fredag 30. august 2013

Nedrestrandstølen - denne gongen i solskin!

Idyll langs Hestadfjorden denne siste helga i august-13 (tatt der vi parkerte bilen)
Tidlegare i sommar skreiv eg om tur til Nedrestrandstølen i ekte vestlandsvær (klikk på linken for fakta/informasjon om turmålet). Forrige laurdag vart denne turen gjentatt - men no i (nesten) strålande sol. Så her kjem derfor nokre bilete som (forhåpentlegvis) kan gje eit betre inntrykk av turen og turmålet!

Min vesle kompis, Bendik Matias, var turfølgje denne dagen.  På Nedrestrand heldt dei på med håslåtten - garden ligg flott på sørsida av Hestadfjorden i Gaular (www.nedrestrand.com). Fjellet bak er Årnesholten (765 moh) - eitt av mine 5 kvardagsfavorittfjell :)


Grønt og frodig var det i skogen - lett å gå på graskledd skogsveg og etterkvart tydeleg og tilrettelagt sti:



Om lag halvvegs, er det laga til flott sitjeplass med bord og benkar. Utsikta mot Hestadfjorden er upåklageleg!
Kjelstadnakken (1050 moh) er fjellet til venstre bak trea. 



Utsikt frå Nedrestrandstølen - Svarteknibba (1150 moh) i bakgrunnen. 

Bendik Matias studerer trea medan han nyt
nista si. 

Eitt einsleg sel på Nedrestrandstølen og murrestar etter ein annan bygning. Frå Nedrestrandstølen er det merka sti vidare til Årnesstølen. 
 Atter ein gong seier vi: Takk for turen - på gjensyn!

I morgon er det Førde Opp. 
Turboreven er på plass og tar i mot alle barn som vil vere med og vere heiagjeng
midtvegs i løypa. 
Der vert det grilling, vaflar, pinnebrød og masse aktivitetar.
Vi er klar - er dåke? 

Sjå fjorårets tur her, og turinformasjon, samt sangen min om Hafstadkleiva her :)

Elles så er vi komne opp i 99 likarar på facebooksida vår - kven blir nr. 100?

torsdag 29. august 2013

Kjelstad skog- og natursti - ypparleg for dei aller minste!

Flott utsikt over Hestadfjorden ved den gamle gardfloren - nest siste post på naturstien
Denne gongen vil eg tipse om ein tur som eignar seg svært godt for barn - frå 2-års alder og oppover. Turen er om lag 2 km samla sett og går delvis på skogsveg og delvis på sti. Undervegs går du forbi 9 naturstipostar - noko som gjer heile turen til ei spanade oppdagingsferd: "Kvar er neste post?", "Kven blir førstemann til å finne den?". Naturstiar er i det store og heile ei svært god oppfinning med tanke på å motivere barn til å gå på tur! Så dagens turtips er: Kjelstad skog- og natursti!

Sjølv om turen er i nærleiken av min barndomsheim, og har vore der i fleire år, så var det faktisk første gongen eg gjekk der forrige laurdag. Stien vart faktisk etablert allereie i 1995, men vart opprusta i 2009/10.

Med oss på tur hadde vi mormor, ei tante og 2 søskenbarn av Sanna Oliva og Bendik Matias. Det å ha selskap av andre på turen, og særleg andre born, er også ein motivasjonsfaktor. Så her hadde vi minst 2 store motivasjonsfaktorar for at det skulle bli ein vellukka tur! I tillegg skein sola, og det var varmt og fint.

Slik finn du fram:
Kjelstad ligg omlag 10 km aust for Sande sentrum på RV 610, mellom Sande og Hestadgrend i Gaular kommune. Det er laga til parkeringsplass med informasjonskilt ved startpunktet, så det er lett å sjå kor turen startar. Det er skogsbilveg første kilometeren fram til du kjem til ein rasteplass kalla Botnen som også er høgste punkt på stien (ca. 275 moh). Her er det laga til ein stor, flott gapahuk med plass til maaaange, og i tillegg er det sitjebenkar og bord utanfor gapahuken. (Funksjonshemma får lov å køyre bil opp skogsbilvegen slik at dei kan ta seg fram til rasteplassen).

Frå Botnen går stien vidare søraustover gjennom skogen, delvis på gamal hesteveg og delvis på gamal sti, før ein til slutt er nedatt til nedste svingen på skogsbilvegen. Samla distanse ca. 2 km. 9 postar med orientering om kva ein ser - ei tjøremile, Storefurua, grov tømmerskog, tåfloren, gamal køyreveg m.v. - og du får også orientering om skogen si rolle i ulike samanhengar, dyreliv, fugleliv m.v.

