onsdag 12. juni 2013

Ytre Bremanger (4): Steinfjellet (637 moh) - fjernsynsmasta i Bremanger


Fjernsynsmasta på Steinfjellet - ved innløpet til Nordfjorden 

Vi forlenga Bremanger-helga vår med ein dag, og det var ikkje noko dårleg val, då dette viste seg å bli den aller finaste dagen, både vær- og temperaturmessig!

Dermed rakk vi også å ta turen på Steinfjellet (637 moh) der fjernsynsmasta - Bremangersendaren - står. No er eg jo ikkje alltid så glad i gå fjellturar på veg - det er i grunnen ganske kjedeleg! Det konkluderer eg med kvar gong eg går Hafstadfjellet frå Bruland i Førde. Noko anna er det likevel når du er i eit nytt turområde, og har eit nytt turmål i sikte. Dessutan er det ganske "sutalaust" å gå slik langsetter vegen - du slepp å tenkje på kor du set foten og kor stien går. Og om du i tillegg ynskjer å leggje inn eit ekstra trimgir, så kan du gjere det også!

Fjernsynsmaster er for øvrig godt synlege landemerker over alt kor du ferdast, og du ser dei på lang avstand. Folk har stort sett eit "forhold" til slike master, og veit kor det er, og derfor er det også litt kjekt å ha vore på slike toppar.

Svarstad - startpunkt for turen til Steinfjellet (og Vetvika)
Turen startar på Svarstad på Nordre Bremangerlandet. Det er faktisk same startpunkt som ein flott tur til Vetvika - ei nok ei idyllisk strandperle i Bremanger (skulle gjerne gått der også, men blei litt for langt denne gongen). 


Grusvegen opp til Steinfjellet er om lag 5 km kvar veg. Litt langt for dei to små t/r, så det blei kvar vår individuelle tur for oss vaksne. I mellomtida kosa dei små seg ute i sola: plukka blomster, inspiserte diverse landbruksmaskiner, gjekk på rusletur, mata sauer og pappa'en tok dei med på butikken for å kjøpe is. Dermed var alle partar svært så fornøgde!




Grusvegen har jamn stigning oppover, og følgjer elva eit godt stykke før vegen svingar mot aust og nordaust. Frå toppen har du eit majestetisk utsyn - mot Kinn ut for Florø i sør og Vestkapp og Kjerringa i Nord. Tidsbruk ein veg: ca. 1-2 timar avhengig av form.


Flott kulturlandskap i Bremanger - sjå den velbygde steinmuren - her har gamlekarane verkeleg lagt seg i selen!


Jamn stigning opp grusvegen - vi ser attende til Svarstad

3 generasjonar bygg: Bremangersendaren i sikte - vi er vèl halvveges til toppen!

Utsikt sørover: Ingenting å seie på utsikta her! Øyane vest for Florø ruvar over havflata. 

Vindmøllene på Mehuken ved Kråkenes til venstre i biletet.
Samfunna Vågsvåg og Sør-Våsøy mot fotografen

Måløy og Måløybrua til høgre
Og så var det tid for å gå ned igjen....
Vi ser mot Svarstad, startpunkt for turen. Fjernsynsmasta på toppen til høgre i biletet. 
Etter turen på Steinfjellet, måtte vi setje kursen attende til Førde og tilbake til kvardagen. Men først måtte vi lage oss litt middag. Det vart gjort på ein kjempeflott rasteplass i nærleiken av Rugsund - der vi hadde panoramautsikt mot vakre Hornelen:
Hornelen - Nord Europas høgaste sjøklippe! Eit fantastisk fjell å gå på... eller køyre med båt under, som fartøyet her.
Ruta opp til Hornelen frå nord går frå Hunskår, og startar like til høgre for høgre biletkant. 



I Wikipedia står det dette om Hornelen:
Hornelen (860 moh.) ligg i Bremanger kommune i Sogn og Fjordane og er den høgaste sjøklippa i Nord-Europa. I eldre tider kalla ein gjerne fjellet Smalsarhorn. Mange segner er knytt til dette fjellet og ifylgje nokre av desse er det ein samlingsstad for hekser både jonsokaftan og julaftan. Om den norske kongen Olav Tryggvason er det sagt at han var ein dugande idrettsmann. Han skal ha klatra opp bratthenget på Hornelen.Hornelen har lenge vore brukt som landemerke for skip som fór forbi. I fjellet er det ei stor steinblokk ein er redd skal rase ut i sjøen. Båtar som passerar skal av den grunn ikkje gje fløytesignal.Frå Berleneset er det om lag 4 timar gangtid til toppen.

For nokre år sidan gjekk vi på Hornelen frå Berle (frå sør mot nord). Dessverre var det litt tåke den dagen, så utsikta var ikkje den beste. Neste gong vi tar turen opp dit, ynskjer vi å prøve ruta frå Hunskår.

Og med dette har vi fått skrive om alle turane frå Bremanger- helga vår. Dei andre innlegga finn du her:
Veten
Kjerringehalsen fyr
Geitanipa

For oss vart denne Bremanger-helga som ein liten miniferie. Vi treng ikkje alltid reise så langt vekk for å få feriekjensla! Og når noko no spør dotter vår Sanna Oliva kor ho skal på ferie i sommar, svarar ho:

"Eg har vore på ferie......i Bremanger!"

1 kommentar:

  1. Kjempe flotte blogg du har her, som er kjekt å lese! får veldig lyst til å komme meg til fjells! Må sei eg misunner deg som kommer deg på så mange turer ! Nydelige bilder og veldig bra skrevet og beskrevet ;)
    Hilsen Åshild

    SvarSlett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!