torsdag 29. august 2013

Kjelstad skog- og natursti - ypparleg for dei aller minste!

Flott utsikt over Hestadfjorden ved den gamle gardfloren - nest siste post på naturstien
Denne gongen vil eg tipse om ein tur som eignar seg svært godt for barn - frå 2-års alder og oppover. Turen er om lag 2 km samla sett og går delvis på skogsveg og delvis på sti. Undervegs går du forbi 9 naturstipostar - noko som gjer heile turen til ei spanade oppdagingsferd: "Kvar er neste post?", "Kven blir førstemann til å finne den?". Naturstiar er i det store og heile ei svært god oppfinning med tanke på å motivere barn til å gå på tur! Så dagens turtips er: Kjelstad skog- og natursti!

Sjølv om turen er i nærleiken av min barndomsheim, og har vore der i fleire år, så var det faktisk første gongen eg gjekk der forrige laurdag. Stien vart faktisk etablert allereie i 1995, men vart opprusta i 2009/10.

Med oss på tur hadde vi mormor, ei tante og 2 søskenbarn av Sanna Oliva og Bendik Matias. Det å ha selskap av andre på turen, og særleg andre born, er også ein motivasjonsfaktor. Så her hadde vi minst 2 store motivasjonsfaktorar for at det skulle bli ein vellukka tur! I tillegg skein sola, og det var varmt og fint.

Slik finn du fram:
Kjelstad ligg omlag 10 km aust for Sande sentrum på RV 610, mellom Sande og Hestadgrend i Gaular kommune. Det er laga til parkeringsplass med informasjonskilt ved startpunktet, så det er lett å sjå kor turen startar. Det er skogsbilveg første kilometeren fram til du kjem til ein rasteplass kalla Botnen som også er høgste punkt på stien (ca. 275 moh). Her er det laga til ein stor, flott gapahuk med plass til maaaange, og i tillegg er det sitjebenkar og bord utanfor gapahuken. (Funksjonshemma får lov å køyre bil opp skogsbilvegen slik at dei kan ta seg fram til rasteplassen).

Frå Botnen går stien vidare søraustover gjennom skogen, delvis på gamal hesteveg og delvis på gamal sti, før ein til slutt er nedatt til nedste svingen på skogsbilvegen. Samla distanse ca. 2 km. 9 postar med orientering om kva ein ser - ei tjøremile, Storefurua, grov tømmerskog, tåfloren, gamal køyreveg m.v. - og du får også orientering om skogen si rolle i ulike samanhengar, dyreliv, fugleliv m.v.

Nedanfor tar eg deg med på litt av turen og håpar det vil freiste til eit besøk: 

 
Ved parkeringsplassen står det fleire informasjonstavler: om skog- og naturstien og ein nymerka sti mellom Kjelstad og Skudal.



Første post på naturstien er ei gamal tjøremile med 2 murar i kileform og grop i midten. Det vart truleg brent mykje tjøre på Kjelstad på 15-,16- og 17-hundretalet. I eit dokument frå ca. år 1600 vert garden faktisk kalla Thierestad.






Går du vidare på stien, kjem du til den kanskje mest kjende "attraksjonen" på naturstien - nemleg Storefurua:
Storefurua - så stor at du ikkje greier å fange heile med kameraet, men veldig kjekk å klatre i!
Storefura er målt til 10,42 kubikkmeter med ei høgde på 24 meter og tverrmål i brysthøgde på 1,07 meter, dvs. omkrets på 3,35 meter i brysthøgde! Fura har truleg ein alder på 350-4000 år. Fura er endå frisk i baret og legg litt på seg kvart år. Den er ikkje offisielt freda, men eigarane har i fleire år "freda" henne sjølv.

Skogsvegen på Kjelstad, er også utgangspunkt for andre flotte turar: merka rute til Skudalen, og tur til Kjelstadstølen og Kjelstadnakken. Ein flott rundtur er å gå opp på Kjelstadnakken, ned att til Skudalsstølen og Skudal, for så å kome attende til skogsvegen på Kjelstad: 

(Vi har omtala tur til Kjelstadnakken her, men då med startpunkt frå Førde-sida av fjellet)

Om lag midtvegs på turen kjem du til rasteplassen på Botnen, og her kan du nyte nista di i eller utanfor ein beundringsverdig flott gapahuk: 
I denne gapahuken på Kjelstad skog- og natursti er det plass til mange!
Frå rasteplassen går turen vidare på tydeleg sti gjennom granskog og gamal hesteveg: 
Fleire stader var det hengt opp refleksar i trea, så denne turen kan truleg også takast som lommelykttur når haustmørkret kjem sigande!

Vi er nesten ved vegs ende då vi kjem ned til den gamle gardfloren som er ca. 200 år gamal, bygd av grovt tømmer skore på oppgangssag. Det var plass til 12-14 storfe i floren. Frå 1946, då stølsdrifta vart nedlagd, var floren i bruk heile sommaren. Dyra gjekk då skiftevis på kulturbeite og i utmarka. Siste året floren var i bruk, var i 1971, då vart det slutt på handmjølking.

Ved aller siste post på turen, går vi over ei bru - skal tru om det er noko troll under brua?

"Kven er det som tramper på mi bru?"
 Fleire stader var det plassert stolar skjært ut av store furuer:
"Eg er kongen i skogen!" seier Bendik Matias
Takk for turen og velkomen tilbake!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!