onsdag 26. juni 2013

Søkkvåte erfaringar - Kajakkurs med DNT i Bulandet

På veg mot Bulandet med feje - svært spente på kva helga vil bringe! Alden til høgre, Værlandet og Bulandet til venstre

JAAAAA - dette var gøy!!!!! Ein ny hobby og fritidsaktivitet kan skrivast opp på lista - kajakk-kurs var rett og slett rått! Og vått!!! 

Tenk, fredag kveld for snart to veker sidan sat vi spente og forventningsfulle i Floren til Liv Turid Gjørøy på "Liv og lyst" i Bulandet, åt fantastisk god fiskesuppe og høyrde på informasjon og instruksjonar frå dei to instruktørane. Og vi fekk klar beskjed:

"Viss dåke trur at dåke skal kome gjennom dette kurset utan å bli våte, så tar dåke fullstendig feil! Her må dåke rekne med å bli våte - ja, søkkvåte - gong på gong!"
Her skulle det trenast på å gå rundt med kajakken, kameratredning, kome seg opp i kajakken på eiga hand osb. Og som dei sa: "Det finnest dei som har padla kajakk i mange år utan å hamne i vatnet, men poenget med dette kurset er å lære kva du skal gjere om det faktisk skjer!". Så då var det berre å leggje seg fredagskvelden og rekne med at dette kom til å bli ei våt oppleving...... ikkje rart eg sov noko dårleg den natta!

Vi var 10 vaksne og 3 flotte ungdommar som skulle delta på kurset denne helga. Og sjølv om dei fleste ikkje kjende kvarandre frå før, så fann vi fort tonen og praten gjekk lett rundt bordet allereie første kvelden.

Eg og Steffen fekk æra av å bli installert på naustet "Bualemmen" - og der hadde vi rikeleg med plass å boltre oss på: soverom, stove, kjøkken, stort bad, hems med soveplassar - ja, det var skikkeleg luksus!
Stova i "Bualemmen"

"Bualemmen" frå utsida

Det var også pynta med flotte blomster!
Liv Turid Gjørøy (til venstre) sørgde for god oppvartning heile helga.
Blåbærpai, is og kaffi smakte fortreffeleg etter ein lang dag på sjøen!

Været viste seg frå si beste side: stort sett sol både laurdag og søndag, men noko sterk vind, 13- 15 m/s på søndagen. Det tok vi sjølvsagt berre som ei ekstra utfordring - fekk prøvd oss litt ekstra i bølgjene:)

Dessverre vart det ikkje så mykje bilete frå kurset - for sjølv om vi skulle utfordre det våte element, så var vi ganske sikre på at speilreflekskameraet ikkje ville bli nøgd med same skjebne.... Så derfor vart det først og fremst bilete frå land, og så har vi fått tilsendt nokre frå dei som hadde vanntette kamera med på turen (og ja: vanntett kamera står på ynskjelista...)
Vi mottek dei siste instruksjonane før vi skal ut i sjøen

Spent, men klar!



Steffen tar drop-out frå kaia (foto: Tor Magne Gangsøy)
Altså: Ei helg full av opplevingar, ny lærdom og masse moro: vi fekk prøve ting vi aldri før har gjort og vi fekk testa eigne grenser: om nokon hadde sagt til meg før kurset at eg skulle ta dropout frå kaia på fjære sjø, så hadde eg blånekta..... men eg gjorde det, og gjer det gjerne igjen!!!

Sist men ikkje minst: Med kajakk kjem du enormt tett på naturelementa - og du kan padle deg til viker, holmar og idyllar du aldri når til fots eller frå bubil.
Foto: Tor Magne Gangsøy

Takk til instruktørane Jørn Magne Larsen og
Oddvin Ravnøy for eit fantastisk kjekt kurs!

To nøgde kursdeltakarar som har våtkortet i boks!
Og her er heile den supre gjengen som var på kurs!
Takk for flotte dagar i lag! (foto: Marino Ask)

Lunsjen på laurdagen vart inntatt i nærleiken av desse to
damene på Hillersøy: Berte og Hansine



"Sjå deg ikkje attende" - men ingen regel utan unntak....
Dette skiltet møter deg når du kjem i land på ferjekaia i Værlandet



Alden med kvitt slør - slik det ofte er

Ved ferjekaia på Fure: Vi ser over til Atløy

Fleire bilete frå kurshelga og kursomtale finn du på sidene til Sogn og Fjordane Turlag

5 kommentarer:

  1. Kjempeflott innlegg, Liv Janne! Eg er enig i alt du skriv, det var ei veldig kjekk og minnerik helg. Og dette med at vi fann så lett tonen og hadde det moro i tillegg til at vi lærte noko nytt, var kanskje det aller beste. Det å ha kost og lsji hos Liv Turid, med den atmosfæren ho har skapt rundt seg, er også ein vesentleg suksessfaktor. Eg er så glad for at eg delto., Håpar mange fleire vil og kan få oppleve dette!

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, dette kan vi trygt anbefale vidare til andre! :) Og så reknar eg med at vi sjåast på fjorden, Anne Brit!

      Slett
  2. Så innmari kjekt det hørtes ut!! Og ei helg slik med overnatting hørtes ut som to fluer i en smekk ;) du er tøff som tok en dropp, veit ikkje om eg hadde turt... såg skummelt ut :-/ men virker som dokke hadde ei minnesrik helg og kosa dokke masse. Supert innlegg!! Og gratulere med vel gjennomført kajakkurs, og rekne med at det blir meir padling på dokke framover ;))

    SvarSlett
  3. Hei - så flott blogg du har - så moro med kajakk-kurs - jeg går også med tanker og drømmer om å komme meg i en kajakk, og har nettopp sjekket med den lokale roklubben - håper på kurs i løpet av sommeren. Du har en blogg jeg gjerne følger og ber om å få legge deg til i min bloggliste.

    KKann

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei - og takk for hyggjeleg kommentar! Sjølvsagt kan du leggje meg til i blogglista di :) Padling er absolutt å anbefale, så det er ein draum du må få realisert! ;)

      Slett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!