onsdag 21. august 2013

4 stølar i eitt jafs!



Ein spontan kveldstur på meg og minstemann! Med regn og skodde langt ned i fjella, fall valet på ein tur som går langs skogsveg.

Turen til Grimsetstølane i Naustdal er blant dei turane som inngår i stimerkingsprosjektet i kommunen. 4,5 km på lettgått skogsveg (9 km t/r), og du passerer heile 3 stølar før du kjem fram, så her får du loggført 4 stølar på 1-2-3!!! Og som skiltet over viser, så er det ein tur du også eignar seg som sykkeltur.

Vi har gått denne turen fleire gonger, og eg trudde eg hadde blogga om den, men den gang ei! Så derfor på tide med eit innlegg om turen. På grunn av været, var det ikkje så enkelt å ta så mykje bilete, men eit lite inntrykk får de no likevel.

Slik finn du fram: 
Kjem du frå Førde, kan du køyre opp til bossplassen på Klopstad i Erdalen, og vidare på privat bomveg (avgift kr. 10) over til Åsedalen. Ta så til høgre, køyr eit par hundre meter, før du tar til venstre ved skilt merka Kleppstølen. Etter dei første bratte stigningane, flatar vegen meir ut, og du finn skilt til Grimsetstølen på høgre side. God plass å parkere.

Kartutsnitt som viser start og sluttpunkt for turen. Frå Naustdal kan du køyre innover Naustdalen og ta opp til høgre til Åsedalen. 


Huksetstølen er den første stølen du kjem til - her ligg det fleire stølshus på rekkje og rad.
Åsestølen er støl nr. 2 - den ligg nokre hundre meter til høgre for skogsvegen. 
Støl nr. 3: Sollidstølen - her er det berre murrestar igjen av dei stølane som ein gong har stått der.
Grimsetstølen som den 4. og siste i rekkja. Postkasse med bok er lagt ut som ein del av stimerkeprosjektet. 

Bendik Matias var ein turkompis i strålande humør og fryda seg stort over alle kyrne vi passerte undervegs og talte i veg: 1-2-3-4-5-6..... og heilt til 20 kom vi. Litt usikker på om det var rett tal, men det var ikkje så nøye;) 

På veg attende kunne han fortelje: 

"Det var kjekt på tur!" 

"Kva var det som var kjekt då?" spurde eg.

 "Ehhh....ete sjokolade, knekkebrød og sjokolade!"
(mon tru om han har høyrt litt på systera si???)

Min gode, lille turkompis - blid og nøgd, klar for å innta knekkebrød!

1 kommentar:

  1. Kjekt å lese og få tips om turar! Turen til Grimsetstølane er også fin om våren før ein kan begynne å gå på fjellet. (Til Kallandstølen og Hydalen også). Du er heldig som har så kjekk turkamerat!

    SvarSlett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!