Nedanfor tar eg deg med på litt av turen og håpar det vil freiste til eit besøk: 

 
Ved parkeringsplassen står det fleire informasjonstavler: om skog- og naturstien og ein nymerka sti mellom Kjelstad og Skudal.



Første post på naturstien er ei gamal tjøremile med 2 murar i kileform og grop i midten. Det vart truleg brent mykje tjøre på Kjelstad på 15-,16- og 17-hundretalet. I eit dokument frå ca. år 1600 vert garden faktisk kalla Thierestad.






Går du vidare på stien, kjem du til den kanskje mest kjende "attraksjonen" på naturstien - nemleg Storefurua:
Storefurua - så stor at du ikkje greier å fange heile med kameraet, men veldig kjekk å klatre i!
Storefura er målt til 10,42 kubikkmeter med ei høgde på 24 meter og tverrmål i brysthøgde på 1,07 meter, dvs. omkrets på 3,35 meter i brysthøgde! Fura har truleg ein alder på 350-4000 år. Fura er endå frisk i baret og legg litt på seg kvart år. Den er ikkje offisielt freda, men eigarane har i fleire år "freda" henne sjølv.

Skogsvegen på Kjelstad, er også utgangspunkt for andre flotte turar: merka rute til Skudalen, og tur til Kjelstadstølen og Kjelstadnakken. Ein flott rundtur er å gå opp på Kjelstadnakken, ned att til Skudalsstølen og Skudal, for så å kome attende til skogsvegen på Kjelstad: 

(Vi har omtala tur til Kjelstadnakken her, men då med startpunkt frå Førde-sida av fjellet)

Om lag midtvegs på turen kjem du til rasteplassen på Botnen, og her kan du nyte nista di i eller utanfor ein beundringsverdig flott gapahuk: 
I denne gapahuken på Kjelstad skog- og natursti er det plass til mange!
Frå rasteplassen går turen vidare på tydeleg sti gjennom granskog og gamal hesteveg: 
Fleire stader var det hengt opp refleksar i trea, så denne turen kan truleg også takast som lommelykttur når haustmørkret kjem sigande!

Vi er nesten ved vegs ende då vi kjem ned til den gamle gardfloren som er ca. 200 år gamal, bygd av grovt tømmer skore på oppgangssag. Det var plass til 12-14 storfe i floren. Frå 1946, då stølsdrifta vart nedlagd, var floren i bruk heile sommaren. Dyra gjekk då skiftevis på kulturbeite og i utmarka. Siste året floren var i bruk, var i 1971, då vart det slutt på handmjølking.

Ved aller siste post på turen, går vi over ei bru - skal tru om det er noko troll under brua?

"Kven er det som tramper på mi bru?"
 Fleire stader var det plassert stolar skjært ut av store furuer:
"Eg er kongen i skogen!" seier Bendik Matias
Takk for turen og velkomen tilbake!

tirsdag 27. august 2013

38-årspresang: Hyllevandring i FANTAAAASTISKE Ålfotenmassivet!

Steffen bloggar:

No er det vel litt tidleg i livet for Liv Janne å  svare med at ho "har alt", på spørsmål frå ektemaken om kva gjebursdagsgåve ho kunne ynskje seg til 38-årsdagen. Men i staden for å spørre henne om kva ho ynskte seg,  tok eg ein annan vri - eg sa at ho skulle få ei gjebursdagsgåve finare enn ho kunne få kjøpt i nokon butikk, i alle høve om eg skulle sponse presangen. Og at det var eg som kom til å velgje presang. Som sagt så gjort. Til søndag den 25. august, på 38-årsdagen hennar, fekk ho beskjed om å ha fjellsekken pakka for ein lang dagstur i kupert, steinvillt og lite besøkt høgfjellsterreng! Og ho var klar!

Grytidleg, til søndagstur å vere, var dei to smånurka våre leverte, tru det eller ei klokka teke i betraktning: blide og fornøgde, hjå besteforeldra i Førde - før klokka var 7 om morgonen! Like etter murra den firhjulstrekte motorvogna til Liv Janne taktfast og stødig vestover og ut av Førde kommune. Eg stilte som fartøysjef, gjebursdagsbarnet stod som 2.-flygar for servering av rykande varm kaffi og noko godt å bite i, langs med køyreturen i det kjempefine veret. Sol, sommartemperaturar - og vindstilt. Beint fram ypparleg fjellvêr!

