torsdag 20. juni 2013

Vanskar i parforholdet? Ta eit opphald på Nipebu!

Berre for å ta brodda av alle eventuelle spekulasjonar med ein gong: 
dette er ikkje basert på eigne røynsler! :) 
- men eg kan likevel signere på at ein kjærastetur til Nipebu 
er ei god vitamininnsprøyting i parforholdet, 
også om forholdet er godt i utgangspunktet! 


Når ein besøkjer DNT-hytter, er det alltid kjekt å bla i hyttebøkene og skumlese litt for å få vite korleis folk har hatt det under opphaldet sitt. På turen vår til Nipebu i vinter, kom eg over dette fantastiske innlegget i hytteboka:

"Kjærlighetstur denne helga. Med et til tider strabasiøst forhold som mang en gang settes på prøve, satt vi av denne helga for å revurdere hele prosjektet. Men takket være en koselig hytte, mandig vedsaging og kvindelig kjøkkenkunst, fant vi tilbake til gnisten. Fantastisk å finne en så flott hytte! Nå durer det i peisen, morgenkaffien nytes og vind og regn overdøves av en altomfattende stillhet her til fjells. Livet settes på nytt i perspektiv, og to til tider selvopptatte studenter føler seg på ny ganske små. Men allikevel fullt til stede i en storslått katedral som er i ferd med å signalisere at vinteren er på vei. Livet, ja, selve livet kjennes på nytt ut som et mysterium. Takknemligheten er stor. Og kaffikoppen er tom. Og verden er våt."

Dette var skrive av den mannlege halvdelen i forholdet, og derpå den kvinnelege parten skriv vidare:
"....ja, ja, poetisk type han der. Ikke rart at ting kan bli krevende til tider!" 

MEN; ingen tvil om at opphaldet på Nipebu hadde skapt ny gneist i forholdet. Sjølv om paret signerte med fullt namn, skal eg ikkje gjengi det her. Eg kan likevel leggje til at den mannlege parten har besøkt fleire DNT-hytter enn dei fleste av oss, og derfor bør absolutt Nipebu og Indre Sunnfjord Turlag ta til seg skryten over hytta sine fasilitetar!!!!

Og sist, men ikkje minst:
"......og så levde dei lukkeleg alle sine dagar til døden skilte dei ad!"

Dette paret gifta seg sommaren etter opphaldet på Nipebu!

Så moralen er: 
Har du vanskar i parforholdet - ta ein tur til Nipebu!!!!

For øvrig, så er det vel mange som i desse dagar feirar bryllaupsdagar
- ein tur til Nipebu, kan jo også vere ein glimrande måte å feire den på!
Og berre for å ha sagt det: Eg og Steffen har 4-års bryllaupsdag i dag! :)
(Nipebu vart det ikkje på oss denne gongen, men vi feira med ein liten fjelltur)


2 kommentarer:

  1. Så herlig innlegg! Og gratulerer så mye med bryllupsdag, det er godt å være to ♡

    SvarSlett
  2. Gratulerer med dagen ! Her er ein stillfilm frå Nipebu eg har mekka i hop...:-)
    http://www.youtube.com/watch?v=_tx88BtbJis&feature=youtu.be

    SvarSlett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!