tirsdag 11. juni 2013

Med turlaget til Askrova - den grøne smaragd

Utsikt frå Øskjerholten - vi ser ned i Valvika
I motsetning til naboøya, Svanøy, som er svært frodig, er landskapet på Askrova ope og fritt - øya har flott natur med ein rik blomsterflora og unike bergartar. Så medan Svanøy vert omtala som "Sunnfjords perle", så har Askrova fått omtalen som "den grøne smaragd!".  Når du kjem over Flora-øyene med fly, er det lett å finne Askrova på grunn av det spesielt grøne landskapet. 


Onsdag for knappe 2 veker sidan deltok vi på tur til Askrova i regi av Flora turlag. Turlaget har tysdags- og onsdagsturar kvar sommar, med turar til fleire av øyane ut for Florø. Felles for desse er at ein nyttar den ordinære rutebåten som legg frå kai kl 16.00, med retur frå øyane seinare same kveld. 
Eit nøgd par klar for å oppleve eit nytt turmål!

Til det kjem at det på Askrova er heile 9 km med veg, slik at også sykkelturar her ute kan vere vel verdt å tenkje på som alternativ eller i kombinasjon med trakking i terrenget.  Her er også innlandsvatn som går å fiske på. Skulle du bli svolten eller tørst - også på anna enn brus - er også det moglegheiter for dette, på den lokale nærbutikken & Pub'en, med altan lukst i fjøresteinane...




Florø by og øyane vestanfor
Men for oss var det fottur på Apostlane's hestar som gjaldt denne onsdagen. Rutebåten var framme i rett tid, og vi la frå Fugleskjærskaia i Florø kl. 16. Ein snau halvtime seinare, klappa vi på kai heilt sør på på Askrova, ved gjestehavna. Like ved der det går ei løftbar bru over til Tansøy - som berre ligg 20 meter unna Askrova! (sjå kart).
Den løftbare brua mellom Askrova og Tansøy

Vi nærmar oss Askrova - klar for tur!

Ved gjestehamna der ein legg i land er det kart og oppslag over turløypene, og det er råd å få utlevert kart i butikken. Ein held fram på hovudvegen mot Hammarseth, og då kjem
ein til første avstikkar til turløypa.
I flokk og fylgje - klar for tur på Askrova

Her går turen i merka sti og traktorveg mot første utsiktstopp - Skardet. Turen er lett og fin, ein brukar  om lag 50 minutt å gå fra butikken til Skardet. På Skardet, 219 moh ligg det ei turbok ein kan skrive seg inn i.
Grønt og frodig på Askrova. Alden - lett synleg i havgapet! . 

Ei ny form for T-merking av rutene? Eller i vakker dame med skjørt?
Vi lar fantasien råde...


Ope landskap og flott terreng å gå i - vi nærmar oss Skardet
Då er vi komne på høgste høgda - Skardet 219 moh! Vi ser mot Kinn og Reksta.


Flott utsikt frå Øskjerholten - Atløya, Tvibyrgje og Alden er øyane sør for Askrova.



Vil ein gå endå lengre på øya på langs, slik vi gjorde, kan ein gå vidare til Øskjerholten. På returen gjekk vi ned og på austsida av Hammarsetvatnet og sør om dette, før vi atter var attende på stien vi gjekk på veg nordover øya.
Det var laga flotte trapper som gjorde det lett å kome over alle gjerda


Ved Hammarsetvatnet - her er det også mogeleg å fiske. 



Tansøy




Vel attende ved gjestebrygga, vart butikken opna, og det var råd å få kjøpe seg noko ekstra godt i baren, for dei som ikkje skulle køyre heimatt! 

Omgrepet "after skiing" vart raskt omdøypt til "after hiking"!





Eit hyggjeleg gjensyn med Unni, LA9BGA
Vi traff også fleire kjentfolk på turen - m.a. Unni som til liks med oss er radioamatør. Kjekt å treffast "in the real life" også - og ikkje berre på radioen...;)









Slik var heile turruta vår denne dagen - samla distanse var om lag 10 km:
Start heilt i sør (nede i kartet), merka med lilla farge. Returløypa er merka med orange. 10 km totalt.

 Berre båtturen i seg sjølv er ei oppleving å ta med seg - spesielt i det fine været som vi hadde:

Ved kaia på Svanøy

Flotte Blegja ruvar i det fjerne  - Eitrenipa er fjellet til høgre.

Vi nærmar oss Florø igjen, og ser mot Terdalskeipen, Klauvekeipen og Haukånipa



1 kommentar:

  1. Det er så mange øyperler der ute som vi aldri får høyre om! Så kjekt å lese om dei via dokke og turer dokke tar. Den som hadd hatt et eget helikopter og kunne flydd rundt i vårt vakre land og tatt sånne turer...

    SvarSlett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!