onsdag 5. juni 2013

Sesongopning på Jonstadstølen i Naustdal

Klar til avgang frå Reiakvamsløken ved Storevatnet.
For å kome til stølen, går vi til enden av vatnet + litt til (knappe 3 km).

Då er endeleg stølen vår gjort klar til bruk for sesongen 2013! Eg og Steffen tok turen ut i går for å ta av skoddane, lufte madrasser, dyner og tepper, vaske m.v. I tillegg gjorde Steffen ein formidabel jobb med å kløyve ved - så vi skal i alle fall ikkje fryse på stølen i sommar!

No gler vi oss til å ta med dei to små og håpar på ein aktiv bruk av stølen i sommar!

Denne gongen vart det berre nokre bilete med mobilen, og dermed blir kvaliteten så som så, men slik ser det ut på stølen nett no:

Stølskvia vår - full utlufting gjennom alle vindauge i selet!

Sauene har allereie inntatt stølen - dei kom gåande på rekkje og rad


Flott utsikt over Jonstadstølsvatnet - Dyrdalsknausen bak til venstre
Dessverre vart noko av stølsidyllen øydelagt av jamn dur av helikoptertrafikk gjennom dagen - der arbeidsfolk var i full gang med å setje opp dei berømte monstermastene. Vi får dei heldigvis ikkje rett gjennom stølen, men heller ikkje så veldig langt i frå (vi vil passere dei på vegen ut), så det blir spanande å sjå kor mykje naturinngrep det vert i området for å få desse mastene på plass.....

Vi håpar å kome attende med fleire innlegg frå turar til stølen i løpet av sommaren. I mellom tida kan du kose deg med eit par av dei tidlegare innlegga våre: juli 2008 og oktober 2010.

Og har du lyst å ta ein tur på Jonstadstølen, så er du hjarteleg velkomen! Det er ikkje altfor mange som tar turen ut i løpet av sommaren, så vi blir veldig glade når det kjem besøk :) Og kaffi skal du sjølvsagt få! Kanskje også med noko godt attåt....:)

1 kommentar:

  1. Ser ut som en veldig trivelig og koselig plass :) har dessverre ikkje tilgang på en slik plass sjøl, men det må være gull verdt å ha! Desse monstermastene er her også, går tvers gjennom bygda vår snart. Mange turplasser som blir berørte :(( men sånn er det når plattformene uti havet treng meir strøm....

    SvarSlett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!