tirsdag 9. juli 2013

Helleristningane i Ausevika - eit språk barn forstår!

Søndag - første helga i sommarferien, som varer i 4 veker. Jippi! Vi har bestemt oss for at vi 4 skal starte ferien roleg ved  å vere "rundt novene", med utflukter og småturar med basis i Førde. Så derfor - kvifor ikkje starte med ei oppdagingsferd til Ausevika i Eikefjorden i Flora kommune? For her, mellom Eikefjorden og Stavang, har vi mange gonger køyrt forbi eit serverdigheitsskilt som det står "Helleristningar - Ausevika" på. Dette var dagen for å utforske dette nærare. 

Ausevika ligg på sørsida av Høydalsfjorden i Florø kommune, og ligg på nordsida av Skålefjellet som reiser seg til 765 meters høgd. Fjellet dannar slutten på eit fjellområde som strekkjer seg heilt inn til Jotunheimen. 
Publikumsvenleg: informativ informasjonstavle, flotte brosjyrer,
gode informasjonsskilt undervegs, samt stor parkeringsplass og flott sanitæranlegg,
gjer dette til ei god og fin oppleving for store og små!

Helleristningsanlegget merka med tal, Støavika der vi rasta og Ausevikneset oppe til venstre der vi gjekk tur etterpå.
Statusrapport på vær og temperatur!


Litt fakta om Helleristningane i Ausevika:
Ausevik-feltet er eit av dei største helleristningsfelta i Noreg, og det nest største på Vestlandet etter helleristningsfeltet i Vingen. På feltet, som er i overkant av 1 500 m2, er det registrert meir enn 300 figurar. I tillegg trur ein at det kan finnast fleire figurar som i dag ikkje er avdekka. Motiva omhandler alt fra dyr og menneske til abstrakte figurar, men det er imidlertid hjorten som er oftast er teikna av. Det er tydeleg at dette dyret hadde ein viktig plass i jaktkulturen her for ca. 4 000 år siden. Dateringa er det usemje om - frå 4000 år f.Kr. til 500 år f.Kr. Mykje av feltet er sterkt utsett for erosjon og er dekt over.

Feltet er nyleg oppdatert med plattformer for publikum, parkeringsplass, flott sanitæranlegg og gangvegar. Det er også planlagt eit Bergkunstsenter her.


For våre små (og oss store) var det svært spanande å gå på den godt tilrettelagte gangstien, sjå på "teikningane" i berget og prøve å finne ut kva det skulle forestille. Føremonene med helleristningane er jo nettopp at ein ikkje treng å kunne lese for å forstå - her stiller vi alle likt: vi kan sjølve gje vår tolking av kva symbola skal forestille og lage vår eiga "historie".


Tolkingane av helleristningane er mange: Kanskje vart bileta laga som ei bøn til gudane om å gje dei ei rik jakt? Eller kanskje vart dei laga akkurat der mennesket ynskte å felle byttet, som eit middel for å lokke dyra i ei felle? Ein ristning viser ein hjort som blir jaga av ein hund, medan ein annan viser ein hjort i eit fangsnett. Andre ristningar kan vere menneske som dansar ein rituell dans. Kanskje det også som ein hyllest til gudane? Det er ikkje lett for oss i dag å forstå kva steinaldermenneska ville uttrykkje med bileta dei rista inn i berget, men vi kan forstå at jakt var ein viktig del av livet deira. Dei var prisgjevne naturen og alt kva den kunne gje. Og det mest dyrbare for menneska i Ausevik var hjorten.

Sidan hellesristningsfeltet ligg like ved sjøen, gjekk vi ned til sjøkanten og tok lunsjen vår i Støavika. Vi gjekk også ein tur ut mot Ausevikneset.

Fjæra i Ausevika ligg litt lenger vest enn sjølve Hellelristniningsfeltet


0




Motiv frå Ausevikneset





Rasteplassen vår - Støavika med fin utsikt mot Høydalsnipa (Håsteinen)


Fin-fin parkeringsplass og sanitæranlegg innbyr til mykje besøk. Takkar!
Ausevika ligg ca 15 km frå Eikefjorden,i Flora kommune, i retning Stavang.

4 kommentarer:

  1. Så flott opplegg som er laga til rundt helleristningane :) Tegninger er et universalt språk, og ikkje alders bestemt, noke alle kan forstå på sin egen måte. Tøft! ;))

    SvarSlett
  2. Så informativt! Tekst og bilder danner en helhet. Får jammen lyst til å besøke dette en gang. Og sier det igjen: Bildene i bloggen er bare så fine....

    Fortsatt god tur-sommer!

    Klem fra Ingunn

    SvarSlett
  3. Så flott!! og masse flotte bilder!
    SmilKKann

    SvarSlett
  4. Artigt. Og pene bilete. Må innrømme at dette er av dei stadane eg berre dreg til når vi får besøk og det skal takast ein tur for og sjå litt...

    SvarSlett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!