Bilturen gjekk først til Naustdal - så vidare til Grov - Svelgen - og til Ålfoten. Ålfoten? Ja, til Ålfoten! For her ligg det litt av ei naturperle - ho er ikkje lita, ikkje skjult - men lite nytta av turgåarar, beint fram fordi ho er krevjande å ferdast i - men kanskje helst krevjande å navigere i, jamvel også i godver. Vi snakkar om fjella i Ålfotenmassivet - og dei uhyre karakteristiske fjellhyllene som naturen har velsigna oss med her, for millionar av år sidan. Desse gedigne fjellhyllene skulle få besøk av oss - og 14 andre svært spreke medgårarar frå Midtre Nordfjord Turlag i dag! Dette er ein gromtur som har stått på ønskjelista mi lenge - men ønskjelista mi for framtidige turmål er laaaaaaaaang som eit uår - pliktene elles er mange - og vêret på Vestlandet er ikkje alltid (les: aldri) på turgåaren si side. Derfor altså ikkje Ålfotenmassivet før denne dagen.
Men denne gjebursdagsdagen til Liv Janne klaffa ALT! Vi snakkar faktisk om at eg - og vi - denne dagen fekk oppleve den (kanskje) finaste fjellturen eg har gått i heile mitt (korte) 46-årige liv! 

... snaue to timar etter avreise frå Førde  ankom Suzukien med to forventningsfulle sjeler Ålfoten, til ei fortreffeleg morgonstemning og ro: Fjorden i Førdspollen i Ålfoten låg spegelblank, og sola skein over dei ville fjella som omkransa den vesle grenda; fjell vi skulle vandre og klyve i heile dagen. Dette berre måtte bli bra - det følte vi på oss båe to!



Etter å ha lagt 30 kroner i bomkassen, bar det vidare opp den etter kvart vidgjetne Førdsdalen i Ålfoten. Førdsdalen, i seg sjølv ei kjempeperle av ein dal, 6 km lang bilveg, og også fint råd å sykle til endes, sjølv om pukken i underlaget kan gje litt ekstra vibrasjonar her og der dei siste to kilometrane før vegs ende inst i Førdsdalen.


Og frå denne snuplassen, inst i Førdsdalen, starta dagens fjelltur på 8,5 timar og kring 20 km å gå. Lat oss sette støkken i deg med èin gong - ved å gjengi turskildringa turleiar Gunnar Bjørlykke i Midtre Nordfjord turlag hadde lagt ut på nett på førehand. Hald pusten - hald deg fast og hald tunga i rett munn:
Turleiar frå Midtre Nordfjord Turlag: Gunnar Bjørlykke
"Parkeringsplassen ligg i enden av Hylle 8. Planen er å gå til Hylle 7, opp Hylle 7 til vasstunnelane, deretter til Hylle 6, litt kliving til Hylle 5, Hylle 4, kryssa elva på bru nedanfor Firevatnet og litt oppover Hylle 3. Vi nøyer oss så med utsikta til Hylle 2 og 1. Følgjer så ei forkastningssone til Hylle 4 og Hylle 5. Langsetter Hylle 5 til det høgaste punktet der det er ein passasje med litt kliving til Hylle 6. Deretter går vi nokså greitt opp til Hylle 7, til Hylle 8 og opp til Hylle 9. Hylle 10 er då også innan rekkevidde om vi skulle ynskja å få med oss den. Så går vi "nedover" langs Hylle 9 til vasstunnelane på tvers av hyllene og tek oss der attende til Hylle 8 og Hylle 7. Så nedover Hylle 7 att til vi er attende der vi starta. Dette er planen, men det kan gjerne bli avvik. Heile rundturen er på eit par knappe mil, men den kan kortast ned om dette skulle ta for lang tid. Poenget er ikkje å gå lengst mogleg, heller ikkje å nå nokon topp, men rett og slett kosa oss i dette fantastiske terrenget som hyllesystemet utgjer. I tilfelle sikt kan vi ha von om å sjå både Hjelmevatnet, Hjelmen, Keipen, Plogen, Saga med Maritinden og Nipevatnet. Dessutan kjem vi i nærleiken av både Trevatnet, Firevatnet, Femvatnet, Seksvatnet, Sjuvatnet, Åttevatnet, Nivatnet og Tivatnet".

Enorme hyller sør-vest av Ålfoten - 10 i talet - som vi gjekk på oppdagingsferd dels på langs av og dels klauv imellom.  10-100 meter høgdeskilnad mellom kvar hylle. Hylle 10 ligg på kring 1000 moh




Lat det vere sagt med èin gong - dette er ikkje ein rutetrasè ein sit heime i ro og mak og stakar ut på kartet over eit par laurdagspils. Til det er hylleterrenget for komplekst, og kart fangar ikkje opp kva utfordringar som kan ligge mellom kvar høgdekote i kartet: Turleiar Gunnar Bjørlykke opplyste såleis at han, alt for fleire år sidan, var opp i desse fjellformasjonane for å gjere seg kjent og førebu seg til rolla som turleiar på hylleturane - og det aller viktigaste - finne stadar der det går ann å bevege seg opp og ned mellom dei kjempestore hyllene- med høgdeskilnader på 10-100 meter mellom kvar av hyllene. Særleg gjeld dette å komme seg mellom hylle 5 og 6 - av dei i alt 10 fjellhyllene. Hylle 10 ligg på kring 1000 meter. Å ferdast her krev kløkt, naturkunnskap og evne til å lese terrenget - og vertilhøva. Alt dette kan Gunnar Bjørlykke; og han delte villeg vekk av naturkunnskapane sine til oss alle på turen. Eit turleiar-eksempel til etterfølging!

