søndag 23. juni 2013

Lysglimt frå jonsokaftan 2013!

Jonsokaftan 2013 starta med familietur til Botnavatnet i Angedalen. 

Jonsok, St. Hans eller Midtsommar om du vil
- kjært barn har mange namn!
Store forventningar til vær og vind
- blir det bålbrenning i år eller regnar vi vekk?

Jonsokkveld på Movatnet - 23.06.2013
For oss har årets jonsokaftan vore mangfaldig
- med bokstaveleg talt mange lysglimt i løpet av dagen:
lysglimt av glede og harmonisk familieturtid,
lysglimt av sola som openberte seg gjennom skylaget,
lysglimt av brennande bål, brudepar og folkemylder,
og til sist: lysglimt frå lynet med påfølgjande torden i kveldinga.

Med andre ord: ein dag med store variasjonar og vekslande (men lysande) stemningar
- nett slik som livet er!

Her er nokre lysglimt frå vår jonsokfeiring 2013:

Ved stølane på Vassbrekka, på veg til Botnavatnet i formiddag

Sjølv restar frå ein eingongsgrill
er spanande funn for småtroll!
"Kose nase, mamma!", seier Bendik Matias
Eit lysglimt frå sjølvaste livet - familiekos ved Botnavatnet!

Alltid vakkert å sjå fjella spegle seg i blikkstille Botnavatn!

På tide å gå ned Vassbrekka og tilbake til bilen.
Neste oppleving for dagen ventar om ikkje lenge...

Jonsokbruder høyrer med på jonsokaftan
- i år fekk vi oppleve to!

Jonsokfeiring med aktivitetar på Sunnfjord Museum i Movika - stemningsfullt og vakkert! Absolutt å anbefale!
Jonsokbålet vart tent ute på vatnet, og sola kom faktisk fram etterkvart!

Vert desse blomane lagt under hovudputa i kveld
- og dei får drøyme om kven som ein gong skal stå ved sida av dei som brudgom?

Barnsleg midtsommarleik!

"Ta sjansen" - no også på Sunnfjord museum

"Haisommer" i full fart på veg ut i vatnet! Fleire hundrede åskodarar!

Vi sitter i slørblå junikveld
og svaler oss ute på trammen,
og alt vi ser har dobbelt liv
fordi vi sanser det sammen. 

(frå diktet Junikveld av Hans Børli)

2 kommentarer:

  1. Det er alltid en fest å komme innom bloggen din, og disse lysglimtene var ikke noe unntak! Jeg merker både været og stemninga av bildene!
    Koselig det forrige innlegget også!
    Det blir mye turgåing på oss også, mest med barnevogn til de samme måla om og om igjen.

    Fortsatt god tur-sommer!

    Klem

    SvarSlett
  2. For en koselig dag! :)) ikkje slik ferirng her i bygda, blir mest lokale samlinger rundt et eller anna bål. Men kjekt å sjå at tradisjoner fremdeles blir holdt og brukt på slike dager ;) Takk for innblikket i ei heilt spesiell fering!

    SvarSlett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!