mandag 19. august 2013

Besøksrekord på bloggen etter radiointervju!

"Ho elskar fjellet - no vil ho inspirere andre fjellgeiter gjennom bloggen sin!"

Medan vi har hatt hyttekos og flotte turar på Strynefjellet i helga, har det rasa inn med besøkande på bloggen! Veldig moro!!! Frå å variere mellom 150-200 innom dagleg, var det plutseleg over 1100 sidevisningar på laurdag:



Grunnen er enkel: Torsdag morgon var eg og Sanna Oliva på tur på Kletten i lag med NRK Sogn og Fjordane. Vi vart intervjua på direktesendt morgonsending, og i løpet av helga vart det lagt ut nettartikkel med link til bloggen: http://www.nrk.no/sognogfjordane/blogg-om-fjell-1.11187460

Eit lite utdrag frå artikkelen:

Det er kanskje ikkje alle som tykkjer det er like enkelt å motivere borna til å vere med ut på tur, men Jonstad har fleire råd for å få ungane med.

– Vi prøvar å gjere mykje av turane til leik. Her på Kletten er det klatretau, disser, og stokkar som ungane kan balansere på. Så har eg alltid med noko godt i sekken. Når eg spurde kva Sanna Oliva likte best med å gå i fjellet, svara ho at det var å få sjokolade, seier Jonstad lattermildt.

Radiointervjuet kan du høyre her (3 innslag): 
(Innslag nummer 9, 13 og 16 Turglade Liv Janne Bell Jonstad)

Direktesending frå Kletten klokka 08.10.
Strålande utsikt over vakre Førde!

Ei artig oppleving for både meg og Sanna Oliva - må innrømme at eg hadde litt sommarfuglar i magen! Og veldig kjekt å få så god oppslutnad om bloggen. Bloggen er jo nettopp meint for å motivere og inspirere andre til å kome seg på (varierte) turar! Og for oss sjølv vert også bloggen ein fin dokumentasjon, og nærast som ei dagbok, over kva vi har drive med. 
Takk til Tone Lin og NRK Sogn og Fjordane for ei uvanleg, men svært kjekk turoppleving!
Håpar at nokon av dykk som har klikka seg inn via nettartikkelen også får lyst til å følgje med på bloggen vidare! Fleire nye likarar har kome til på facebook-sida, og har DU lyst til å bli oppdatert når det kjem nye innlegg på bloggen, så gå inn og lik facebooksida her. Eller du kan lagre sida som favoritt på nettlesaren din :)

Og takk til dykk som legg inn hyggjelege kommentarar på innlegga mine:)
Eg vert alltid glad for tilbakemeldingar!

For øvrig kan eg til slutt nemne at turaktiviteten har vore stor i det siste, noko som har medført at vi er litt på etterskot med innlegga til turane. Det er tidkrevjande både å gå turen og deretter skrive om turen! Men i tida framover kjem det oppdateringar frå turar i sommarferien, topptur på Gottopphesten på Gaularfjellet, Middagsfjellet og Sandalsfjellet i Jølster, sykkelturar og barnevenlege turar på Strynefjellet. Så her er det berre å følgje med :)!

1 kommentar:

  1. Så kjekt at dokke fekk litt oppmerksomhet om bloggen og at dokke vil motivere folk til å ta med barn på tur. Dokke er virkelig flinke til å få men ungene og inspirerer mange! Sjøl så prøver eg å inspirere min lille til å like utelivet og turer, og håper at når han blir større at han fremdeles beholder sin turlyst :))
    Keep going!!

    SvarSlett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!