Lat oss gå turen saman - hylle for hylle - legd for legd - gjennom nokre av bileta frå turen:

Inst i Førdsdalen: Oppstigning frå parkeringsplassen  nede  i dalen til høgre i biletet - og direkte inn på HYLLE 7 
 
Hylle 7 er den største av dei ti formidable hyllene - kring 8 km lang - og snaue 800 meter brei! Hylla endar direkte opp på toppvarden på fjellet PLOGEN. Som ein ser av biletet under heller hyllene også sideveis, og er overhøgda på kanten ned mot den nedanforliggande hylla.
Skulle vere lett å finne "si" hylle her i livet - med slike dimensjonar som det er på hyllene opp frå Førdsdalen i Ålfoten!
Men - fallhøgda er desto større om ein skulle bomme...
16 hylle-vandrarar på eventyrleg oppdagingsferd! Upåklageleg sommarver - nesten vindstille - og  tørt underlag gav god god friksjon mot berggrunnen
Frå Vasstunnelane på hylle 7, som er laga i samband med kraftutbygginga på 1950-talet, var det å finne rett nedgang til hylla nedanfor, hylle 6, og vidare heilt ned til hylle 3. Turens crux var heile tida å vite KVAR det var mogeleg å ta seg ned til neste hylle. Berre enkelte stader er dette mogeleg gjennom renner som må klyvast med stor varsemd. Men alt dette hadde turleiar Bjørlykke god kontroll på!




Dei to bileta over: Nedgang frå hylle 7 til hylle 6. 


Så sideskakke er hyllene at den høgaste med eitt er blitt logast! Nedjekka, kanskje...?
Mellom hylle 6 og 5 er det berre èin stad det er råd å komme seg mellom hyllene, utan bruk av hjelpemiddel som tau. Derfor ekstra stor varsemd her.



Tre dominerande fjelltoppar som hyllene vi gjekk på endar opp i/mot - SAGA - PLOGEN - KEIPEN. Alle toppane på vel 1300 meter. Ein annan topp vi såg til var HJELMEN (1215 moh), her heilt til høgre i biletet under.

Fjellet HJELMEN (1215 moh) (t.h.) ligg litt vest av hyllene vi gjekk i
HJELMEN
Nedanfor: Pinakkelen MARITINDEN i midten på biletet er mogeleg å klatre med sikringsutstyr. Hylle 7 endar opp i fjellet PLOGEN (toppen til høgre for Maritinden)


MARITINDEN (FOTO: Flickr)

PUHHH. Vi har teke oss ned til den nederste hylla vi gjekk på turen - HYLLE 3. Vegetasjonen tiltar for kvar hylle ein går ned - og på hylle 4 er det blitt ein grøn oase. Dessutan er det noko så spesielt som ei BRU her som vi nytta oss av.
Hylle 4 - med FIREVATNET. Kvar hylle har sitt talnummererte vatn
FIREVATNET - har bru (på andre sida av vatnet) over elva som renn ned i neste hylle


"Hemmeleg" fiskehytte for overnatting, under ein berghellar






LØKAVATNET OG HJELMEVATNET ligg nedanfor hylle 3.

Pause på hylle 3. Hjelmen i bakgrunnen
Utsyn mot Nordvest,  dvs i retning mot der turen starta i Ålfoten (bak og ned til høgre)

Frå hylle 3 startar så turen oppover att til hylle 4 - 5- 6- 7- 8- 9- og 10!!!!!










Fòrer  på tvers av lengderetningen på hyllene var spanande. Vi følgde fleire slike




Sandstein og konglomorat utgjer berggrunnen







Hylle 10 er forsert - og returen nedatt til hylle 7 - og langs denne og nedatt i Førdsdalen er i gong...Det er snaue 8 timar sidan vi starta på turen...







... ei eventyrleg oppdagingsferd i hyllene i Ålfotenmassivet er over. Ein fjelltur på kring 9 timar, snaue 20 km gange og 1300 høgdemeter stigning er unnagjort. Att står bilturen attende til Førde. Ein gjebursdagsdag til 38-åringen er snart over - og gjebursdagspresangen ho fekk vart godkjent!