegg om tur til Smådalsnipa. Nytt av året er at heile turen til Smådalsnipa no er skilta og merka. Det foregår eit stimerkingsprosjekt i Naustdal der dei har merka fleire flotte turmål i kommunen. Meir informasjon finn du bl.a. på facebooksida: Merka turstiar i Naustdal. Det har blitt gjort ein fantastisk jobb som forhåpentlegvis medfører at fleire kjem seg ut på nye og spanande turmål!

Ved start på Kleppstølen er det merka til Smådalsnipa 3,6 km
Nesten framme på Stehoggestølen, fortel skiltet at vi har 2,5 km
att til Smådalsnipa. Det betyr at vi har gått 1,1, km. 


Nokre av dei fint vedlikehaldne sela på Stehoggestølen

Mykje spanande som skal utforskast samtidig som vi et kveldsmaten.... litt klatretrening får dei med på kjøpet!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!