torsdag 13. juni 2013

Gulrot for små turføter: Premie for besøk av 5 DNT-hytter!

Alle mennesker - både små og store - treng tid om anna oppmuntring og motivasjon for å prestere eller nå mål. Mål ein sjølv har sett seg i livet, eller som andre kanskje meiner ein bør streve etter å nå.

Turistforeningen har innført ei slik gulerot, nemleg at små barn får premie for å ha besøkt eit visst tal ubetjente, sjølvbetjente eller betjente turistforeningshytter kring vårt langstrakte land - nesten 500 slike hytter er det etterkvart blitt. Les meir om DNT sitt hyttetilbod her
Endeleg har eg fått gått etter og funne ut kor mange DNT-hytter våre to små har besøkt. Barnas turlag sender nemleg ut premie til dei små håpefulle, når ein har vore på 5 hytter, og kan dokumentere dette i Fjellpassa ein får på turistforeningskontoret. Etter gjennomgang av fjell-logg og dagbøker, kan vi no sende inn 2 lister på Sanna Oliva (10 hytter) og 1 liste på Bendik Matias:
Sanna Oliva sine DNT-hyttebesøk kring i Sør-Noreg sidan august - 2010

Bendik Matias var på si første DNT-hytte i fjor sommar.
Vi rakk totalt 6 hytter i løpet av sommaren. 
Vi har tidlegare sendt inn 2 lister på Sanna Oliva - ho hadde besøkt 5 DNT-hytter allereie når ho var 6 månader. Då sendte vi også inn brev til Turboreven, og det vart også trykt i turmagasinet til Sogn og Fjordane turlag i 2010. Meir om det kan du lese her.

Sanna Oliva har no totalt 20 DNT-hytter på besøkslista si, medan Bendik Matias har 6.

Sanna Oliva prøver premien ho fekk tilsendt frå Turistforeningen - blå hyttenøkkel - etter besøk i 5 DNT-hytter.
Her ved den sjølvbetjente idyllen Sletningsbu ved Tyin, 3. august 2010.
Tidlegare har dei motteke både diplom, t-skjorte og DNT-nøkkel. Det blir spennande å sjå kva dei får denne gongen! Overraskingar i posten er alltid kjekt!

Framtidige turmål å strekkje seg etter - likeså! 

5 kommentarer:

  1. Fin påminnelse. Jeg må også få sendt inn en ny liste!

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, greit å få det gjort :). Ekstra stas for dei små!

      Slett
  2. Sååå bra!! Ja Barnas turlag er gull. Ekstra motivasjon er supert for de små :-)

    SvarSlett
  3. Så artig! Alltid kjekt med noe å strekke seg etter både for store og små. Mens jeg er i Kristiansund prøver vi å samle Stikkut-poster. Det er hele 150 fine turer i 13 kommuner i Romsdal og på Nordmøre. Lager nok et innlegg på bloggen etterhvert.

    Riktig god helg!

    Klem

    SvarSlett
  4. Eg berre må berømme dokke for kor flinke dokke er til å ta med ungene på overnattinger, bruke hytter osv. Virkelig flinke! :)) Skulle ønske eg var like flink, men å dra med 2 tenåringer som er trykkeglade og en liten på 1,5år aleine, er meir enn eg makter, dessverre. Eg får heller dra med lille når annledningene byr seg. Nok en gang, eg er imponert over dokke!! :))

    SvarSlett

Eg vert veldig glad om du har lyst til å leggje igjen ein kommentar når du har vore innom bloggen min! Og kom gjerne med spørsmål om turar og turmål :)!